Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mars 2009

Attende til hovudsida

Artiklar

Mars 2009

Mari-Anne Bjørdal

31.03.2009

Flaskeinnsamling til handballen

Handballgruppa ber no bygdefolket på nytt om flasker.
Vi er i farta 14. og 15. april og håpar mange kjøper inn drikke på flasker og boksar som gir pant til påska,
og at vi får tomgodset..

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

31.03.2009

Ungdomskveld på Hellesylt

Ungdommar i Hjørundfjorden er invitert til Hellesylt måndag 6.april til ein felles ungdomskveld med ungdommar frå Hellesylt og Stranda. Aldersgrense 15-25 år.

Dette er eit Bygdemobiliseringsprosjekt ilag med Hellesylt og alt er gratis inkl. reise.

Er du interessert så ring 90203236/SMS/mosveise@tussa.com eller skriv kommentar for å melde deg på. Det vert buss til/frå Lekneset og båt heimatt.
Sjå program nedanfor.

Les heile

Hilde Muren

31.03.2009

Ryddeaksjon vår 2009

Ørsta kommune saman med Retura Søre Sunnmøre (RSS) og Volda og Ørsta reinhaldsverk (VØR) inviterer i disse dagar grendalaga i Ørsta til ein ny ryddedugnad på bygdene i kommunenØrsta kommune saman med Retura Søre Sunnmøre (RSS) og Volda og Ørsta reinhaldsverk (VØR) inviterer i disse dagar grendalaga i Ørsta til ein ny ryddedugnad på bygdene i kommunen.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

31.03.2009

På "Heimen" førebur vi sommaren!

Ja no nermar vi oss sommaren , her er nokre glimt frå aktivitetar som vi hadde i fjor.
Her er eit bilde frå Rognestøylen, dei fleste av desse har nok setra før.
Her er litt av kvart frå ulike andre aktivitetar som vi kosar oss med i kvardagen på "Heimen".

Les heile

[4 kommentarar]

Fred Ingar Somby

31.03.2009

Tramping i New Zealand

Motsatt side av kloden, natt er dag, svanene er svarte, kjøring foregår på gal side av veien og omregistrering av bil koster det samme som en pose epler. I fjellene er det derimot ikke vanskelig å føle seg som hjemme..

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

30.03.2009

Med respekt for det frivillige arbeidet.

Hjørundfjord Bygdemobilisering har gjennom tre år jobba for å få ny giv i Hjørundfjorden og vi er no nære til å få eit resultat på Sæbø, men det er no opptil folk sjølve om dei vil ha utvikling eller det heile skal monne ut i å ri kjepphestar og å tenkje kortsiktig på sine eigne interesse…

Bilde t.h. er slik Lisje-elva såg ut i mars 07, før HB tok tak i Sæbø.
Foto Astrid Hustadnes frå bildegalleriet.

Les heile

[20 kommentarar]

Sondre Kristoffer Mo

30.03.2009

Livet ombord M/F "Eiksund"

Det er ikkje noko stress å jobbe ombord ferja i vinterhalvåret, her har ein mange pauser og hyggelige passasjerar. Samtidig tøffar Eiksund rundt på den vakre Hjørundfjorden..

Les heile

[5 kommentarar]

Hilde Muren

27.03.2009

Årets første hestehov

Liten og lubben og lysande gul stod den der i tørt gras frå i fjor. Årets første hestehov. Den fekk ikkje stå i fred, vi berre måtte plukke han.

Helsing Sæbø barnehage

Les heile

Knut Hustad

27.03.2009

Bakeriet opnar

Våren er her - og snart er kjem påska. Tirsdag 31. mars klokka 0930 opnar Strands bakeri på Sæbø påskesesongen...

Les heile

[2 kommentarar]

Jakob Hustad

26.03.2009

Norsk Musikk

Torsdag 2.april vil ungdomsskuleelevar ved Sæbø Skule presentere eit utval med norsk musikk, på Grendahuset. Dette vil vere eit program med live band, musikkvideoar, dans og akrobatikk. I tillegg vil det vere matsal.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

25.03.2009

Omkamp om regulerinsplanen

Heile 60 personar har underteikna eit protestbrev til Ørsta kommune om plasseringa av ferjekaia på Sæbø, men svært mange har ikkje i det heile sett dette brevet, stadfestar Bjarne Hustadnes(arkivfoto t.h), ein av initiativtakarane til brevet...

Les heile

[38 kommentarar]

Alexander Riise Olsen

23.03.2009

Tur til Irland

Fredag den 13. Mars var vi ein liten gjeng frå bondalen som drog til Irland for å være med på St. Patricksday feiringa.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

22.03.2009

PLASSERING AV FERGEKAIA PÅ SÆBØ.

Eg har fylgt med i diskusjonen på Hjørundfjordportalen om plassering av kaia, i utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å engasjere meg, heilt til no.

Etter mi meining må fergekaia leggast der den no er regulert, det vil seie i Sandvika.
Der er mange viktige grunnar for mitt syn.....

Bilde th. Fergekaia er innregulert ca.her bussen står og vert snudd ut frå land.

Les heile

[10 kommentarar]

Per Urke

24.03.2009

Bygg gondolheis til Saksa og djupvasskai på Urke

Det trengst eit krafttak for Hjørundfjord for å legge til rette for auka turisme. Å bygge gondolheis til Saksa og ei djupvasskai på Urke ville bli eit gigantsteg for å stimulere livskrafta for lokalsamfunna og regionen. Tiltaka er aktualisert gjennom diskusjonen om tunnel Velledalen - Urke - Viddal og vyer som formannskapet i Ørsta kommune nyleg drøfta.

Les heile

[33 kommentarar]

Hilde Muren

19.03.2009

Hugsar du.....

Vi har rydda i gamle bilder i kaketiner og skuffer, og gamle skattar dukkar opp og blir digitalisert. Litt vil vi dele med deg.

Les heile

[4 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

19.03.2009

Sunnmøre Festivalkor med Nordisk – Baltisk minikonsert

Sunnmøre Festivalkor består av songarar frå 13 kommuner i Møre og Romsdal. Fire gongar i året har koret øvingshelgar og denne gongen er øvingshelga på Sæbø. Koret ynskjer då Søndag 29.mars kl.16.30 å halde ein minikonsert i Hjørundfjord si storkyrkje som mellom anna er kjend for sin gode akustikk.

Bilde t.h. Hjørundfjord kyrkje okt.08

Les heile

Håvard Myklebust

17.03.2009

Hestefjellet 801 moh

Etter ein forholdsvis «dårleg» vinter(underteikna si meining), med forholdsvis lite snø og vedvarande skredfare, var sist laurdag eit unntak. Med knallblå himmel, sol og «påske-føre» er det få som ikkje kan unne seg sjølv ein tur på fjellet. Men utan turkamerat må dei aller gjevaste turane vente. Likevel var turen til Hestefjellet i Liadalsdalen meir enn godkjent...

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

17.03.2009

Dalegubben(III) - 1344 m

- Dette lille fjell bør man merke seg bedre enn hitil, skriv Kristoffer Randers.
Lite eller stort - eit fantastisk skifjell er i alle høve Dalegubben, også kalla Miendalstinden. Men så er det dette med skorpe på leverposteia, då...

Les heile

[10 kommentarar]

AnnHelene Wille

16.03.2009

Klede til Latvia

Helselaget arangerer 25 april innsamling av klede, sko og barneski(ikkje slalom) til Latvia. Det vert på Grendahuset mellom kl 13.00 til 16.00.Det er Lars Barstad som er primus motor,han vil vise lysbilder frå tidligere besøk i Latvia.
Vert matsalg,og inntekta går til innsamlinga.Du betaler kr 50 for sekken når du leverer.
Er det frivillige som vil vere med i starten av juli til Latvia, er det berre og kontakte Lars Barstad (begrensa plassar)

Les heile

[1 kommentar]

Roy Lillebø

17.03.2009

Sæbø grendalag

Grendalaget manglar 2 stk til styret. Har snakka med mange men det er ingen som kan tenkje seg å gå inn i styret.
Dersom det er nokon som kan tenkje seg å gå inn i grendalaget så kan Dykk ta kontakt med valnemda på mail:

saebogrendalag@yahoo.com

Vi må ha tilbakemelding før 21.03.09.
Skulle vi ikkje lykkast med dette så vil vi foreslå å leggje ned "grendalaget".

Mvh
Valnemda v/

Les heile

[5 kommentarar]

Perry Bjørke

14.03.2009

Marknad på Haukly

Den årlige Marknaden til Sjåstaddalen Frilynde Ungdomslag
blir arrangert på Haukly i morgon kl 13 (søndag den 15 mars)
Mange aktiviteter og mange fine ting som skal loddes ut på bok-tombola-lynlodd.
Flotte premier til dei beste i luftgevær og pilkast.
Kafe blir det med kake-rundstykker-vafler
Ta en tur til Bjørke

Velkommen
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.

Les heile

Knut Hustad

13.03.2009

Rause gåver frå SpareBank 1 Volda Ørsta

Torsdag tok Marknadsjef Lillian Breivik i SpareBank 1 Volda Ørsta på seg spanderbuksene. Ho gav heile kr. 75.000,- til Hjørundfjord bygdemobilisering og Sæbø skulekorps. På foto ser vi frå venstre: Ivar Svein Mo, Kari Stokke og Fredrik Jonan Mo og marknadsjef Lillian Breivik i sparebanken.

Les heile

[4 kommentarar]

Perry Bjørke

10.03.2009

BLUESKONSERT PÅ HAUKLY

The Red Roosters Blues Band held konsert på
Ungdomshuset Haukly onsdag den 11 mars kl 20.
Haukly Musikkverksted som held til på ungdomshuset Haukly
var så heldige at The Red Roosters Blues Band ville besøke oss og halde konsert for oss her inne på Bjørke.
Kaffi-sveler-vafler-brus kan du få kjøpt på kafen i pausa.
Gratis inngang (ta med familien på en koselig blueskveld)
Salg av den nye plata til Bandet.
Les meir om dei på heimesida deira
http://www.redroosters.no/
Alle (store og små) hjartelig velkomne
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag

Les heile

[2 kommentarar]

Siw Lillebø

10.03.2009

Små og søte Hjørundfjordingar

I dag var 6 mødre og 7 barn samla til småbarnstreff på Solstrand. Det er kjekt å møtast, både for liten og stor, og ei moglegheit for å verte betre kjent med kvarandre. 5 av oss damen er faktisk innflyttarar.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

10.03.2009

Inger-Marie Haaland vann

1000 km - ikkje meir, ikkje mindre. Så langt er altså den lengste varianten av Finnmarksløpet. Til høgre ser vi Roger Dahl på veg ut frå Neiden II - i verdas nordlegaste trekkhundløp. (Foto: Ole Johnny Myhrvold, finnmarkslopet.no)
Siste: Torsdag klokka 1910 køyrde Inger-Marie Haaland over målstreken i Alta og vart dermed vinnar av Finnmarksløpet - 1000 kilometeren...
Sjekk fotoserie til slutt i saka.

Les heile

[1 kommentar]

Gerd Sofie Langvatn

09.03.2009

Karneval

BFUL arrangerte karneval på Grendahuset i slutten av februar.

Les heile

Knut Hustad

06.03.2009

Snøhornet - 1308 m

Snøhornet er dette fjellet som ligg på tvers og stengjer for det meste der fremst framme i Bondalen, men vakkert? Absolutt, og orkar du å bakse deg nokre hundre meter opp gjennom bratt skogterreng får du etter kvart eit fantastisk skiterreng... (Snøhornet sett frå Tvergrova, Bondalen)

Les heile

[3 kommentarar]

Ivar Svein Mo

06.03.2009

Årssamling for Hjørundfjorden produsentlag

Hjørundfjorden produsentlag består av mjølkeleverandørane frå Bondalen og Norangsfjorden og tysdag 3. mars var mange av leverandørane ilaget, samla til årsamling.Og det vart som vanleg delt ut kvalitetsplakettar til gode mjølkeleverandørar...

Les heile

Kari Stokke

06.03.2009

Grasrotandelen

Leverer du tippekupong kvar veke, eller berre når det fell seg slik?

Har du ein liten draum om at du ein dag skal verte Lotto-millionær, slik som dei vert i Verdalen?

Statistikken går ikkje alltid vår veg, men frå 1. mars kan du, dersom du leverer tippekupong, vere med og bidra til at lag og organisasjonar du kjenner tilknyting til kan få ei kjensle av å ha vunne litt i Lotto, Tipping, Viking lotto, Joker, Oddsen, eller Keno.

Les heile

[2 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

05.03.2009

Kom å heie jentene fram til 3. divisjon!

Handballjentene er no på god veg til å til å spele i 3. divisjon neste sesong..

Kampen mot Haram går søndag 8.mars kl. 17.15
J16 møter Ørsta/Volda søndag 8.mars kl. 15.00
og IKKJE laurdag 7. som det står i Møre-Nytt i dag..

Les heile

Monika Riise

04.03.2009

Hjelpekorpset søkjer nye medlemer - Hjelp oss å hjelpe!

Kvar dag, heile året, er Ørsta Røde Kors Hjelpekorps klar til innsats. Med aukande tal aksjonar og utrykkingar er behovet for nye medlemar stort. Hjelpekorpsa i Møre og Romsdal arrangerer denne veka ein storstilt vervekampanje over heile fylket. Målet er mange nye medlemer.

Les heile

Siw Lillebø

04.03.2009

Småbarnstreff

Torine og mamma Siw inviterer til småbarnstreff heime hjå seg på Solstrand tysdag 10. mars frå kl. 11. Vi håper at andre som er så heldige å vere heimeværande med små barn vil kome og besøke oss.

Les heile

Enok Kippersund

03.03.2009

Slik er det berre?

I Redaksjon 1 i NRK 1 i går (måndag 2.mars 09)) var det Trygve Hegnar, Arne Strand og Carl I. Hagen som styrte debatten og fekk forme konklusjonen: I politikken gjeld det å vere tøff, steintøff (og smart). Ei slik "lære" er ikkje akseptabel. Eit demokrati skal ikkje vere kjenneteikna av "kalde skuldrar" og at det gjerne og helst går på dei verbale knytnevane laust. - Gjeld Hegnars ord om at "slik er det berre" også i lokalpolitikken? Kvalitetar som å vere sakleg, kunnskapsrik og orientert mot samarbeid, som omtanke og godvilje, tillit og folkeskikk - skal dei ikkje vere like viktige som å vere "steintøff"?

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

02.03.2009

Liahornet - 1036 m

Det har ikkje vore ideelt fjellvêr dei siste to-tre helgane, men likevel - ein kan vel knapt ha det betre enn Vegard Flø som til høgre er på veg ned frå Liahornet i snøkave sist laurdag...

Les heile

[4 kommentarar]