Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2009

Attende til hovudsida

Artiklar

Februar 2009

Perry Bjørke

28.02.2009

Open dag i Leiratunellen

I morgon Laurdag den 28 februar vil Mesta markere at dei er komne over halva inn i Leiratunellen.
Mesta byr derfor inn bygdafolket i Storfjorden til open dag.
Tidspunktet blir mellom 1130-1500
På grunn av sikkerheita må folk deles opp i grupper og folk må skrive seg inn i en protokoll før dei får gå inn i tunellen.
Det kan derfor bli ventetid når du kjem til Leira.
Les meir.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

26.02.2009

Bustader på Prestegardsmarka

Formannskapet gjev samrøystes klarsignal til at det kan regulerast bustader på Prestegardsmarka. Det er grunneigaren Opplysningsvesenets Fond som vil ha bustader der. Formannskapet sin motivasjon er at det kan gje ny busetjing og folkeliv (biletet) på Sæbø.

Les heile

[8 kommentarar]

Enok Kippersund

25.02.2009

Vi kan ikkje snakke med ein fjord!

Set hit eit klipp frå Aftenposten om at Geirangerfjorden kan bli vraka som eit av undeverka i verda. Dei som er i underverk-komiteen, hevdar at dei har ikkje nokon å snakke med som representerer Geirangerfjorden. "Vi kan ikkje snakke med ein fjord!" seier dei. - Koss er det her på våre fjordkantar? Kven snakkar ein med om Hjørundfjorden, for heller ikkje her har vel fjorden eige kontor eller telefon???

Les heile

Enok Kippersund

24.02.2009

By og land

For eit par veker sidan var det eit ope møte på Sæbø der ein m.a. kom inn på forholdet til BYEN, d.v.s. Ålesund. Koss har dette forholdet arta seg i praksis? Under byjubileet for nokre år sidan sa historikar Harald Grytten at utan omland ingen by d.v.s. byen kunne rekne omlandet som opphavet sitt. Kor mykje tenkjer ein på dette i dag? Og korleis kan tankane arte seg?

Kva er Ålesund for deg (oss? Kva er du (vi) for Ålesund?

Les heile

[3 kommentarar]

Svanhild B. Wille

19.02.2009

Sandvika - rekreasjonsområde

Eg ser at fleire refererer til Wille huset i debatten om reguleringsplanen for Sæbø. Det er eg sjølvsagt glad for, men eg syns der er mange fine hus i Sandvika, som er med på å skape dette spesielle miljøet.

Les heile

[7 kommentarar]

AnnHelene Wille

19.02.2009

Besøk på strikkekafen

Denne onsdagen inviterte vi Dalane strikkekafe på besøk.Peisestova på bedehuset var fylt opp av blide,pratande,strikkande damer i alle aldrar. Vi talde 59 stk,og 20 av desse var besøkande !!!!

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

18.02.2009

Større avling

Kanskje er det så mykje som 500 mål for lite dyrkamark berre i Bondalen. Difor gjekk mange gardbrukarar i går på kurs for å lære seg å produsere meir fòr på dei måla ein har...

Les heile

[7 kommentarar]

Knut Hustad

18.02.2009

Høgspent og vedfyring

- Nei, vi veit framleis ikkje kven som felte treet over høgspentlija i Bondalen i går, seier Tormod Eldholm ved Tussa vaktsentral, men det var fin sporsnø...

Les heile

Hilde Muren

16.02.2009

Barnehageopptak 2009/2010

Sæbø barnehage får mange ledige plassar frå 1. august. Frist for å søkje er 1. mars, og nye søkjarar nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn på heimesidene til Ørsta kommune. Det gjeld og barn som ønskjer å auke plass-storleiken sin eller som ønskjar overføring til annan barnehage.

Les heile

[1 kommentar]

Ole Martin Myklebust

12.02.2009

Reviderte teikningar

Etter å ha sett gode innspel frå Per Stein her på Portalen tidlegare i veka og frå Bjarne i Møre Nytt i dag vart eg inspirert til å leggje inn nokre endringar i dei teikningane som eg tidlegare er lagd ut her på Portalen. Vi har og fått tilsendt eit nytt utkast frå Vegvesenet ift. ei alternativ plassering i Sandvika som eg har laga nokre illustrasjonar på.

Les heile

[19 kommentarar]

Perry Bjørke

13.02.2009

Momsfritak på frivillighet: Ordføreropprop

Til alle kulturvenner og kulturarbeidera i Ørsta og Hjørundfjorden.
Eg fekk i dag en epost om momsfritak frå Frivillighets Norge
Eg tar oppfordringa og legg det ut på so alle kan bli med og støtte dette.
Mange har jobba i fleire år med fritak for moms til dei som driv frivilligt arbeid.
Får vi fritak nå?
For alle som driv og eig kulturhus vil det vere eit viktig bidrag og vil gjere det lettere å oppgradere husa og halde dei vedlike.
Lag som jobber for å lage til gamle kulturminner kan og spare store summer på kjøp av matriell.
Sammen er vi sterkere så klart.
Støtt saka

Les heile

Per Urke

12.02.2009

Det tapte slag, eller ???

Er det alt bestemt at høgspentlinja Ørskog-Fardal skal framførast som luftspenn? Er alle alternativ gjennomdrøfta? Denne saka har kanskje ikkje vore så heftig diskutert her på portalen.
Kanskje på tide med ein brannfakkel??

Les heile

[7 kommentarar]

Knut Riise

11.02.2009

Reguleringskart for Sæbø

Det er no litt gale å gøyme vekk planen, eller rettare sagt halve planen. Her er i alle fall heile reguleringsplanen.



Nils Taklo opplyser om at dette ikkje er gjeldande reguleringsplan. Den som gjeld for riksvegen er frå 1997 og der er riksvegen teikna inn ned mot sjøen på nordsida av Hjørundfjordheimen, der branngarasjen ligg. Vidare går den mellom Bellingen og FK lageret.

Den planen som her er presentert er eit forslag til reguleringsplan. Ei slik regulering tek vel også tid?

Les heile

[16 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

11.02.2009

Legestillingane utlyste

Ørsta kommune har no lyst ut legestillingane med utsett søknadsfrist for Hjørundfjorden og Vartdal, får hjorundfjord.no opplyst med helseleiar Frode Urke i dag. Stillingsannonsa er å finne på sidene til "Tidsskrift for den norske legeforening" Sjå annonsa her på portalen...

Bilde th. er frå Kvistadkjeringane aug.08.Til høgre ser ein Urke.

Les heile

Knut Hustad

11.02.2009

Torskeoppdrett i Øksavika

Johnny Rønning, bur i Ålesund, men med slektsrøter på Trandal: Atlantic codfarms as disponerer nå lokaliteter på Skarbøen, Festøya, og Øksavika. Anleggene er søkt med automatisk forflåter, det skaper få lokale arbeidsplasser med tanke på hvor mye de beslaglegger av fjorden...

Les heile

[3 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

08.02.2009

Vi er best!

Kven er best i handball i sone 14-15 for 16. åringar?
Desse jentene består av tre 16-åringar og ni 15-åringar..

Les heile

Sølvi Britt Skylstad

08.02.2009

Ved kirkemuren på Sæbø i 1899

På sporet av den tapte tid.Et familieportrett.

Stående fra venstre:Knut,Ole,Berta,Dina,Marie,Johannes.
På Ingebrigts fang :Jakob.
Mellom foreldrene Ingebrigt og Andrina :Ingvald.
På fotografiet i fotografiet : Johanne.

Les heile

[12 kommentarar]

Knut Hustad

08.02.2009

Saueklipparane kjem

- Vil du ha klipt sauene? Det er leiaren i Ørsta Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, som spør...

Les heile

Johannes Halland

07.02.2009

Temamøte om lesing og litteratur

Vi inviterer alle foreldre /besteforeldre, til små og store i heile bygda, til ein kveld der tema vert lesing og litteratur. Temamøte vert på klubbhuset onsdag 11. februar kl. 18.35.

Les heile

Sondre Kristoffer Mo

04.02.2009

M/F ”Nørvøy” må reddast for framtida!

Den vel 40 år gamle bilferja ”Nørvøy” ligg no i Hjørungavåg i opplag. Denne ferja er ein særs god representant for pendlerferjene opp gjennom tidene og den er framleis, trass i sin relativt høge alder, i tilnærma original stand, kan vi la eit så viktig stykke samferdelsehistorie gli ut av hendene våre?

Les heile

[3 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

03.02.2009

Millionar til Sæbø

Hjørundfjord bygdemobilisering fekk idag den etterlengta meldinga frå Vegvesenet gjennom Ørsta kommune, at Vegvesenet tek opp til handsaming den gjeldande reguleringsplanen og inviterer Sæbø med til ei tettstadfornying...

Les heile

[35 kommentarar]

Knut Hustad

03.02.2009

Sunndalsnipa - 1396 m

- Mullah`ane likar nok best flate områder, tenkte Fred Ingar og inviterte difor Mullah Haugen(foto t.h.)med på skitur til den toppflate Sunndalsnipa sist torsdag...

Les heile

[3 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

01.02.2009

Handballgruppa med ny flaskeinnsamling!

Vi i handballgruppa oppmodar alle bygdefolk og andre som har flasker til overs til å gjere som Theo, gi tomflaskene til oss..
Vi er ute på runde 9. og 10. februar og samlar flasker!

Les heile

Ole Martin Myklebust

01.02.2009

Ny ferjekai

Etter at eg før helga la ut 3D teikningar der nye ferjekaia var plassert nedanfor mjøllageret fekk eg fleire gode tilbakemeldingar og innspel. Her er nokre justerte teikningar som tek hensyn til desse innspela.

Les heile

[22 kommentarar]

Martin Luan Håndlykken

01.02.2009

LAN på Grendahuset

Som erstatning til eit bursdagsselskap så arrangsjerar Martin Dimmen og Jon-Martin Mo LAN-party på Grendahuset laurdag og søndag 7. og 8. februar.

Les heile

[4 kommentarar]

Perry Bjørke

03.02.2009

Reguleringsplan i Bjørkevikja

Reguleringsplan i Bjørkevikja.
Etter at Møre Nytt skreiv referat frå møtet næringsjefen hadde på Sæbø har eg fått telefon og mail om industriområdet
i Bjørkevikja.
Folk vil vete meir.
Området ligg og på nettet men det er ikkje så lett å finne for alle.
Eg legg derfor ut meir opplysninger om området her
so alle får sjå det.

Les heile

[1 kommentar]