Yngve Frøland
30.11.2009
Skred og skredfare i vinterfjellet
Fjella i Hjørundfjorden har hatt ei lokkande effekt på mennesker i lange tider. På slutten av 1800-talet kom folk langvegs frå for å oppleve dei kvasse tindane. I seinare tid har også dei fastbuande funne verdi i fjella utover det å gi føde til folk og fe. Nokre går i fjella for rekreasjon, andre for naturoppleving og nokre for å søke spenning. Vi nærmer oss høgsesong for ski- og toppturar og det ser ut til at skiturar, spesiellt i bratt terreng, vert meir og meir populært. For dei som planlegg å ta turen i vinterfjellet kan det være ei billig forsikring å sette seg litt inn i dei kreftene som ligg lagra i dei kvitkledde fjella.