Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2008

Attende til hovudsida

Artiklar

August 2008

Wenche Wollsæter

31.08.2008

Når eg blir 4 år skal eg på Slogen!

Emil Norangshol synest det var urettferdig at han ikkje fekk vere med storesyskena på Slogen i fjor. Han likte ikkje at vi sa han var for liten. Så då bestemte Emil seg for at når han blei 4 år då var han hvertfall stor nok!

Les heile

[9 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

30.08.2008

Jubelturnering!

Fotballgruppa sin jubileumsturnering vart ein flott fotballfest som er ein 75-åring verdig!

Les heile

Mari-Anne Bjørdal

28.08.2008

Jubileumsturnering

Sæbø IL fotballgruppa arrangerar laurdag 30. august jubileumsturnering for ungdom på Sæbø stadion.

Les heile

Knut Hustad

28.08.2008

Elsandtindane - 1398 m

Kanskje tenkjer Ronny her på Peer Gynt og Bukkerittet i det han er i ferd med å gå bortover toppegga på Elsandtindane, men nådde han bort til den enorme bikkehella?

Les heile

[7 kommentarar]

Per Urke

27.08.2008

Rundkøyring i Urkedalen

I går kveld kunne Helge L. Urke fortelje at han hadde køyrt med privatbil fram over Haugemyrvegen til Haugane og vidare framover den nygrusa, nye vegen som ligg på toppen av rørgata fram til inntaket til kraftverket.

Les heile

Knut Hustad

27.08.2008

Regnbogen

Endeleg litt flaks, tenkte eg, og såg at regnbogen gjekk rett ned gjennom pipa på huset vårt. Men fann eg skatten?

Les heile

[5 kommentarar]

Bodil Skare

27.08.2008

Jubileumstur!

Trimgruppa i Sæbø i.l. vil invitere alle med på familietur Søndag 31 august.
For å feire at Sæbø idrettslag er 75 år i år, slår vi til med båttur frå sæbø til Finnes, tur gjennom Bakkedalen via Bondalsbakken og til Rognestøylen, skyss derifrå tilbake til Sæbø.
Alt dette for kr 150,- for vaksne og 50,- for barn.
Avreise frå Skyssbåtkaia kl 10.00.
Vi håper på godt turvêr, og at mange vil vere med.

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

25.08.2008

Idemyldringsmøte for Hjørundfjorddagane 2009

Du kjenner vel Hjørundfjorddagane? Du veit, desse dagane tidleg i juni då ein berre må til Sæbø for å vere med for å treffe kjente og kjære, anten som gjest eller som arbeidande i den store dugnadsgjengen som står på kvart år. Frå år til år er mange tradisjonar etablert, men kanskje er det på tide med fornying? Sæbø IL byr inn til idemyldringsmøte onsdag 3.september kl 20:00 på KLubbhuset.

Les heile

[10 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

23.08.2008

Skår opplevde ei folkevandring..

Sist søndag den 17.august, var det Skår som fekk den årlege kulturvandringa som Hjørundfjord Sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag står bak. Dagen kom med strålande vèr og det heile var ei folkevandring som Skår kanskje ikkje tidlegare har opplevd.Hjørundfjordingen Torbjørn Urke var sjølvsagt tilstades, og vår lokalavis Møre Nytt hadde hyra han til å lage eit tosides oppslag i avisa. Artikkelen med tekst og foto har han no gitt løyve til å bruke her hos oss.Til glede for dei som ikkje las avisa denne dagen...
Bilete th. er då folkemengda kjem i land på Skår søndag.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

21.08.2008

Garnfiske i Bondalselva

- Kva skal ein seie til slikt? Det er leiaren i Bondalen elveigarlag, Kenneth Hustad, som stiller dette spørsmålet etter at han i går fekk vite om fiske etter laks i Bondalselva med garn - i fredningstida....

Les heile

[3 kommentarar]

Bodil Skare

20.08.2008

Grøthaugen for fyrste gong!

Måndagsturen denne gongen gjekk til Grøthaugen.
Vi vart tipsa av Ivar Svein at dette var ein tur vi burde gå.
Vi er alle einige, dette var vert strevet, flott tur !

Les heile

Knut Hustad

16.08.2008

Flott foto

eurofoto.no har ein fotokonkurranse gåande. Vinnaren av denne konkurransen for juli månad var ein ikkje heilt ukjend mann. Mannen heiter nemleg Rune Thomas Sæbønes...

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

14.08.2008

KULTURVANDRING PÅ SKÅR.

Fyrstkomande sundag den 17.august er det kulturvandring på den veglause bygda Skår i Hjørundfjorden, der det berre er to fastbuande att. Dette har ikkje vore slik tidlegare, der geitehald, fiske og til og med industri har prega kvardagen. Dette kan du få høyre meir om ved å delta i kulturvandringa..
Bilete th. er frå Flatneset sommaren 08 og viser Skår.

Les heile

[4 kommentarar]

Håvard Myklebust

13.08.2008

Norsk Attraksjon vitja Prillar-Guri

Den livsglade og humørfylte Linda Eide frå programmet Norsk Attraksjon har våre på Bjørke dei to siste dagane. Eide, saman med regissør Kristin Helgeland, har vore her for å filme ein rekonstruksjon av kampen om Prillar-Guri, den raude telefonkiosken med dei lange flettene, som så brått skulle rivast vekk frå bygdefolket...

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

12.08.2008

URKE-HELGA - vel blåst

URKE-HELGA er i boks gjennom eit vellykka arrangement fredag, laurdag og søndag, 8. - 10. august. Fire aktivitetstilbod på laurdag, hyggeleg samling på Grendahuset om kveldane og rikeleg tid til samtale og mindre treff alle dagane, samla omlag 250.

Les heile

Håvard Myklebust

10.08.2008

Bjørkedagar – Topptur til Kårdalstindane 1490 moh

Etter å ha varma opp med handverkskafe, riding og kaidans laurdag(i går), var det klart for topptur til Kårdalstindane 1490 moh denne andre og siste dagen av Bjørkedagar 2008. Klokka 10.00 var det start på Sellereite på Leira og det skulle bli ein triveleg og flott tur...

Les heile

[8 kommentarar]

Henning Svoren

10.08.2008

"Takk!" - God jazz, liten parkeringsplass

Etter mykje fram og tilbake og mangel på båt, bestemte Eg, Jon-Terje Kalvatn og Yngve Frøland oss for å ta bilen rundt Vatnesvingane og til Bjørke. Der vart det på andre året skipa til Bjørkejazz i den svært koselege Bjørkekyrkja.

Les heile

[1 kommentar]

Sølvi Britt Skylstad

10.08.2008

Norangfjorden,dikt av A.Nordang.

"Norangfjorden" av Andreas Nordang står i et lite hefte,som jeg fikk i forrige uke.Det er trykt på Tryggestads prenteverk, Hellesylt.

Les heile

Hildegunn Mork

05.08.2008

Joldalshornet sør for Austefjorden

Overgangar frå dalane på sørsida av Austefjorden fører deg til Grøndalen , Bjørkedalen og Brundalen. Frå Øvsteberget kan du nå mange turmål. Joldalen og Joldalshornet er eit av dei, men er eit lite besøkt turmål.

Les heile

[4 kommentarar]

Per Urke

04.08.2008

URKE-HELGA står for døra

Komande helg, 8., 9. og 10. august, møtest vi på Urke. Ferietida er på hell og dette kan bli eit hyggeleg punktum for ein sommar av gamlesorten med sol og varme. Håper det varer nokre dagar til... Vi vil på nytt minne om at du er velkomen til Urke!

Les heile

Ivar Svein Mo

04.08.2008

Vandra førti mil til fots i fjella.

Fred Torgersen(62) har hatt ein gamal draum om å gå frå Rjukan til Bondalen. Dette bestemte han seg for 15 år sidan, at fyrste sommaren etter han vart pensjonist skulle han gjennomføre turen.
Turen starta 30.juni og 24.juli kom han til systra si Toril på Rise i Bondalen ilag med hunden Ilka…

Les heile

Knut Hustad

04.08.2008

Arne var godt nøgd

Leiaren i Politiets fellesforbund, Arne Johannesen, deltok sist laurdag i motbakkeløpet "Saudehornet rett opp" for første gong. Han var ikkje heilt nøgd med tida han fekk, men hjorundfjord.no si t-skjorte...

Les heile

Knut Hustad

04.08.2008

Saudehornet rett opp

Vinnartida til Jon Tvedt(foto t.h.) var det vanskeleg å gjere noko med, men hjorundfjordingar gjorde det skarpt under "Saudehornet rett opp" på laurdag - spesielt imponerte Håvard Myklebust...

Les heile

[1 kommentar]

Sølvi Britt Skylstad

03.08.2008

Badjerhola.

Ein badeplass i Norangdalen.
Guten på bildet er Bernt Johannes Skylstad(1933-1944) .

Les heile

Knut Hustad

01.08.2008

Fangstresultata fjerna

Så skjedde det igjen - fangstresultata for årets laksesesong er fjerna...(Til høgre arkivfoto. Vi ser Bjørn Hovden notere årets første laks i lakseprotokollen. Hovden har sjølvsagt ikkje noko med denne saka å gjere.)

Les heile

Alf Ole Aarseth

01.08.2008

Respektabel innsats av Veteranlaget i Sæbø-Cup

Fleire var skeptiske til at veteranlaget skulle delta i den ordinære Sæbø-Cupen, både internt i veterangruppa og frå andre. Men det synte seg fort at veteranane heldt mål og meir til i cupen i jubileumsåret 2008.
Veteranane gjennomførte cupen med stil, og klarte til og med nesten å kapre poeng frå cupvinnar Ørsta i den siste kampen søndag. Godt gjort med tanke på at veteranbeina på det tidspunktet då var meget støle og slitne....

Les heile