Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2008

Attende til hovudsida

Artiklar

Mai 2008

Ivar Svein Mo

31.05.2008

Bygdemobiliseringa lukkast..

Hjørundfjord bygdemobilisering har jobba målbevisst i over to år, og no kjem det eine etter det andre på plass. Om eit år er mobiliseringa ferdig, og det er ikkje berre rekneskap over dugnadstimar som skal overleverast til Fylkesmannen, men dokumentasjon om bygder med store endringar. I dag fekk vi heilt klart eit sikkert teikn på at det vil verte fleire av oss...
T.h.Ein kjempefugl svever over Moane

Les heile

[4 kommentarar]

Per Urke

31.05.2008

URKE-HELG 2008

Med friskt mot presenterer Urke Grendalag opplegget for komande URKE-HELG 2008 - 8., 9. og 10. august.

Under denne vignetten vil vi i dagane framover orientere litt om dei planlagde og ikkje planlagde innslaga gjennom URKE-HELGA. Med dette litt nostalgiske toppbiletet frå nokre ti-år tilbake, vart programmet presentert i ei solid annonse i Sunnmørsposten i dag.

Les heile

Knut Hustad

31.05.2008

"Giganten-renna" ned frå Mohns Topp

Ikkje var det dei beste snøforholda, ikkje rann vi ned frå den høgste tinden, ikkje var det den lengste nedkøyringa, men likevel - dette var nok den artigaste fjellturen på ski eg nokon gong har hatt i mitt 49-årige liv...(Foto t.h.: Knut Hustad på veg ned "Giganten-renna)

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

30.05.2008

Badeplass og fritidsområde i Bøvika

Allereie i dag er det ei fin badestrand med stupetårn i Bøvika rett utanfor Maude i Norangsfjorden. No vil Urke og Øyelandet grendelag utvide området med m.a. sandvolleyballbane og leikestativ...

Les heile

Perry Bjørke

29.05.2008

Kommuna og kulturen blei lurt.

Orføraren i Ørsta lyg ikkje når ho seier butikkane lurte kommuna.
Butikkane lovde kulturen 300.000 i året.
Det ligg i arkivet til kommuna så her kan ingen lure seg unna fakta.

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

29.05.2008

No eller seinare?

Onsdag 28.5.08 var det som tidlegare meldt her på portalen, eit møte på Sæbø der det vart diskutert og Ørsta kommune kom med eit utkast korleis grøntanlegget nedom Sjukeheimen og muringa av Lisjeelva skal løysast.
Bilete t.h. 08 Hotellet og hamna håper vi vert ein hjørnestein i utviklinga på Sæbø.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

29.05.2008

I gamle dagar ...

Kanskje er det andre stader enn her vi skal presentere gamle postkort, men la gå..

Bror min, Sverre, kom over dette kortet på ein auksjon på Hamar nyleg. Motivet er kjent for mange, men det er freistande å knyte til nokre lokalhistoriske refleksjonar.

Vi er ved grinda på Åreneset, like ut om Bøvika på Maude, på veg frå Urke til Øye.

Les heile

[5 kommentarar]

Fred Ingar Somby

28.05.2008

Lissjedalshornet -1300m?

Med sine flotte, bratte renner som speiler seg i formiddagssola er den særdeles innbydende. Det er ikke vanskelig å forestille seg hvorfor flere holder dette fjellet som sin favoritt. Men hvor i helsike er toppen?

Les heile

[1 kommentar]

Fred Ingar Somby

27.05.2008

Hellefjellet -1240m

Dette fjellet er preget av lange tilkomstruter med mye dødterreng. Den er derfor ikke så mye besøkt, noe trimboka på toppen er et klart bevis på. Men det trenger ikke være slik, det er som kjent mange veier som fører til Rom. Denne ruta fra Frølandsdalen rett til topps må være den aller kjappeste. Og hvilken nedkjøring den gir..

Les heile

[5 kommentarar]

Stig Helset

27.05.2008

Høgdetur i Sunnmørsalpane

Kvasse tindar og djupe fjordar, med bratte snørenner imellom – det er kjernen av Sunnmørsalpane. Vi ville freiste å finne den optimale skilinja i dette fantastiske landskapet. Resultatet blei seks av dei mest alpine toppane på Kolåshalvøya, like mange spektakulære nedkøyringar i bratte renner, totalt 10 000 høgdemeter opp og ned i løpet av 15 harde timar i flott mai-ver.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

26.05.2008

Sæbø G 14 vann

Heile laget gjorde ein kjempeinnsats då Sæbø G 14 vann 4 - 3 over Vartdal i ein jamn kamp på Sæbø stadion søndag. Trenar Emile (Van Henden) smilte frå øyre til øyre...

Les heile

Knut Hustad

26.05.2008

Strands bakeri opnar

Så er sommaren komen til Sæbø. Torsdag 29. mai klokka 0930 opnar dørene til Strands bakeri...

Les heile

Per Urke

26.05.2008

100 år med Lygnstøylvatnet

Søndag, 25. mai, fekk vi vere med på ei verdig 100-årsmarkering for raset frå toppen av Keipen 26. mai 1908. Denne naturlege bautasteinen fekk namnet Gange-Rolv og er eit av dei synlege bevisa på omfanget av dette kjemperaset som skapte Lygnstøylvatnet, ein av attraksjonane i Norangsdalen.

Les heile

[1 kommentar]

AnnHelene Wille

25.05.2008

Plantedag.

Plantedag på Sæbø onsdag 28 mai.Det kjem to blomsterselgere med fine og varierte blomster. Det vert matsalg på bedehuset fra kl 10.00 av gode kaker og flotte smørbrød som du ikkje kan gå glipp av:) Vi vonar på gode vermeldingar og godt oppmøte.Andakt i kyrkja kl 12.00 ved diakon Stave. Velkomen.

Les heile

Knut Arvid Uglebakken

24.05.2008

Vårens vakraste båt-tur

Fra Sæbø til Bjørke. Ledige plasser. Unik sjanse til en flott guidet tur.
Omtrent slik lød e-mailen som jeg fikk. Dette kunne jeg ikke la gå fra meg.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

22.05.2008

No skjer det stadigt fine ting på Sæbø.

Endå ein gong kan eg sjå attende på ein velarrangert og fin 17.mai på Sæbø, dette kan de!
Dette skriv ein utflytta hjørundfjording i eit lesarbrev til Sæbø og Bondalen her på portalen. Namnet er Sigmund Årseth frå Valdres...
Bilete t.h.er frå talen til dei flinke skuleelevane 17.mai 2008, ved Bautaen.

Les heile

[4 kommentarar]

Håvard Myklebust

22.05.2008

Overnattingstur til Skotet

Det er på tide med litt nyhende frå skulefronten på Stranda, og vi i 1i har nettopp komt heim frå ein kjempe flott tur til gardane på Skotet ved Storfjorden. Artikkelen er kopi av evalueringa til underteikna.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

22.05.2008

Lygnstøylvatnet 100 år

Måndag 26.mai er det 100 år sidan det store raset gjekk frå Keipen i Norangsdalen og som vidare demde opp elva Lygna og la Lygnstøylen under vatn. Søndag 25.mai Kl.13.00 ynskjer Norangdal grendalag alle velkomne til 100 års jubileum..
T.h.(Frå billedsamlinga til universitetsbiblioteket i Bergen.Foto: K.Knudsen 1880-åra)

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

22.05.2008

VÅRDUGNAD!

Fredag 23/5 bed vi alle medlemmar i Sæbø i.l. og andre frivillige ,om å møte opp til vårdugnad i og rundt klubbhuset.
Ta gjerne med mat og drikke, vi skal ha litt kaffi og vafle på lur.
Møt opp med arbeidslyst og godt humør!

Les heile

Bodil Skare

21.05.2008

Ut på tur aldri sur!

No har vi i trimgruppa vore på to torsdagsturar, før vi hadde årets fyrste måndagstur no den 19.
Sjølv om vi ser ut som drukna katta er humøret på topp!

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

20.05.2008

Ein liten kar er fødd på Villane

Dersom folk trur at portalens medarbeidarar har oversikt over fødslar i bygda, og ventar at vi skal skrive om det av eige iniativ, ja då kan einkvan verte gløymde! Her får vi opplysningar i etterkant om at vi er inne i eit svært så godt år med nye fødde born. På Villane i Bondalen har dei fått seg ein gut no i mai, og her kan du få sjå bilete av den nye Hjørundfjordingen.

Les heile

[5 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

19.05.2008

Kurs i jaktsalg i Eikesdal 20.-21. juni

Frå vår samarbeidspartner i Eikesdal får vi invitasjon om å delta i kurs for å forvalte Hjorteressursane. Hjørundfjord bygdemobilisering oppfordrar dei som har interesse til å melde seg på. Det vert jobba med å få kurset så rimeleg så mulig.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

18.05.2008

17.mai barn i Bondalen

Hjørundfjordportalen er alle tider glade når vi får opplysningar frå stolte nybakte foreldre. Brukarane må hjelpe til slik at vi ikkje gløymer nokon. På sjølvaste morgonen 17.mai fekk fam. Midtflå seg ei ny prinsesse, som dei sjølve utrykker det.

Bilete t.h. er det fyrste bilete av 17.mai babyen frå Valset i Bondalen.

Les heile

[8 kommentarar]

Kari Stokke

18.05.2008

Som Fugl Fønix

Om hausten visnar dei fleste vekster ned, men når våren og lyset kjem sprett det opp igjen over alt.
Frå oskedungen min kjem det gode saker.

Les heile

[3 kommentarar]

Perry Bjørke

17.05.2008

17 Mai på Bjørke

Det blei en fin feiring av dagen på Bjørke.
Bjørke Hornmusikk var med og satte oss i den rette 17 mai stemninga med flott musikk.
Sola kom fram då toget gjekk frå kyrkja til Ungdomshuset Haukly.
Mange møtte opp og alle koset seg på Haukly ut over dagen.

Les heile

Hilde Muren

16.05.2008

Barnetog - ein liten generalprøve

Barnehagen har tatt opp tradisjonen med å øve på 17.mai toget. I fjor gjekk vi gamleruta fråHolen via Rise til Sentrum til 17.mai toget, i år valgte vi eit rute som var litt kortare og la inn stopp på Aldersheimen. Der viste vi at vi ville treffe folk.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

15.05.2008

Bli med på feltkurs i stiutvikling i Eikesdalen!

Mange av bygdemobiliseringsprosjekta i fylket arbeider med rydding og merking av stiar i nærområdet. Å gjere utmark og friluftsområde meir tilgjengelege er positivt både for fastbuande og tilreisande. Men korleis gjer vi det eigentleg? Er det nok å ta med ei øks og ei spann med raud maling til skogs? Eller bør vi gjere eit litt grundigare forarbeid?
Har du lyst å lære dette så ta kontakt med underteikna!

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

14.05.2008

Kurs i grafisk design

Kurs i Grafisk design-Merkevarebygging og profilering,onsdag 21. mai på Rica Parken Hotel,Ålesund. Målgruppen er nyetablerere og bedrifter yngre enn 5 år.Kurshaldar Mette Fagerli som er faglig ansvarlig.
Påmeldingsfrist 14. mai eller fram til oppstart dersom det er plass på kurset.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

14.05.2008

Tid for fotturar i skog og fjell!

No når det tørkar opp i skog og mark startar vi med måndagsturar!Vi startar med dei lettaste turane fyrst, slik at du får opparbeide deg litt "kondis" til dei meir krevande turane .

Les heile

Bodil Skare

14.05.2008

Har du ei speidarsjorte til salgs?

Det nermar seg tida for speidarleir, 29.06-04.07 .
I år er det nye speidarar som no ynskjer seg sjorter til leiren, dersom du har av dei nye grøne, meld frå til Knut eller Elisabeth viss du vil selge/ gje vekk denne.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

14.05.2008

Lokal videreforedling av landbruksprodukt

Tine Meieriet Vest, Ørsta kommune Landbrukskontoret, Ørsta Næringskontor, Ørsta bondelag, Hjørundfjord Bygdemobilisering har i lag med Prosjekt Matmangfold i MR Bondelag gått saman i ei arbeidsgruppe for å lokalisere kva lokale ressursar vi har for å produsere kortreist mat. Måndag 19.mai kl.19.30 i kantina på Meieriet Ørsta, kan du få informasjon om dette...
Bilete t.h. er lokalt produsert spekepølse av geitekjøt i Valdres.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

13.05.2008

Knapt tap

Sæbø G 14 spelte ein god fotballkamp mot Sandsøy, men tapte likevel knapt i ein målrik kamp...

Les heile

[1 kommentar]

Stig Helset

13.05.2008

Nordveggen på Lissje Eidskyrkja

Etter mykje hardkøyr i fjellet denne våren, var eg eigentleg berre ute etter litt lett restitusjonstrening, og hadde blinka meg ut Kyrkjefjellet som morgontur. Men når eg kom opp på Skinnviksetra, la eg merke til ei uimotståeleg linje i Nordveggen på Lissje Eidskyrkja. Dermed endra eg litt på planane og kursen.

(Etter spørsmål frå Johan Hustadnes har eg no lagt inn nokre kommentarar og bilete for dei som er interesserte i rennekøyring).

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

12.05.2008

Råna - 1586 m

Dei som ville høgast opp, valde Kvitegga. Dei som likte å ha mykje folk rundt seg, valde Kolåstinden. Og kva gjorde så dei som berre ville ha ei triveleg pinseaftan? Dei valde sjølvsagt Råna...(Foto t.h.: Olav Haugen på veg ned frå toppområdet)

Les heile

[9 kommentarar]

Bodil Skare

11.05.2008

Sæbø slo Hødd 6-5!

Sæbø sitt 12 års lag møtte Hødd på sæbø stadion, laurdag 10 mai, til ein spennande kamp i strålande sol!
Bakerst frå vestre: Elias, Olai, Eivind, Stian, Henrik, Kristian, Andreas, Joakim, Jørgen Andreas, og framme Marta og Elen.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

10.05.2008

Nye takstar for bruk av MS Hjørundfjord

Formannskapet i Ørsta har den 15.april i år behandla og gjort vedtak om takstar og bruk av samfunnsbåten på Hjørundfjorden. Det er Hjørundfjord Fjordservice AS som driv båtsambandet i dag. Ilag med driftselskapet har kommuna utarbeidd nye takstar.

Les heile

Johannes Halland

09.05.2008

Endeleg eit betre ferjetilbod mellom Sæbø og Leknes

Etter fleire års kamp har endeleg Statens vegvesen og MRF innfridd krava frå Norangdal og Urke grendelag om seinare kveldsrute på laurdagar, og ei justering av ruta på søndagar. Kvardagar har alltid siste ferje gått kl. 22.15 frå Sæbø, på søndagar kl. 22.00, men på laurdagar har det ikkje vore fast samband over fjorden etter kl. 21.00.
(Ingressbilete, foto:Sondre Kristoffer Mo)

Les heile

Knut Hustad

08.05.2008

Omkom i arbeidsulykke

Det var den 57 år gamle Anders Edvin Rebbestad frå Follestaddalen som omkom i ei arbeidsulykke på Sæbø torsdag ettermiddag. Ulykka skjedde under betongarbeid på ei nausttomt ved Fellesnaustet.

Les heile

Knut Hustad

08.05.2008

Storspova

Storspova har travle tider om dagen. Ikkje berre skal ho ruge, ho skal også halde unna bønder og traktorar som uroar...

Les heile

[3 kommentarar]

Bodil Skare

07.05.2008

Tur på torsdag?

Vi i Trimgruppa har tidlegare sett opp to torsdagsturar , der vi hadde tenkt oss å gå Skålavegen og ein tur til Brekkeheida.
No viser det seg at Skålavegen er ikkje heilt klar, så vi snur på det og tek Brekkeheida fyrst.

Les heile

Ronny Opsahl Haugen

07.05.2008

Mohns Topp – 1340m

I snart to år har eg og Fred Ingar prata om Mohns Topp. Mohns Topp. Namnet smakar litt framandt på tunga. Det er nesten noko magisk over det. No har vi gjort oss til vens med dette makelause fjellet. Men magien kjem aldri til å sleppe taket.

Les heile

[6 kommentarar]

Yngve Frøland

06.05.2008

Første heimekamp for Gutte 16- ta turen

Torsdag 8.mai spelar G16 sin første heimekamp for sesongen.
Kampen starter 18.30 og motstander er Tjørvåg. Guttelaget starta sesongen med storsiger 1-9 mot Hareid.

Håper monge tek turen!

Helsing
coach: Yngve frøland
Assistant to the coach: Marius Riise

Les heile

[4 kommentarar]

Håvard Myklebust

05.05.2008

Dalegubben 1344 moh

"Vakrare utsyn enn frå Slogen vil du aldri sjå," sa William C. Slingsby, men etter turen til Dalegubben måtte han legge til:
«Utsynet var fullt på høgde med kva Slogen kunne by på,og større kompliment veit eg ikkje av,» sa fjellmannen og lyrikaren.
Dette er sterke ord, men jammen var dei ikkje sanne òg...

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

04.05.2008

Sæbø tapte 4-5 for Harøy

Eit reservespekt Sæbø tapte 4-5 for Harøy på Harøya søndag. Sæbø leia 2-2 til pause, men tapte kampen på ein dårleg midtperiode i andre omgang – og at Harøy-spissen Stian Harnes fekk noko for fritt spelerom. Han skåra alle Harøy sine mål. Sæbø-trenar Kenneth Nydahl (biletet) kom også på skåringslista...

Les heile

Knut Hustad

03.05.2008

Saknar du skihjelmen?

- Saknar du skihjelmen din? Det bør du gjere, for det er framleis lang tid igjen av skisesongen i fjellet....(Det er også lagt på eit par gode råd om skiturar)

Les heile

Rune Sæbønes

01.05.2008

40.000 til lys ved skulen

Gjensidige-fondet har gjeve tilsegn om eit tilskot på 40.000 kroner til nye lyspunkt ved Sæbø skule, frå Øyragata (rv.655) til klubbhuset. Det er ei eiga prosjektgruppe i Hjørundfjord bygdemobilisering som har søkt på midlane, og som har ansvaret for fullføringa av prosjektet.

Les heile

[1 kommentar]

Sølvi Britt Skylstad

01.05.2008

Slogen i Dagbladet.

Klipp fra Dagbladet for idag.
Til topps.Fjelltipsene er skrevet av Odd Roar Lange.
Slogen nevnes som en av de vakreste tindene i Norge,
der du kan komme til topps uten å være fjellklatrer.

Les heile

[4 kommentarar]