Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2008

Attende til hovudsida

Artiklar

April 2008

Rune Sæbønes

30.04.2008

Sæbø miste sigeren på overtid

Sæbø miste sigeren på overtid i lokaloppgjeret mot Åmdal på Sæbø stadion onsdag. I det 49. minutt utlikna Åmdal til 3-3. Det vart ein høgdramtatisk kamp, der Sæbø fekk nøkkelspelarar som Terje Holen (ingressbiletet) skadde.

Les heile

Therese Lystad Holen

29.04.2008

17 mai 2008

Her er lista over 17 mai "duganaden". Dei håpefulle skal ha fått lista med heim i ranselen i dag men vi vel å legge den ut på portalen i tillegg.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

26.04.2008

Byggesteg to snart ferdig

Denne veke har maskinentreprenør Ronny Aamås rydda og planert toppen på elverampa frå Rise til Kvistadbrua. I dag var ein stor dugnadsgjeng på plass og fekk grusa den same strekninga. Dermed er det berre å ta turskorne på og teste den nye gangvegen...

Les heile

[5 kommentarar]

Hilde Muren

24.04.2008

Ny dugnad på Kapteinkvia

Nemnda som arbeider med utvikling av Kapteinkvia treng hjelp til å rydde området for skog og kratt. Vi prøver igjen med skogryddingsdugnad tirsdag 29april kl 18:00. Høver ikkje datoen, er det råd å bidra med innsats andre kveldar. Vi minner om at vi gjer flathogst; tar ein ved tar ein også kratt.

Les heile

Johannes Halland

24.04.2008

Basismeisterskapen i Ulsteinvik

Onsdag 23. april reiste Jakob og Sivert frå 10. klasse på Sæbø skule til basismeisterskap i Ulsteinvik. Dette er ein konkurranse for 10. klasseelevar og elevar i 1. klasse i vidaregåande skule. Øvelsene krev både spenst, styrke og god balanse.

Les heile

[2 kommentarar]

Johannes Halland

24.04.2008

Besøk på Urke kraftverk

8. og 9.klasse har i tre veker hatt undervisning om energiressursar i samfunnsfag. Som ein del av opplegget fekk vi besøk av Terje Myklebust frå TUSSA. Han underviste om vasskraft og vasskraftutbygging, og om kva for føresetnader som ligg til grunn for å setje i gong utbygging. Veit du t.d. kva som kjenneteiknar ein Peltonturbin? Les ein av rapportane frå denne dagen og skaff deg meir kunnskap om vasskraft generelt og Urke kraftverk spesielt.

Les heile

Ivar Svein Mo

24.04.2008

Ein ny borgar i Hjørundfjorden

Den 22.4.08 fekk vi ein ny borgar til bygda. Det var Lavin og Per Ove Flatnes som fekk seg ein velskapt gut og dette set vi alle i lag med familien stor pris på. På Portalen kan vi vise fram stolte foreldre og besteforeldre...

Bilete t.h. Halvard Flatnes (privat foto)

Les heile

[7 kommentarar]

Knut Hustad

24.04.2008

Slogen - 1564 m

Eit av våre mest besøkte fjell, eit fjell skildra i svært vakre ordelag. Dette gjeld ein av våre vakraste tindar sommarstid, men er Slogen også eit godt skifjell? Dette måtte Team Somby finne ut av.
(Foto t.h.: Torgeir Børve testar Slogen)

Les heile

[11 kommentarar]

Rune Sæbønes

23.04.2008

Sæbø klinka til med 5-0

Sæbø klinka til med 5-0-siger i heimedebuten på Sæbø stadion onsdag. Mauseidvåg & Solevåg (MSIL) vart eit nummer for små for eit Sæbø-lag som ville vise at 0-5-tapet for Stordal var eit arbeidsuhell. Marius Riise (ingressbiletet) og dei andre på laget spelte seg fram til ei rekkje sjansar.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

23.04.2008

Kolåstinden - 1432 m

- Eit praktekeksemplar av ein tind, skriv Helge J. Standal i boka "Skiturar i Sunnmørsalpane.

Skal du gå berre på ein fjelltur på ski, bør du absolutt vurdere denne toppen. Men så var det dette med nedkøyringa...(Foto t.h.: Vegard Riise ned frå toppområdet)

Les heile

[2 kommentarar]

Fred Ingar Somby

23.04.2008

Nordre Smørskredtind - 1606m

1606m, ikke et vindpust, varmt og skyfritt med ei av de flotteste skisidene på Sunnmøre liggende klar med nydelig,ubesudlet snø. Det skulle vise seg å bli en av de virkelig store dagene..

Les heile

[10 kommentarar]

Knut Hustad

22.04.2008

Folk gidd ikkje gå på ski...

Straks påska er over gidd ikkje folk å gå på ski lenger trass i fantastiske forhold i fjellet. Det var NRK Møre og Romsdal som hadde dette på sine nyhendeopplsag i går. Så feil kan statskanalen ta... (Foto t.h.: Gjøran Kvitle på Randers topp sist søndag)

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

21.04.2008

Barn / ungdom observert på barnehagetaket

Søndag vart ein barne- og ungdomsgjeng (mest gutar) observert i aktivitet på taket til barnehagen. Eg ber foreldre om å ta opp dette med sine, og gjere dei merksam på taket vårt ikkje er ein opphaldsplass. Det er greitt å bruke leikeplassen til barnehagen, men ikkje taket.

Hilde Muren
styrar

Les heile

Kari Stokke

21.04.2008

Musikalsk samarbeid

Laurdag og søndag for ei veke sidan hadde musikantane i dei tre korpsa Sæbø skulekorps, Bjørke hornmusikk og Dalane skulekorps felles øvingshelg på Bjørke.

Det vart ei kjekk helg med speling, omvising i kraftverket til Tussa og bading i bassenget. Laurdag spelte vi på skulen. Søndag heldt vi til på Haukly, der vi også hadde musikkafé.

Les heile

Enok Kippersund

20.04.2008

Solfaktor

Hjørundfjorden, med sine tindar og fjellsider, er smått begynt å bryte vinterdvala.

Les heile

Håvard Myklebust

20.04.2008

Urkedalstinden 1524 moh

Fjelltur med bratte bakkar, store vidder, kvasse eggar, rasutsette sider og ei eventyrleg utsikt. Dette er noko av det Urkedalstinden 1524 moh kan by på...

Les heile

Knut Hustad

19.04.2008

Midtre Sætretind, ca. 1350 m

Har Fred Ingar blitt ein mjuk mann? Vert det slutt på reportasjane hans frå snørenner/gjel? Mykje kan tyde på det etter at han i dag snudde før toppen av Søre Sætretind og likevel smilte. (Foto til høgre)

Les heile

[7 kommentarar]

Fred Ingar Somby

17.04.2008

Fossholtinden - 1200m

En nydelig dag for en skitur. Jeg gikk normalveien opp fra Vartdal skitrekk. Men dette fjellet har også en spennende bakdør. For å komme inn denne bakdøra må en igjennom "stedet der sola aldri skinner". Utsagnet gjelder selv på en dag som i dag. Kombineres disse rutene har man en rundtur i særklasse!

Les heile

[2 kommentarar]

Perry Bjørke

17.04.2008

Eigedomsskatt i Ørsta

Den 22/4 skal kommunestyret avgjere om vi skal ha eigedomsskatt i Ørsta
Kva med hus som dei frivillige laga eig.
Får dei også eigedomsskatt?


Les heile

Cecilie Rørstad

16.04.2008

Løyvinga er på plass

No er som kjend løyvinga til rassikring fylkesveg 41 Bjørke - Leira på plass att! Fylkestinget vedtok tysdag samrøystes å starte tunnelarbeidet til hausten.

Les heile

[4 kommentarar]

Perry Bjørke

16.04.2008

Felles løft for ungdomshusa

Eg ser at alle ungdomslaga i Sogn og Fjordene går saman om eit prosjekt for å løfte opp kulturhusa
Flott tiltak!
Dette burde vi få til i Møre og Romsdal også slik at vi kan syneligjere behovet for meir midlar til vedlikehald og ombygging av kulturhusa våre.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

16.04.2008

Rassikringa Bjørke -Leira kan starte.

Det vert meldt av NRK si nettside no i kveld at ei glad Cecilie Rørstad i Bjørke Grendalag, kan puste letta ut. I dag, Tysdag ettermiddag, har fylkespolitikarane vorte enige om at rassikringa av Bjørke-Viddal i Ørsta kan starte opp i år som planlagt..

Les heile

[1 kommentar]

Fred Ingar Somby

15.04.2008

Masdalshornet - 977m

Fjelltoppen i seg selv er ikke så spennende, men det er renna ned sørvestsida. Med en helning på jamnt 40 grader og et fall på over 800 høydemeter slår den Jønshornrenna ned i støvlene!

Les heile

[9 kommentarar]

Hilde Muren

14.04.2008

"Vedhogstdugnad" på Kapteinkvia

Vi byrjar utviklingsarbeidet med Kapteinkvia, og treng hjelp til å rydde skog. Vi inviterer derfor til "vedhogsdugnad" onsdag 23. april kl 18:00. Vi tar flathogst på det aktuelle område og deler veden etterpå.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

13.04.2008

Fyrste trimposten er klar!

Boka i fonnvernet er allereide på plass, vi oppmodar folk til å skrive seg i boka.
Det vårast i skog og mark, og 24/4 vert siste dametrimmen denne våren, men vi kan friste med andre tilbod....

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

13.04.2008

Kvinne sakna på Urke

Det er no ein leiteaksjon etter ei kvinne på Urke, melder Ørsta Røde Kors på sine heimesider.

Siste: Ei død kvinne vart søndag 20. april funnen i fjøra i Sykkylven. Dette funnet vert sett i samband med den sakna kvinna frå Urke, melder NRK, Møre og Romsdal. Kvinna skal i dag identifiserast og obduserast ved sjukehuset i Ålesund.

Les heile

[3 kommentarar]

Bodil Skare

13.04.2008

Reiselystne bebuarar!

Ein laurdagskveld sat nokre av bebuarane på Hjørundfjordheimen å diskuterte den nye tunellen, dei ville på tur å prøve verdas djupaste undersjøiske tunell!
Planane vart lufta for ledelsen ,og vips so vart det tur!

Les heile

Fred Ingar Somby

12.04.2008

Store Brekketind - 1578m

En slitsomt lang tur med altfor tung oppakning. Mye sommel i toppområdet sørget også for at det frøs skorpe på den flotte løssnøen vi hadde sett fram til på vei ned. I tillegg hadde yr.no snytt oss for godværet som var lovet.
Men alt i alt ble det en kongetur...

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

09.04.2008

Hjørundfjordkvintetten

Året var 1994, soknepresten ville feire kyrkja sitt 400-årsjubileum med friluftsgudsteneste og hornmusikk, men flesteparten av musikarane var på ferie. Bjarne Hustadnes visste råd – Hjørundfjordkvintetten var eit faktum…

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

08.04.2008

Ei majestetisk oppleving

62°Nord har funne fram to solide begrep når dei lanserer si nysatsing på Hjørundfjorden:
FJORD MAJESTETIC og FJORD EXPERIENCE.

Katamaranen ”Fjord Aalesund” skal settast inn i ruta mellom Ålesund og Leknes. Dette vert selskapet si alternative løysing til ferjedrifta som fekk ein bråstopp etter eitt års drift.

Les heile

[5 kommentarar]

Per Urke

08.04.2008

"FJORD ØYE" - takk og farvel...

”FJORD ØYE” ligg fortøya ved Furneskaia i Sula.

Siste sommar gjekk ferja to turar Magerholm-Leknes kvar dag i sesongen frå 1.6. – 31.8. Reiseoperatøren 62°Nord varsla at ruteopplegget skulle vidareførast komande sommar.

I siste revisjonen av heimesida til 62°Nord er ruteopplegget for ”Fjord Øye” borte.

Les heile

Kristina Leite

08.04.2008

19.april Vårbelg- Åmdal Trekkspelklubb feirar 30 år

Åmdal Trekkspelklubb fyller 30 år, noko som vert
feira ved Sagafjord Hotel på Sæbø laurdag 19. april. Jubileet vert kombinert med det tradisjonelle "Vårbelg", og dreg i år som i fjor musikarar frå heile landet til konsert og dansespeling.

Les heile

Mari-Anne Bjørdal

07.04.2008

Her er bronsejentene!

Etter ei travel helg i Trondheim kunne J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta returnere heim med tredjeplass i sluttspelet for 14-års lag, der dei beste handballaga i region Midt-Norge var representerte!!

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

07.04.2008

Toppturar i vinterfjell

Fleire har sakna ei samla oversikt over dei toppturane det har vore skrive om her på Hjørundfjordpotalen hjorundfjord.no. No er denne oversikta på plass.

På foto til høgre ser vi Vegard Riise på veg ned frå Saudehornet. Foto: Tomas Ahlberg

Les heile

Knut Hustad

05.04.2008

Fyrste reguleringskartet

Bjarne Hustadnes har liggande fyrste reguleringskartet for Sæbø. Det er frå 1943. Under kan du få sjå dette kartet og artikkelen som Bjarne har skreve om dette. Til høgre foto av Sæbø frå 1930 åra.

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

02.04.2008

Ledige plassar i Sæbø barnehage

Dei siste åra har Sæbø barnehage vore full, og mange som har søkt plass har dessverre fått nei. Også etter utbygging av barnehagen. No endrar situasjonen seg og frå august 2008 har barnehagen (fleire) ledige plassar.

Les heile

Ivar Svein Mo

01.04.2008

Portalarbeid er ikkje bygdemobilisering!

Kvart år sender Hjørundfjord bygdemobilisering inn rekneskap og årsmelding til fylkesmannen for godkjenning av arbeidet som er gjort gjennom året. Dette er gjort i år også og Hjørundfjordportalen har fått merksemd ....

Les heile

[4 kommentarar]

Marit Riise Olsen

01.04.2008

Aafk tur

Hjørundfjord Fjordservice prøver seg i år ogso med turar til Color Line Stadion for å sjå Aafk.
Første turen i år blir Aafk mot Brann på Laurdag 5 April.
Turen kostar 500 kr og det er inkludert kampbillett i prisen.
Avreise blir kl. 17:00 fra Sæbø, reknar med å være heime på Sæbø hal 11.
Alle som er interessert kan ta kontakt med Alexander Riise Olsen på mobil: 90645207, for å tinge billett.

Les heile

[1 kommentar]