Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mars 2008

Attende til hovudsida

Artiklar

Mars 2008

Johannes Halland

29.03.2008

Bilete fortel historie

Vinteren 2002 hadde 10. klasse på Sæbø skule eit prosjektarbeid om gamle bilete. Dei samla inn bilete frå slekt og naboar, scanna bileta, og la dei ut på skulen si nettside. Dette var lenge før Hjørundfjordportalen, så det var ikkje så mange som surfa på internett og såg bileteprosjektet. Eg tek difor sjansen på ei relansering.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

27.03.2008

Saudehornet, 1303 m

Vegard Riise var ikkje i tvil - den beste måten å feire sin 22. fødselsdag på, var å ta seg ein tur på Saudehornet...(Foto: Tomas Ahlberg)

Les heile

[4 kommentarar]

Ivar Svein Mo

26.03.2008

Ubedne gjestar..

Det er kalde netter, men fine dagar no. Foret til husdyra våre lagrar vi ute i rundballar, og her kjem ubedne gjestar. Vi du sjå ein av dei som et opp fóret vårt, slik som inngress bilete viser, så kan du klikke vidare her....

Les heile

[5 kommentarar]

Unn Frøland

24.03.2008

Fleire folkedrakter frå Hjørundfjord

Cecilie Rørstad har tidlegare skrive ein artikkel om folkedrakter, her kan dykk sjå nokre av dei vi har på Frøland.
Eg har no lagt til eit bilde av bunaden til Bakke-Jenny, bunad og brudgomsbelte fra Sølvi Britt samt eit brudgomsbelte fra Karin Flatnes.

Les heile

[19 kommentarar]

Knut Hustad

24.03.2008

Skattejakt og snø

Skattejakta på Sæbø i påska er allereie ein fast tradisjon, men kva med skattejakt og snøvêr? Same det, seier Ole Johan Riise, Hilde Muren og Mathias Riise, vi møter opp uansett. Vil du sjå ein del foto, klikkar du på les meir...

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

23.03.2008

Fleire hundre på påskerebus

Over seks hundre var med på påskerebusen til fotballgruppa i Sæbø IL langfredag og 1. påskedag. Skattejakta viste seg igjen å vere ein samlande faktor for bygdefolk, tilreisande og heimvende.

Les heile

[6 kommentarar]

Perry Bjørke

23.03.2008

Sola varsler at våren kjem.

Sola kjem tidligare og tidligare opp no.
Når ho skin i fjella så lysner det fort om morgonen sjølv om vi bur blant høge fjell.
Både mennske og dyr blir våryre når vi ser sola.
Vi gler oss.

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

22.03.2008

Påskemoro i hoppbakken

Barna hadde laga seg hoppbakke i bakkene på Ner Åkre
Tyngdekrafta kan vere til glede for mange den.
Nokre henter ut energi frå vatnet og andre bruker henne til glede i hoppbakken.

Les heile

Perry Bjørke

19.03.2008

Brøyting til Ungdomshuset Haukly

Kvar gang det kjem snø må eg berre håpe på at nokon brøyter opp til ungdomshuset.
Ikkje kjekt for meg å ha denne spenninga kvar natt.
Skal tru om nokon brøyter i morgon.
Heldigvis har vi folk som stiller opp når det skal vere noko på Haukly.
Takk til dei som ser at at vegen er stengd opp til Haukly
og opnar den til oss.







Les heile

Cecilie Rørstad

19.03.2008

Folkedrakter frå Hjørundfjord

Hjørundfjord har spanande drakttradisjonar som er annaleis enn dei Sunnmørsbunadane som er i bruk i dag. Kring 1850 måla Joachim Frich fleire akvarellar av hjørundfjordingar i folkedrakter. Plagg i privat eige, plagg som musea på Sunnmøre eig og desse akvarellane har gjeve oss dei rekonstruerte folkedraktene som fleire og fleire har.

Les heile

[5 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

17.03.2008

Vi minnar om Portalens køyrereglar.

Vi ser behovet for å friske oppatt køyrereglane for Portalen. Dette har vi gjort tidlegare, men nye kjem til, og for å halde den gode nettmoralen som vi har hatt til no, tek vi oss tid til litt gjennomgong.

Og ei lita Påskenøtt; Kva er det for eit fjell som viser på ingressbilete?

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

17.03.2008

Saueklipping

I desse dagar syter Kieran og Linda frå Skottland for at sauene i fjøsane rundt om i Bondalen får ny sveis til påske...

Les heile

Sølvi Britt Skylstad

16.03.2008

Reiret på elvasteinen.

Snart freistar Norangdalen igjen med glitrande snøflekkar, irrgrønt gras , liljekonvall,løvetann, kvitsymre,fiolar og bekkeblom. Rennande iskaldt vatn a la carte. Elv, foss, bekk eller kildevatn?
Eller kva med ei frisk forteljing om Samund , Johannes og eit fuglereir?

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

15.03.2008

Dan Børge tok merket

Dan Børge Saure frå Bjørke IL greidde i dag (laurdag) merket under Birkebeinarrennet. Fleire lokale løparar var med, og alle melder om supre løyper og god fart.

Les heile

Kristin Riise

15.03.2008

Søndagsope!!

Bellingen vil frå førstkomande søndag 16.03.08 starte med søndagsopen butikk igjen. Opningstida blir som før 12.00-18.00

Les heile

Fred Ingar Somby

15.03.2008

Klovetinden - 1350m

Klovetinden var egentlig ikke noe tema i dag. Vi skulle på Blåbretinden, men en samlet gjeng bestemte seg til slutt for andrevalget. Det var likevel langt fra noe annenrangs over dette fjellet.
Steike, jeg må komme meg på andre siden av fjorden oftere!!

Les heile

[5 kommentarar]

Fred Ingar Somby

14.03.2008

Fjellquiz 3 - finalequizen

Siden Knut Hustad er på heisatur til Lillehammer/Rena har jeg fått instrukser om å legge ut finalequizen. Denne kan være litt tricky men ligger på Ørstahalvøya og har et skikkelig navn. Jeg minner om at den eksklusive Hjørundfjord t-skjorta står på spill.
Trykk på bildet for stor versjon.
Lykke til..

Les heile

[26 kommentarar]

Thomas Hame

13.03.2008

”ALDRI MEIR HOLMSHORNET!”

Vi var nokre karar frå Sæbø-traktene som i lengre tid hadde kjent på fjella sin trolldom. Fjellhugen i oss var sterk, men særleg til pioner-prestasjonar kunne vi vanskeleg skryte på oss. Men brørne Ola og Johan Sæbønes hadde opna augene våre for at det faktisk var mangt og mykje av tilsynelatande uframkomelege fjell- og fjordsider som let seg klivre, berre ein beit seg hardt nok fast. Og med nokre felles klatreøkter i Hjartåberga hadde i alle fall sjølvtilliten krope opp til eit nivå der trolldomen i fjella raskt kunne bikke over i alvor. Og det var nettopp det som hende, og det i løpet av eit 13 timars til dels psykande basketak med blodsugande flått, sleipe svaberg, fallande blodsukker, dehydrering og Tor med hammaren.

Les heile

[6 kommentarar]

Johannes Halland

13.03.2008

Vinteraktivitetsveke

Frå måndag 3. mars til og med torsdag 6. mars, var det vinteraktivitetsveke for alle elevane på Sæbø skule. Det var studentar frå linja for friluftsliv på Høgskulen i Volda, som sto for opplegget, med lærarane som medhjelparar.


Les heile

Knut Hustad

12.03.2008

Margrethe og Bjarne inviterer

No i påskeveka, tirsdag den 18. og onsdag den 19. mars, ynskjer Margrethe og Bjarne Rekkedal alle velkomne til ein god, tre rettars middag på Rekkedal Gjestehus...

Les heile

Knut Hustad

12.03.2008

Fjellquiz nr. 2

- Vil du vere med i kampen om den vidgjetne t-skjorta til hjorundfjord.no? I så fall bør du svare raskt på dagens quiz...

Les heile

[3 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

11.03.2008

Prisutdeling av "Årets reportasjar"

På søndag 9.mars vart premien til "Årets reportasje Folk og samfunn" –”Årets reportasje Åpen klasse”-”Årets reportasje Fjell og Natur”–Årets reportasje Reisebrev og turopplevingar, delt ut:

Les heile

Hilde Muren

11.03.2008

Frå vinter til vår på 7 dagar

Mandag 3.mars snødde det. Det snødde og snødde - og vinterkjensla kom fram i store og små kroppar. I tre dagar snødde det, så regna det litt/mykje og mandag 10.mars kom sola, varm og sterk. Asfalten tørka opp og snøklokkene kika fram i same bakken vi baksa i snø for sju dagar sidan.

Les heile

[1 kommentar]

Hilde Muren

11.03.2008

Påskevandring i kirka

Barnehagen bruker å besøkje kirka kvar desember, og i år prøver vi å etablere ein ny tradisjon: påskevandring. Kåre Øygard er som alltid like positiv til å ta i mot barnehagebarna.

Les heile

Knut Hustad

09.03.2008

Skredkveld

Volda/ Ørsta Røde Kors Skredgruppe arranger "skredkveld" på samfunnshuset i Ørsta komande onsdag kl 18-21. Møt opp og høyr på gode råd frå NGI sin skredekspert Kjetil Brattlien. (Foto til høgre)

Les heile

Knut Arvid Uglebakken

09.03.2008

Med treski

pulk, og unger på søndagstur

Jeg kom over et par gamle treski oppunder låvetaket for et par år siden

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

08.03.2008

Skattejakta - vårens vakraste

I påska er det igjen klart for Skattejakta på Sæbø. Påskerebusen Langfredag og 1. Påskedag har vorte ein tradisjon for innfødde, heimvende, turistar og eigentleg kven som helst. Den uhøgtidelege spørjetevlinga med flotte premiar for både kunnskap og deltaking er noko folk ser ut til å sjå fram til kvart år.Det er fotballgruppa i Sæbø IL med leiar Øyvind Taklo (biletet)i spissen som inviterer.

Les heile

[8 kommentarar]

Fred Ingar Somby

07.03.2008

Koppefjellet -938m

Aldalen-sørvestryggen: En kort "rett på sak" topptur. Nedkjøringen er helt ypperlig og siste sving tas nede på parkeringsplassen. For de som liker å få mye for lite er denne toppen et glimrende alternativ..

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

06.03.2008

Fasteaksjonen

Frå klokka 18, fredag den 7. mars, kjem konfirmantane rundt og samlar inn sparebørser/pengar til årets fasteaksjon, fortel Knut Åmås...

Les heile

Ivar Svein Mo

06.03.2008

Ny reguleringsplan Bjørke- Leira

3.gongs utlysing av reguleringsplan fylkesveg 41 Bjørke-Leira, rassikring – Høyring

Då det har kome fram nye opplysningar etter at planen låg ute til offentleg ettersyn i tida 9.juli til 20.august 2007, har Statens vegvesen i samarbeid med Ørsta kommune valt å utarbeide ein ny revidert reguleringsplan for fylkesveg 41, ny rassikker veg mellom Bjørke og Leira.
Kartet t.h. viser tunnelen gjennom Kamben.

Les heile

[2 kommentarar]

Børulf Lefdal

06.03.2008

Stor skredøving på Standalseidet. Laurdag 8 mars.

Laurdag 8. mars vert det arrangert ei stor skredøving på Standalseidet. Dette er avsluttingsøvinga for Fagkurs Skred 2008, men den vert open for alle.

Dei som ynskjer å sjå, oppleve og vere med i redningsarbeidet i eit skred kan stille som frivillige hjelpemannskap.

Les heile

Perry Bjørke

04.03.2008

Folk og dyr nyt sola

Kjem våren?
Folk og dyr nyt sola og vi alle venter på våren.
Eg traff desse hjortene på Bruasletta.
Dei lurte no på kva slags kar eg var.
Dei skulle sikkert ned i elva å drikke eller så skulle dei krysse vegen over å haukeåsen.
Dei såg ut til å vere feite og gode.
Har dei ete mange rundballer?

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

04.03.2008

11. mars er opningsdagen

Vil du smake det nye, grove speltbrødet? Saknar du Hjørundfjordbrødet? Kva med Ørstabrødet? Fortvil ikkje, tirsdag 11. mars klokka 0930 opnar Strands bakeri påskesesongen på Sæbø...

Les heile

Fred Ingar Somby

03.03.2008

Store-Toren - 1215m

Ahh, endelig en dag med strålende sol og lite vind. En slik dag må selvsagt utnyttes med en fjelltur. Med store mengder snø og vind de foregående dagene måtte toppen velges med omhu. Etter å ha trålt igjennom årets bok 1996-2008 så Store-Toren ut som et perfekt valg..

Les heile

[11 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

02.03.2008

J14, klare for sluttspel i Trondheim!

J14 har hatt nok ein fin handballsesong der dei allereie no har kvalifisert seg for sluttspelet i Trondheim!
Jentene har to kampar att å spele før sesongslutt..

Les heile

Johannes Halland

02.03.2008

Grease

Viss du vil sjå bilete frå framføringa på grendahuset kan du klikke deg inn på Sæbø skule sin nettside.

Les heile

Knut Riise

01.03.2008

Kvar er dei på tur?

Eg har hatt den glede å blade i Sverre O. Moe (Moabakk) sin gamle album. Det er kjekt å sjå at dei tok seg tid til fjellturar den gong også. Dei langt fleste som er på bileta lever ikkje i dag så vidt eg kan sjå.
Berre nokre få av dei greier eg å dra kjensel på.
Men kanskje kan du greie nokre fleire.
Nokre av bileta viser også så mykje av fjell
og setrar at nokre av dykk kanskje greier å sjå kvar dei er på tur?

Les heile

[18 kommentarar]

Ronny Opsahl Haugen

01.03.2008

Baronens fall

På sjølvaste skotårsdagen, 29.02.08, la dei prominente medlemmane i Søre Sunnmøre Tindelosje i veg mot Sylvkallen, 1311 moh. Vér lova meteorologane mykje av på førehand, og det fekk vi også.

Les heile

[5 kommentarar]

Ivar Svein Mo

01.03.2008

Årsetgarden på gamle Rise, framtil 19.2.68

Den garden på Rise som eg minnast spesielt, er Årsetgarden. Det var den fremste garden, og den garden som fonna knuste til pinneved. Det er også trappa til dette huset, som står som eit minnesmerke på gamle Rise i dag. Eg har ilag med brødrene Sigmund og Kjell Arne Årseth minnast denne garden.
Bilete t.h.er ein søndag i Årsetgarden med Amerika besøk.Magne og Sigmund har kome heim med bil. Sigmund ilag med bilen og på trappa Mariann(?) og Sandy frå Seattle.

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.03.2008

Den umoglege Hjørundfjordråsa...

Hjørundfjordstien, eller Hjørundfjordråsa som det bør heite, er etablert som eit omgrep. Lat oss ta dykk med på eit strekning som ikkje er nemnt enno, men som absolutt har sine kvalitetar: Strekninga Sæbøneset - Høydalen.

Les heile

[11 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.03.2008

Heftig Grease

Ungdomsskuleelevane på Sæbø skule imponerte på Bondalen grendehus torsdag. Med minimal øving sat musikalen "Grease" som eit skot. Med besteforeldra sine ungdomskle viste dagens ungdom at det ikkje er grunn til å frykte for danse- eller songferdigheiter.

Les heile

[5 kommentarar]