Hilde Muren
27.02.2008
Leik og læring i barnehagen
Her kjem nokre glimt frå barnehagelivet på Sæbø. Eg minner elles om at dei som ønskjer plass i barnehagen vår må søkje innan 1. mars. Søknadsskjema finn de på heimesida til Ørsta kommune.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2008
Hilde Muren
27.02.2008
Her kjem nokre glimt frå barnehagelivet på Sæbø. Eg minner elles om at dei som ønskjer plass i barnehagen vår må søkje innan 1. mars. Søknadsskjema finn de på heimesida til Ørsta kommune.
Perry Bjørke
27.02.2008
Eg er spent på om dei nye reglene med momsfritak vil gi oss utbytte eller blir det kun dei store laga som får nyte godt av dette.
Dei har møte den 28/2 så eg får følge i denne saka.
Les meir om saka på linkene eg legg ved.
Knut Hustad
27.02.2008
I M/S "Hjørundfjord" sitt fråvere er det fartsfantomet M/S "Nordic Genesis" som regjerer på Hjørundfjorden...
Perry Bjørke
25.02.2008
Årsmøte i Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag
blei avholdt på Haukly den 24 februar
Det nye styret blei satt sammen slik.
Sjå under innhald
Helge Standal
24.02.2008
I 2007 vart det laga ein rapport over alle naturtypar i heile Ørsta kommune. Denne artikkelen tek for seg det som er kartlagd langs strendene i Hjørundfjorden, og har med kart over naturreservata og dei viktige områda.
Eli Anne Tvergrov
24.02.2008
Familiealbum skjuler historie på godt og vondt. Av og til kan dei med avstand nok - ut frå sin historiske verdi delast med fleire.
Rune Mo
24.02.2008
Hugs marknaden på grendahuset i dag 24.02.08
AmerikaPer : - )
23.02.2008
Kvifor finst det ikkje ca. 5 eller 6 datamaskiner med internett samband på Sæbø biblioteket?
Rune Sæbønes
23.02.2008
I dag, laurdag den 23. februar opnar Eiksundsambandet. Om fire år opnar Kvivsvegen. Korleis vil slike prosjekt påverke satsinga i Hjørundfjorden, og er vi budde? Lat oss uansett seie hurra. (Ingressbiletet viser ein entusiastisk Anton Sæbønes (88) på veg over Eiksundbrua. Vegvesen-veteranen sette stor pris på ei spesialomvising han hadde.)
Johannes Halland
22.02.2008
I vinter har Benedicte Aambakk, Vegard Riise og Terje Holen tatt eit emne i skiutdanning på Høgskulen i Volda. Som ein del av utdanninga måtte dei gjennomføre eit praktisk opplegg i skulen. Heldig for oss så vart det Sæbø skule som fekk glede av det dei hadde lært.
Helge Strand
22.02.2008
Ifølge Sunnmørsposten og bladet "Fiske."
Knut Hustad
22.02.2008
Ferjekaia må flyttast, men ikkje til Sandvika. Trafikkforholda vil aldri verte gode dersom kaia skal ligge der...
Knut Hustad
22.02.2008
Om naglibiten herjar, om det snøar eller regnar, om kulingen er stiv, same kva - skifellane må av...
Kjell-Johan Aarseth
21.02.2008
Jepp, det var den klingande tittelen på ski-arrangementet som gjekk føre seg i bakkane på Årseth for 23 år sidan. Det var i ei tid det faktisk låg snø på markane i februar, men heldigvis ikkje så mykje som i 68... Året før hadde Årseth-OL gjort sitt inntog, og med eit års arrangements-erfaring skulle det no arrangerast skikkeleg! Betre løyper, større premiar og meir deltaking. Og slik vart det.
Martin Luan Håndlykken
21.02.2008
Torsdag den 28. Februar blir musikalen Grease framført av Sæbø Ungdomsskule på Grendahuset.
Helge Standal
20.02.2008
Eller berre 'Fjordstien'? Økoturisme og bygdeutvikling for alle grendelag.
Knut Riise
19.02.2008
Kom å hjelp oss!!
Me høyrde målet til Larsa-Johan då me nærma oss Rise, og me prøvde å springe, men det var ikkje lett med snø til knes.
Mari-Anne Bjørdal
19.02.2008
Sivert er utteken til NM (Bjørklund Cup)for 15-åringar i handball...
Ivar Svein Mo
19.02.2008
I sekstida denne morgonen for 40 år sidan i dag, kom fonna og tok løda med husdyr og stabburet i Sledalen. På garden budde 5 personar. Karl og sonen Einar kom seg opp og fekk oversikt over skadane og Karl tok iveg for å varsle lensmannen i 2,5 meter snø. Han nådde lensmannen fem på halv sju på telefonen, som fekk vidare varsle betjentane i Ørsta. Dette var eit kvarter før fonna tok Rise, og all forbindelse var broten til Bondalen...
Bileta th. er driftsbygninga under utgravinga 1968. Foto A.Hustadnes
Knut Riise
19.02.2008
Eg vakna av vinden som ulte og huset som rista. Eg rakk å tenkje at no tek Korsen oss, samtidig som eg heldt hendene kring hovudet. Då traff fonnbreden huset med eit brak.
Eg vart liggande på golvet i restane av senga, og det var kolmørkt og uhyggeleg stille.
Per Urke
18.02.2008
Så har det gått 40 år. Det er nokon som av og til spør: "Kvar var du då president John Kennedy vart skoten?" For meg står det mest like klart: "Kvar var du 19. februar 1968?"
Svaret er ikkje så interessant for andre, men det er svært mange hjørundfjordingar og sunnmøringar som hugsa dagen og dagane etter.
Det er altså 40 år sidan fleire meter djup mjellsnø ikkje lenger kunne haldast fast i mange lier som før var fonntrygge. Om natta og tidleg om morgonen small det: På Langstøyl i Follestaddalen, i Sledalen, på Finnes, i Risegrenda, på Hjorthol i Velledalen, på Stenes, Skår og på Urke.
Dette var ulykkesvinteren med snøras framom nokon - i hugsbar tid, sjøl for dei eldste!
Mitt oppdrag er å skrive om andre stader enn frå Risegrenda. Det må dei mest lokalkjende syte for.
Perry Bjørke
18.02.2008
Er det tidlig vår eller er det klimaendringer?
Mykje vatn var det men heldigvis så kom det ikkje som snøv denne dagen.
Ingressbildet er frå Vikeelva.
Knut Hustad
18.02.2008
Mykje regn, stor snøsmelding og attfrosne veggrøfter førde til skade på sidevegane...
Knut Hustad
18.02.2008
Av deltakarane frå Ørsta fann vi 3 hjørundfjordingar; alle personar i framskotne posisjonar og sjølvsagt Mercedes-eigarar:
Pasjonert globetrottar Magnar Aklestad, konserndirektør i Kvistad-konsernet – Jostein Kvistad, samt adm.dir. i Strandmann Maskin, Lars Petter Strandmann...
Sondre Kristoffer Mo
17.02.2008
Den 31. Januar gjekk B/F ”Nørvøy” utav rute 12 på Hjørundfjorden og B/F ”Eiksund” tok over ruta, no er ho i full drift…
Kari Stokke
16.02.2008
I dag vakna vi med sommarfuglar i magen. Vi skulle til Volda på handballturnering!
Mari-Anne Bjørdal
16.02.2008
Malene er no på Island for å vise fram fortballferdigheitene sine, og ho skuffa ikkje..
Alf Ole Aarseth
16.02.2008
Kven sigra i kåringa om fjorårets beste reportasjar her på Portalen ?
Kva for 10 artiklar vart nominerte i dei 4 ulike kategoriane, og kven av skribentane havna på "pallen" ?
Her får du svaret
Gerd Sofie Langvatn
15.02.2008
Det var karneval på grendahuset i Bondalen 14/2.
Alf Ole Aarseth
15.02.2008
Sidan det kom inn veldig få stemmer på kåring av dei beste artiklane på Hjørundfjordportalen frå 2007, fann styringsgruppa i Hjørundfjorden Bygdemobilisering ut at måten å gjere det på var å danne ein uavhengig jury som kunne ta denne oppgåva.
Då underteikna fekk førespurnad frå styringsgruppa om å være juryleiar var eg ikkje sein om å takke ja ! Eg fekk då i oppgåve å setje saman ein jury som saman skulle foreta denne kåringa på ein balansert og truverdig måte. Her kjem ein presentasjon av jurymedlemane , og litt bakgrunnstoff om korleis kåringa er lagt opp og vert gjennomførd.
Stig Helset
14.02.2008
Vinterferie, sol og 10 pluss i sentrum. Eit svært variabelt skiføre og utrygge islinjer opnar for kreative prosjekt i februarfjella. Vi satsa på vinterbestigning av Lynghalstinden.
Enok Kippersund
13.02.2008
Her om dagen kom eg til å sjå eit dyr som rett og slett såg ut som det låg og leika seg i sjøen, 30 meter frå land. Eg stod heilt still og dyret kom symjande mot meg, eit lite hovud med blanke stirande augo! Eg stod like still og fekk ei gratisoppvisning i symjing under vatn. - Da eg kom tilbake eit kvarter seinare hadde symjaren gått på land, stoppa og kika på meg no også. Fargen vil eg seie var nærast grå. Halen var kraftig å sjå til, ikkje flat mot underlaget, men på kant, som sideroret på eit fly, eller som sporden på ein fisk. Med det same trudde eg det var ein mink, men er begynt å tvile. Er det vanleg å sjå mink/oter liggje og ha "lystsymjing" så pass langt frå land?
Koss skil ein mellom mink og oter? Har bladd gjennom ein god del foto på Internett, men blir heile tida i tvil
- og så fann eg eit bilete som eg nettlåner frå S. Lie, Høgskolen i Telemark.
Knut Hustad
13.02.2008
Me hadde nettop starta på nedkøyringa til Kvamsedalen, då snøen brått losna under beina. Heile Skåraskredene losna og gjekk heilt i Kvamsedalen.... (På foto til høgre ser vi Skårasetra slik ho såg ut først i juni 2007.)
Lisbeth Aklestad
12.02.2008
Fredag 15.02. kl 15.30 vert det konsert med Gunnar GP Pedersen og Sigfrid Eiksund på Hjørundfjordheimen.
Knut Hustad
12.02.2008
Jarle S Bjørdal(foto t.h.), leiaren i ei av landets beste skredgrupper: Om du vert teken av snøskred finn det offentlege hjelpeapperatet deg nok, men vil du verte funnen i live bør du satse på kameraten din...
Knut Riise
10.02.2008
Etter ein svært enkel vinter for hjorten skulle ein tru at dei hadde mat nok til skogs. Men dessverre,den har vorte spesialist på rundballar! Det kan koste dyrt med dei mengdene hjort som vart telt opp i går kveld!
Rune Sæbønes
10.02.2008
Dei siste dagane har det vore eit stort engasjement kring planane om Skårasalvegen. Kort oppsummert handlar debatten om kvar grensegangen om næringslivssatsing og naturvern skal vere. Og om naturvern også er næringslivssatsing. Dei siste tretti åra har etter mi meining vist at grundige analysar er naudsynte, for no er villaksen snart raudliste-registrert...
Rune Sæbønes
10.02.2008
Sæbø IL planlegg å ha ei jubileumsutstilling under Hjørundfjorddagane 7. og 8. juni i år. Idrettslaget er 75 år i år, og blant fleire jubileumsarrangement, er Hjørundfjorddagane peika ut til å vere staden for å vise soga til laget med bilete og gjenstandar. Då treng Sæbø IL folket si hjelp.
Hjørundfjord Sokneråd
07.02.2008
Etter at vi nå har hatt møte i soknerådet i går kveld den 6.2.08, ønsker vi å komme med følgende opplysninger i denne saka...
Bilde th.er kyrkjespiren på Hjørundfjord kyrkje.jan.08
Knut Hustad
06.02.2008
290,9 mm nedbør kom det på målestasjonen til Anne Hustad i januar...
Sølvi Britt Skylstad
06.02.2008
Et sommerminne
Om barn, engler og fivreld.
Unn Frøland
06.02.2008
Torsdag 14. februar skal BFUL arrangere karneval for barna
Knut Hustad
06.02.2008
Arbeidsgruppa for veg til Skårasalen er samstemte: Tre år etter at politikarane har gitt oss løyve, skal Skårasalvegen vere klar...
Mari-Anne Bjørdal
04.02.2008
For å¨ha noko å gjere på i helga var det mange Hjørundfjordingar som søndag tok turen til Ørsta.
Når ein likevel var i området kunne ein likegodt ta turen innom Ørstahallen..
Sigve Aklestad
02.02.2008
Bondalen Kristelege Ungdomslag har vore i drift i 117 år. No er medlemstalet svært lågt. Korleis vert framtida?
Enok Kippersund
02.02.2008
Enda får vi ikkje sola, her inst i fjorden og nedst i dalen, her på Notabreidsla, men med nysnø i "veggen" over Finnes-stranda, får vi på slik ein soldag eit gjenskin. Naustvegger (og folk også) blir nesten blenda av lysflaumen, og grin mot himmel og snø, - men grinet er eit smil! Om ei veke eller så, så har vi sola her!
Perry Bjørke
02.02.2008
Stilt er det på Bjørke
Møteplassene der man før traff folk og der man fekk seg en prat med andre er vekk.
Stilt er det på skuleplassen også.
Rune Sæbønes
01.02.2008
"Sæbø er den absolutt vakraste staden på Sunnmøre."
Ja, slik står det i februarutgåva av Widerøe-magasinet Perspektiv. I magasinet er det ein reportasje frå Sunnmørsalpane, og reportasjen "Et ekte skieventyr" er sjeldan god Hjørundfjord-reklame.
Knut Hustad
01.02.2008
Likar du ski, snø og vakre fjell, ja, då bør du lese meir for å få med deg ein filmsnutt samansett av 89 foto...
Til høgre ser vi Jens Martin Wennesland på veg ned Lissje-Skåradalen den 21. april 2007 på sitt kjære snøbrett.
Therese Lystad Holen
01.02.2008
Det blir ungdomsklubb OpeHus på Grendahuset i kveld 1.februar 19.00-23.00. Aldersgrensa som før er 7.klasse og oppover. Inngang 20,- kr.
Therese