Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2008

Attende til hovudsida

Artiklar

November 2008

Rune Sæbønes

30.11.2008

Hurra for Sagafjord

Sagafjord Hotell inviterte til julebord, og for ein kveld det vart. Espen Frøland er kjend for finter og vakre mål på fotballbana. I kveld skåra han tidenes fulltreffar. Makan til god mat har eg mest aldri opplevd. Tusen takk til Espen, Trond, Andre og alle dei andre på kjøkkenet.

Les heile

[1 kommentar]

Enok Kippersund

29.11.2008

Grepa kalender!

Hjørundfjord-kalenderen kom i dag, og min spontane reaksjon er: Kjempeflott! (ikkje minst samanlikna med andre kalendrar i same sjanger)

Bildekvaliteten er førsteklasses, frisk og fargesterk, og motiva kjem til sin nære og fulle rett. Fotoarbeidet er ypparleg (mange gode fotografar i fjorden). Her kan du bli så svimmel at du må halde deg fast i minst to stolar, og du kan bli så svolten på fisk at fjorden får seismisk sjokk.

Kalenderen er redigert på ein sikker måte, og då slik at ein kan ane ein viss strategi: Fjorden er fantastiske fjell, ski ski ski, naturturisme, friluftsliv, fiske, spesielle attraksjonar. Smeis!

Som gledespreiar er dette glitrande godt, og som "marknadsføring" skikkeleg bra.

Hurra heile året for Hjørundfjorden!

Les heile

[15 kommentarar]

Kari Stokke

29.11.2008

Sesongavslutting i barneidrettsgruppa

Fredag kveld samla Sæbø I.L. v/ barneidrettgruppa omlag 60 medlemer, sysken og foreldre til sesongavslutting på klubbhuset.

Rekrutteringa i Sæbø I.L. er særs god for tida på den måten at dei aller fleste i kvart årstrinn tek del i aktivitetane barneidrettgruppa kan tilby. Samstundes har barnekulla vore bra store dei siste åra.

Les heile

Knut Hustad

29.11.2008

Kva meiner Sæbø IL?

Elevar har sagt klart ifrå, lærarar har sagt klart ifrå, Samarbeidsutvalet ved Sæbø skule har sagt klart ifrå og eit omframt årsmøte i Sæbø IL har sagt samrøystes ifrå - alle vil at ein ny gymsal på Sæbø må prioriterast framfor ein ny, stor fleirbrukshall i Ørsta. Kva gjer leiaren i Sæbø IL?

Les heile

[15 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

28.11.2008

Julekalender 2008

Ikkje før har Haua-Knut & co pakka Hjørundfjordkalenderen, før ein ny kalender er aktuell. Det er nemleg snart klart for Hjørundfjordportalen sin årlege nisse-julekalender. Mandag 1. desember vert den første av 24 lokale nissar presentert her på portalen, og brukarane kan vere med å tippe på dagens julenisse heilt fram til julaftan. Styringsgruppa med Ivar Svein Mo i spissen lovar at det vert fine premiar å kjempe om.

Les heile

Enok Kippersund

27.11.2008

Dette landet og dette veret

Meldingsteneste kringom i media framstår i dag som mykje meir patent og detaljert enn i helga som var. F.eks. vegen mellom Kalvatn og Bjørke er stengt av jordras på Rørstad. No ryn og fløymer det over alt, og meir skal visst kome.

Det er ei krevjande og respektabel oppgåve å halde oppe informasjon om alt som skjer. Men altså, så det er sagt: Takk for ei meldingsteneste til å bli mykje meir klok av.

Og så får vi hugse kva land vi bur i og vilkåra som dei er.

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

25.11.2008

Mykje snø og nattarbeid for nokre

Natt til laurdag lava det ned med snø på Bjørke.
Bra at nokre var opp og brøytte vegene til oss.
Vegen til Fyrde var stengd og folk kom seg ikkje på arbeid.
Mykje snøv var det her på Bjørke ca 1,20 men langt unna rekord som i 1968 på 1,80-2 meter
Vi er ikkje vant til slikt etter en fin haust.
Kjem vinteren like overraskende på oss kvart år?
Les meir under.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

25.11.2008

Hjørundfjordkalenderen 2009 klar

Jess, Hjørundfjordkalenderen 2009 er ferdig trykt. Vi vonar å få pakka dei på torsdag og sendt dei ut på fredag. Laurdag vert kalendrane lagt ut for sal i butikkane i Hjørundfjorden - dei som måtte vere att...

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

24.11.2008

Årets vintergåve

Synest du det er kaldt? Du fryser kanskje og lengar etter noko varmt til hovud og hals? Eller er veldig stolt av Sæbø og av idrettslaget? No kan du kjøpe årets gåve til deg sjølv og dei du er glade i: lue og bøff frå Sæbø IL.

Les heile

Håvard Myklebust

22.11.2008

Ras stengde fylkesveg 41 mellom Fyrde-Viddal

Etter det kraftige snøfallet dei siste dagane, blei fylkesveg 41 mellom Fyrde og Viddal, nærare bestemt på kommungrensa ved Skjåstadeidet, stengd på grunn av ras natt til laurdag. Vegen var uframkomeleg for både brøytemannskap og innbyggjarar og var framleis stengd klokka 18.00 laurdag kveld.

Les heile

[12 kommentarar]

Perry Bjørke

22.11.2008

Jul på Sunnmøre

Alle Ungdomslaga har nå sikkert fått Jul på Sunnmøre.
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag fekk sine blad i går.
Takk til redaksjonen i Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag.
Vil du kjøpe bladet så kan du sikkert kontakte ungdomslaget
ditt der du bor.
Eg oppfodrer ungdomslaga og legge inn opplysninger på komentar, om kvar folk kan få kjøpt bladet eller kven dei skal kontakte i laga.
Kjøp Jul på Sunnmøre 2008
Der er som vanlig mykje godt stoff å lese.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

21.11.2008

Skattejakta: Kvernhusa på Urke

Nyleg omtala eg stabbura på Urke og i denne omgang er det kvernhusa sin tur til å bli leita fram der dei stillferdig gøymer seg langs elva og er både unyttige og lite påakta.

Det eine kvernhuset etter det andre har falle ned og er borte, berre mosegrodde kvernsteinar ligg kanskje att i terrenget der det sto.

Les heile

[3 kommentarar]

Kari Stokke

19.11.2008

Generasjonskorps med plass til fleire

Generasjonskorpset på Sæbø er godt i gang med å øve inn julesongar.

Søndag 7. desember er det lysmesse i Hjørundfjord kyrkje og korpset skal spele ved tenning av julegrana like etter.

Vi er tett oppunder 20 musikantar no og det kjem stadig nye til.

Og det er jubel kvar gong det dukkar opp ein ny musikant, for vi veit alle at det høyrest så mykje betre ut for kvart instrument som kjem til.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

19.11.2008

Fire kvinner æresmedlemmer i Sæbø IL

Kari Riise, Alfhild Wille, Kanutte Strand og Eldbjørg Tvergrov er utnemnde til æresmedlemmer i Sæbø IL. Dei får æresmedlemskapen for ein uvanleg stor ueigennyttig innsats for at born og unge skal få halde på med idrett. Det var ordførar Gudny Fagerhol som delte ut æresmedlemskapen laurdag.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

18.11.2008

Odd Bjarne utvidar

Dei ca. 150 sauene til Odd Bjarne Bjørdal går no nye tider - i alle høve ein ny sauefjøs - i møte...

Les heile

Perry Bjørke

18.11.2008

Grasrotandelen frå tipping

Eg fekk dette tilsendt på eposten.
Eg legg det ut på portalen slik at alle kan lese det.
Dei som tipper kan gi støtte til organisasjonene og bestemme sjølv kven som skal få pengene.
Når man tipper bestemmer man sjølv kven man vil gi 5% av innsatsen til.
Laga som vil ha støtte må registrere seg i Frivillighetsregisteret.
Les meir om Grasrotandelen på linkene eg legg ved.

Igressbilde Notahuset på Bjørke

Les heile

Fred Ingar Somby

18.11.2008

Extra Virgin

I kamp med Albanere og Nordafrikanere klarte jeg å lande en jobb under årets oliveninnhøsting. Jeg fikk være med på hele prosessen, fra hardt arbeid under olivenlundene til prosesseringen av den ferdige, eksklusive oljen som går under navnet ”extra virgin”.
På Kreta lages angivelig verdens beste..

Les heile

[2 kommentarar]

Perry Bjørke

16.11.2008

Julemesse på Bjørke

Julemesse på Bjørke Søndag 16/11
I dag blir det julemesse på Haukly frå kl 12-18
Masse flott handarbeid blir utstilt.
Ta en tur til Bjørke
Kaffi og kaker kan du og få.
Les meir om julemessa.

Les heile

Håvard Festø

15.11.2008

Dei fyrste linjene.

Me gløymer sjenerande kraftlinjer, vegskjeringar og spor på ubrøyta vegar for ei stund. Konsentrerer oss heller om dei vakre linjene som dukkar opp i fjellsidene når snøen legg seg.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

14.11.2008

Ikkje noko nytt under sola

Det kom eit hint frå Knut Hustad om at det er anna enn bygdeutvikling det skal/kan skrivast om på Portalen.

Eg er spent på reaksjonen når eg legg inn artikkelen nedanfor. Sjå på det som eit eksperiment, og det vil neppe gjenta seg.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

14.11.2008

Hjørundfjordkalenderen 2010?

No er det berre å vente i spenning på resultatet - Hjørundfjordkalenderen 2009 gjekk i dag i trykken, men skal vi sjå vidare framover? Bør vi tenkje på ein Hjørundfjordkalender 2010?

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

13.11.2008

Open dag på Hjørundfjordheimen

Både sjefen ved Hjørundfjordheimen, Knut Åmås, og kåsør Valborg Hustadnes var svært godt nøgde med oppmøtet då det tradisjonelle "Open dag"-arrangementet vart avvikla på heimen sist fredag.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

10.11.2008

Ny øy i Vasstøylvatnet

Synet mitt er ikkje det som det ein gong var, sant nok, men ei ny øy har dukka opp i Vasstøylvatnet i Kvistaddalen no i løpet av seinhausten. Berre sjå sjølv..

Les heile

[2 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

09.11.2008

Flaskeinnsamlig!

Handballgruppa minner om flaskeinnsamlinga som blir tirsdag og onsdag denne veka.

Les heile

Per Urke

12.11.2008

Naturvern og reprimander, utg. 2

Torsdag vedtok formannskapet i Ørsta at det skal utarbeidast ein samla plan over kva fossar og elvar som skal vernast eller byggast ut. Men før vedtak vart Tussa kritisert og det vart vist til Naturverforbundet som påstår at konsesjonsvilkåraer brotne.

Før endeleg vedtak, vil eg håpe at fleire enn Naturvernforbundet slepp til. Bygdene må få uttale seg og ein konklusjon må sjå til fleire sider.

Nye opplysningar får meg til å forlenge meldinga i ei utg. 2.

Les heile

[20 kommentarar]

Knut Hustad

08.11.2008

Jobbskygging

Kunnskapsløftet, utdanningsval og jobbskygging er heilt sikkert ord som Ivar Aasen ikkje fann på, men same kva - Silje Riise og Jakob Hustad var i alle høve med sjøkaptein Ole Johan Riise på arbeid natt til fredag...

Les heile

Perry Bjørke

07.11.2008

Start på Leiratunnelen.

Tirsdag skaut dei første salva på Leiratunnelen som går frå
Leira til Bjørke.
Bygdafolk møtte for å sjå starten
Etter den første salva hadde gått av blei dagen feira med kake og kaffi.
Stor dag var det for både barn og voksne i storfjorden.
Legg inn nokre bilder slik at dei som ikkje har Møre Nytt og kan få sjå kva som går føre seg her inne i Storfjorden.

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

06.11.2008

Vi vil ha snø!

Etter ein fin vår, varm og solrik sommar og ein flott høst er barna i barnehagen heilt sikre: No vil dei ha vinter med snø, masse snø. Medan dei ventar, gjer dei nytte av nattefrosten og øver inn tamer i aking i akebakken.

Les heile

Knut Hustad

08.11.2008

Kalendrane går unna

Til no er ca. 200 kalendrar selt, men ta det berre med ro - vil du kjøpe ein av dei ca. 150 som er att er det berre å klikke på annonsa/fotoet i venstre marg.

Pr. laurdag klokka 16 er ca. 320 kalendrar selde...

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

04.11.2008

OPEN DAG

OPEN DAG på Hjørundfjordheimen fredag 7. november.
Nytt av året, er at vi startar kl. 13.00. og det vert høve til å kjøpe rjomegraut fram til kl. 17.00.
På heimen er førebuiga godt i gang....

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

03.11.2008

Stabbura i bygdene

Før frysaren si tid, då sjølvberging var grunnlaget for livet i bygdene, var stabburet eit viktig hus på garden.

I sommar tok eg meg ei runde på Urkegardane, Leknes og Maude. Eg hadde med mitt vesle digitale kamera og fann ut at det var ni stabbur att her i bygda. Det var fleire før..

Les heile

[3 kommentarar]

Perry Bjørke

03.11.2008

Epost til folkevalgde i Kommunestyret

Lista over Ørsta Kommunestyre ligg på nettsida til kommuna.
Her finn man navna på dei folkevalgde.
Men under meir informasjon burde det ligge både tlf og epost til dei folkevalgde.
Formannskapet burde og ha epost.
Dei fleste har no epost nå i 2008.
Då hadde det våre lettere å kontakte dei i saker vi brant for.
Epost bør dei folkevalde ha.
Har ikkje Ørsta kommune fått med seg datatida med epost?
Les under korleis andre kommuner gjer det.

Les heile

[5 kommentarar]

AnnHelene Wille

02.11.2008

Ein flott basar.

Ein flott bedehus basar vart halden på laurdag..mykje folk og god stemning.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

20.11.2008

Vår mann på kaia II.

hjorundfjord.no er vorten bedd av artikkelforfattar Sigmund Årseth om å fornye denne artikkelen med eit nytt bilete av "Vår mann på kaia"

Portalen treng fleire slike artiklar om våre medmenneskje i bygda!

Bilete th. sept.08: Ein blomst til vår mann..

Les heile

[5 kommentarar]