Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - September 2007

Attende til hovudsida

Artiklar

September 2007

Mari-Anne Bjørdal

30.09.2007

Årets siste kamp for fotballjentene

I kveld spelte jentene sin siste seriekamp for sesongen. For å verte puljevinnarar kunne dei ikkje tape denne kampen..
Uansett har jentene gjennomført ein utruleg god sesong med tredjeplass i Norway Cup og før denne kampen har dei vunne alt i haustsesongen.

Les heile

Rune Sæbønes

29.09.2007

Opprykket klart for Sæbø

Sæbø er klar for femte divisjon, og det utan å spele sjølv. Opprykksrival Flø tapte nemleg 3-4 for Hødd3/Hasundgot laurdag, og dermed har Sæbø vunne si avdeling i sjette divisjon.Fotballeiar Øyvind Taklo og Tommy Riise Olsen kan sleppe jubelen laus.

Les heile

[7 kommentarar]

Rune Sæbønes

27.09.2007

Utruleg: Fint ver

Så kom fineveret. Etter to og ein halv månad med meir eller mindre samanhengjande regn var det endeleg eit høgtrykk som vann over lågtrykket. Onsdag kveld forsvann skyene, og torsdag kom sola.

Les heile

[13 kommentarar]

AnnHelene Wille

26.09.2007

STRIKKEKAFE

Onsdags kvelden opna vi strikkekafen og med godt besøk...

Les heile

Knut Hustad

25.09.2007

Ingen sauer - berre ryper.

Framleis skulle det vere ein sau og nokre få lam att i Kvamsedalen, men ville denne gjengen finne dei? Og kva med å få dei heim att? Ved Kvilesteinen ser vi få venstre Rolf Egil Riise, Lars Johan Sæbønes, Askjell Hustad og Anne Hustad.

Les heile

[2 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

22.09.2007

Tallinn, ein fin by!

Etter å ha spart i tre år vart det denne gang Tallinn som fekk æra av å få besøk av åtte damer frå Bondalen/Sæbø.
Det viste seg å vere eit klokt valg for Tallinn var ein allsidig by som kunne by på det meste.

Les heile

Knut Hustad

22.09.2007

Mot rekordnedbør?

Til no i september har det kome 423,7 mm regn på Hustad. Skal vi satse på rekord? Det er vêrobservatør Anne Hustad som stiller dette spørsmålet - rett nok med eit glimt i auge...

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Riise

22.09.2007

Haust

Spilljevasshaust har det vore hittil, og det kan gå mot nedbørsrekord. Likevel har det vore ei lysning av og til.
Det vart tilfelle søndag den 16.
Det auste ned då eg tok laust, men etter kort gange lysna det og det var berre ei lyst å rusle rundt etter rypa.

Les heile

[7 kommentarar]

Perry Bjørke

22.09.2007

Liv og røre i alle Ungdomshus

Det blir spennende å sjå om dei politiske partia holder lovnadene dei gav før valget til dei unge.
Eg vil i jobbe vidare for at det skal bli liv og røre i alle ungdomshus.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

21.09.2007

Snop

Frå Ann-Helen Sørhaug i Hovdebygda fekk vi tilsendt denne oppskrifta, og dette var flott på ein fredagskveld. Ho skriv:

Her er eit par skikkelege superfavorittar som bør prøvast...kjempegode kaker som smakar til kaffien på ein sur og regntung haustkveld.

Bilete t.h K.Hustad 2007

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

21.09.2007

Gjestebod, eller...?

Vêret har ikkje vore det beste i det siste. Likevel ser det ut til at ein eller annan har halde gjestebod ute i det fri, jfr. foto til høgre. Eller er det noko heilt anna det er snakk om..?

Les heile

[10 kommentarar]

Sondre Kristoffer Mo

19.09.2007

På leiting etter gamle B/F Geiranger

På søndag 16. september skulle mamma på jobb og eg og pappa var heime. Då snakka vi om å ta oss ein tur. Eg hadde tenkt lenge på ein tur til Rovde for å sjå om gamle B/F ”Geiranger” låg der og ein tur ditt kunne eg få sjekke rykta…. Dette vart vi enige om, og oppi det heile, fekk eg meg ein ferjetur også.
Bilde til høgre er ”Geiranger” (II)

Les heile

[18 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

18.09.2007

Bygdemobliseringa planlegg datakurs

Dersom du ynskjer å lære meir så kan Bygdemobliseringa hjelpe til med eit stort eller lite kurs i bruk av data! Kursplass Sæbøskulen, men kva er behovet?

Les heile

Mats Riise

18.09.2007

Meir om fjellsprekka på Åkerneset

Sia interessa var så stor sist Åkernessprekka var nevt, kjem ei lita oppdatering. Tv2 har laga ei lita sak som har gått på nyheitskanalen, og lagt ho ut på nettavisen.no.

Les heile

Hilde Muren

16.09.2007

Dansekurs

Lyst å lære å danse? Eller berre friske opp gamle kunstar? Eit lite nettsøk viser at "KOm og Dans" skal ha laurdagskurs i Volda i haust. Eg har tidlegare dansa med de, og opplevd at her kan ein trygt kome åleine eller i par. Kurshaldarane organiserer det slik at alle fåt nokon å danse med, og alle må ofte bytte dansepartnar. Sjekk heimesida deira: http://www.komogdans.no/moreogromsdal/index.asp?menuItem=4

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

15.09.2007

Sæbø eit steg nærmare opprykk

Sæbø er eit steg nærmare opprykk til 5. divisjon, etter at opprykksrivalen Bergsøy2 vart slått 3-1 på Sæbø stadion (grus) laurdag. Sæbø treng to sigrar i løpet av dei tre siste kampane for å vere garanterte opprykk.

Les heile

[9 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

14.09.2007

Ny ordførarar er klar i Ørsta

Etter harde forhandlingar så er no ordføraren klar i Ørsta. Ny ordførar vert Gudny Fagerhol frå Ap. Paul Kristian Hovden frå KrF vert varaordførar. Senterpartiet får betalt med tre i formannskapet.

Les heile

[18 kommentarar]

Kari Stokke

14.09.2007

Ørskog Brass til Sæbø

Søndag vert det høve til å høyre korpsmusikk frå eitt av dei beste brassbanda i Møre og Romsdal.
Ørskog Brass skal ha øvingshelg på Sæbø og avsluttar opphaldet med musikkafé i gymsalen på Sæbø skule.

Les heile

[3 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

14.09.2007

Helsing fraa Tallinn!

Ein liten helsing fraa Tallinn!
Aatte damer fraa Saeboe er paa tur i Tallinn. Vi ynskjer aa helse heim til alle! Ps. har litt problem med tastaturet.. finn ikkje enkelte bokstavar!

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

13.09.2007

Bokbåten Epos på hausttur

Vi er heldige som får besøk av bokbåten i Hjørundfjorden.
Møt opp og bruk han det er viktig.

Frå 13. september til 6. oktober er bokbåten Epos igjen på hausttur til bygdene i Møre og Romsdal.
Hjørundfjorden får besøk av han desse dagene.

Les heile

Rune Sæbønes

12.09.2007

Nøkkelkamp for Sæbø laurdag

Laurdag kan Sæbø ta eit langt steg med femte divisjon. Då er opprykksrivalen Bergsøy2 gjester på Sæbø stadion. Greier Sæbø å ta sigeren, er i alle fall Bergsøy hekta av. Det vil fotballeiar Øyvind Taklo vere nøgd med.

Les heile

[2 kommentarar]

Perry Bjørke

12.09.2007

Mobildekning i Hjørundfjorden

Mobildekninga i Hjørundfjorden.
Kan Bygdemobliseringa sjå på denne saka som eg fekk frå ei dame som er intrisert i gode mobilforhold for alle same kvar dei bur eller oppheld seg i Hjørundfjorden og det gjeld vist andre bygder også.
Gi henne eit svar Ivar Svein.
Bra vi har folk som tar opp saker som gjeld bygdene.
Eg viste ikkje om dette med mobildekninga.

Etter avtale med henne legg ved eposten ho sende meg.

Les heile

[8 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

11.09.2007

Handballgruppa med ny flaskeinnsamling!

Handballgruppa er i gang att og kjem 17. og 18. september med ny flaskeinnsamling. For å få litt pengar i klubbkassa, som er ganske skrapa, tek vi ei flaskeinnsamling no i starten av sesongen. Vi håpar på god oppslutning frå bygdefolket!

Les heile

Knut Hustad

10.09.2007

Ap og Frp er valvinnarane

Arbeidarpartiet og Framstegspartiet som er valvinnarane ved kommunevalet i Ørsta. Og i bondebygda Bondalen er det heile 57 som har røysta nettopp Framstegspartiet...

Les heile

[11 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

10.09.2007

Blide jenter i nye drakter

Åmdal/Ørsta/Sæbø stilte i kveld i nye drakter til kamp mot Blindheim. Jentene spelte sin fjerde kamp i 1.divisjon. Dei møter her dei sju beste fotballaga i 14-års klassa på Sunnmøre. ÅØS kunne i kveld gå av bana etter nok ein flott kamp.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

09.09.2007

Sæbø slo Åheim 3-1

Sæbø vann laurdag 3-1 over Åheim på kunstgrasbana på Selje i Sogn og Fjorande. Kampen gjekk der fordi grasbana på Åheim fløymde over. Med sigeren har Sæbø stø kurs for femte divisjon.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

08.09.2007

Veljaraksjon

Desse må inn i kommunestyret i Ørsta:

Bodil Skare, Ola Perry Saure, Cecilie Rørstad, Unn Frøland, Knut Åmås og Steinar Nordang. For å få dette til må vi gjere slik...


Les heile

[16 kommentarar]

Perry Bjørke

07.09.2007

Kulturminnedagen

Vi feirer kulturhusa på Bjørke søndag.
Bli med på kulturminnedagen.
Vi er heldige som har så gode kulturhus i bygdene.
Kyrkje-Bedehus-Ungdomshus har vi på Bjørke.
La oss sette pris på at vi har desse kulturhusa.
Underhaldning og god mat blir det også.
En god kaffi og en prat om kulturhusa kan vi få denne dagen.
Gamle kulturminner får vi også sjå (J-BUDA og Tua-Tingstova)

Les heile

Per Urke

06.09.2007

Kreativ naturfotograf

Her eine dagen presenterte Knut Hustad her i portalen postkortet "Storfjorden" med hestar i framgrunnen og båtar på fjorden, tydeleg manipulert inn i hovudmotivet frå Stenes mot Skårafjella og Bondalsfjell. I dag kan vi presentere ein ny vri av naturen ....

Les heile

Tonje Urkegjerde

06.09.2007

Barnekor på Sæbø

Vi hadde barnekor på Sæbø i mange år, men det vart etter kvart vansklegare og vansklegare å skaffe musikalske leiarar. Studentar frå Høgskulen i Volda skifta kvart år, og til slutt stoppa det heilt opp. Dei tre siste åra har det ikkje vore barnekor, men det ser ut til å ordne seg att.

Les heile

[3 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

04.09.2007

Sæbø sitt G14-års lag

Har ikkje sett bilde av Sæbø sitt G14-års lag på portalen i år så her kjem dei.
Gutane spelte i kveld heimekamp mot Vartdal.

Les heile

Andrè Mo

04.09.2007

Dataparty på Grendahuset

Er de nokon som kan stille som vakt på lan? det blir i haustferien, bodil og yngve har allereie sagt dei vil stille. Viss det er fleire kom med kommentarar. så kan vi lage ei liste ut av det.

Les heile

Bodil Skare

04.09.2007

Eitrefjellet i utfordrande ver!

Måndag var det tur til Eitrefjellet som stod for tur for Måndagstrimmen.
Dette regnveret har nesten teke motet frå dei fleste av oss, men vi tok opp kampen mot elementa og møtte opp!

Les heile

Rune Mo

03.09.2007

Dugnad på Bondalen grendahus er avlyst

På det ekstraordinære årsmøte i Bondalen grendahus PL i går 05.09 vart det vedteke at reparasjonen av taket skal flyttast til våren 2008. Det vart valt ei nemnd frå eigarane som skal planlegge dugnaden til våren.
Nemnda sitt arbeid er i hovudsak å setje opp dugnadsliste, men og å vurdere om ein kan utføre arbeidet utan å leige inn snikkarar.

Les heile

Rune Mo

03.09.2007

Ekstraordinært årsmøte

Det vert kalla inn til ekstraordenært årsmøte på grendahuset onsdag kl.20.00.

Sak: Finansiering av reperasjonen på taket. Sparebank1 krev ekstraordinert årsmøte for å gå inn ein låneavtale med Bondalen Grendagus Pl.

Les heile

Bodil Skare

02.09.2007

ENDELEG UT PÅ TUR!

På Hjørundfjordheimen prøvar me å få til ein del turar i løpet av sommarhalvåret. Helst skal det klaffe med dagar der me både har nok hjelp og godt nok ver. Det siste vart ei utfordring denne sommaren. Her ser de nokre som kosar seg på båttur mot Bjørke.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.09.2007

Sæbø vann greitt mot Gjerdsvika

Sæbø vann laurdag 4-0 over Gjerdsvika på Sæbø stadion. Det vart ein heilt grei siger, og spørsmålet var berre kor stor sigeren ville verte. Kampen var den siste for Terje Holen (på ingressbiletet saman med Lars Urke), som no set kursen for Den Dominikanske Republikk.

Les heile

[2 kommentarar]