Mari-Anne Bjørdal
31.08.2007
J16 med siger 6-4 over Dalsfjord
16-års jentene tok i kveld sin tredje siger i haustserien. I kveld var det Dalsfjord som måtte sjå seg slått 6-4 av dei samspelande Sæbø/Åmdal jentene.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2007
Mari-Anne Bjørdal
31.08.2007
16-års jentene tok i kveld sin tredje siger i haustserien. I kveld var det Dalsfjord som måtte sjå seg slått 6-4 av dei samspelande Sæbø/Åmdal jentene.
Rune Sæbønes
31.08.2007
Når Åkerneset i Storfjorden rasar ut i sjøen, kan det føre til fatale følgjer også i Hjørundfjorden. Ei internasjonal forskargruppe har konkludert med at ei flodbølgje med fire meters høgde kan velte over Sæbø. Fredag var ordførar Hans-Olav Myklebust (biletet)på Sæbø for i første omgang å orientere Møre-Nytt om den nye situasjonen.
Knut Hustad
31.08.2007
Javisst, vêret har ikkje vore det beste i Hjørundfjorden siste dagane, men i dag ser det slik ut....
Hjørundfjord bygdemobilisering
31.08.2007
I morgon laurdag 1.september kl.11.00 starter vi med dugnad langs elverampa i trinn 2, Rise-Kvistad bru.
Bilete til høgre er frå dugnaden i fjor på Rise.
Knut Hustad
30.08.2007
Siste frist for spreiing av husdyrgjødsel på eng er 15. september...
Per Urke
30.08.2007
Vi ser tilbake på ei topp vellykka helg med godt oppmøte og god stemning, seier Torbjørn Urke. Vi hadde ikkje drøymt om slik oppslutning, men det gjekk fint, sjølv om det heldt hardt å få 350 under same tak....
Per Urke
30.08.2007
Hjørundfjord Sogelag og Kulturvernelaget avvikla si årlege kulturvandring til gardane på Stenes ved Norangsfjorden 19. august. 150 møtte og det vart trangt og triveleg...
Andrè Mo
29.08.2007
Et spørsmål. Viss vi no skulle ha lan i haustferien, kor mange daga kunne vi hatt et lan då? 2 - 3 dagar eller?
Kom med komentarar, sei ikkje at eg vil ha lan men kjekt å vite kor lenge de kan vare.
Bodil Skare
29.08.2007
Dette er ein liten presantasjon av Arbeiderpartiet sin representant frå Hjørundfjorden! Hei! eg heiter Bodil Skare , sambuar med Rolf Egil Riise, vi har fire born og bur i Simagarden på Rise.
Eg arbeider på Hjørundfjordheimen ,og er med i det meste av lag og organisasjonar i bygda.
Eg har vore med i politikken ei periode no, og har sagt ja til å stille ei periode til.
Det er svært viktig at vi har folk frå Hjørundfjorden som vil vere med i politikken, eg ser det er endel også nye som stiller til valg ,og eg vil oppmode Hjørundfjordingane til å fylle ut lista med slengarar for å få inn flest mulig Hjørundfjordingar.
Her er mine svar på spørsmåla som tidlegare vart lagde ut på portalen!
Mari-Anne Bjørdal
28.08.2007
ÅØS spelte i kveld kamp mot Sykkylven 1 på Legene i Åmdalen. Det vart ein våt og spennande kamp der ÅØS tok ledelsen 2-0 tidleg i kampen, men då det var pause låg jentene under 2-3..
Hilde Muren
28.08.2007
Sæbø barnehage treng tilkallingshjelp frå august 2007. Vi er ute etter personar som har høve til å møte på kort varsel. Erfaring frå barnehage er ønskjeleg.
Vi treng og tilkallingshjelp som på kort varsel kan vikarere for reinhaldar. Erfaring frå reinhald er ønskjeleg.
Er du interessert i å stå på vikarlista vår, send ein e-post til sabobarnehage@tussa.com med informasjon om erfaring, mobilnummer, kva dagar du er disponibel og evt. anna relevant informasjon. Du kan og ringe på telefon 700 40196 (man-ons).
Perry Bjørke
28.08.2007
Kulturminnedagen 2007
Kulturminnedagen blir markert over heile landet den 9 september.
På Bjørke blir det også markering av dagen.
I år er det kulturhusa som er tema for dagen.
Til Glede og besvær
Forsamlinghus,ungdomshus og bedehus
Skjåstaddalen Fril. Ungdomslag, Bjørke Bedehus, Bjørke Kyrkje, J.Buda, Tua/Tingstova, Ørsta
Nasjonalkomiteen melder: Dette programmet kom på 2. plass i konkurransen om "Kulturminnedagens pris 2007.
-----------------------------------------------------
Bjørkebygda ligg innst i Hjørundfjorden og er omkranset av storslått og vakker natur. Like dramatisk og spennende som naturen er også kulturhistoria til bygda. Bygda har også eit levende og allsidig kulturliv med mange aktiviteter i kulturhusa. Ei kulturvandring på Bjørke gir minner for livet og mange oppleveleser som er med å binde sammenutviklinga og kulturen frå fortida og notida.
Kari Stokke
28.08.2007
Mandag morgon vakna vi til nysnø øvst på Stokkehornet. På ettermiddagen mata eg vedomnen og fann fram Ørnulf Hodne si bok "Folkelige værvarsler" for å sjå om der er lyspunkt i vente.
Knut Hustad
27.08.2007
No er det travle tider både for ku og bonde rundt om på gardane i Hjørundfjorden. Og kanskje har du ei kvige for mykje - eller manglar du ei? I så fall bør du lese meir...
Tonje Rem
27.08.2007
Nei til Kraftlinje gjennom Sogn og Sunnmøre
Gå inn å signer oppropet her!
Unn Frøland
26.08.2007
I morgon, mandag er det årsmøte i Ørsta Aktivum på Legene kl 2000. Alle lag og organisasjonar som kjem til å søke på midlar bør sende ein representant, då kvart lag har ei stemme uansett storleik. Om eg ikkje har misforstått, skal det avgjerast kor mykje som skal være direkte-støtte.
Eldbjørg &co har gjort ein god jobb fram til no, og det kan sjå ut som om alt er etter boka i motsetnad til forige årsmøte....
Knut Riise
26.08.2007
Det var ein viss båtførar som gjorde meg merksam på at ein daud fugl eller liknande, låg oppå marka mi nedanfor første ledet.
Eg gjorde meg ein tur for å indentifisere "fuglen". Og på avstand likna det ein stor måseunge. Men då eg gjekk heilt inntil, fekk eg ei overrasking.
Synnøve Mo
25.08.2007
Ivar Svein Mo heiter mannen og fyller 53 år i dag!
Hjørundfjordportalen Administrator
25.08.2007
Hjørundfjordportalen inviterer med dette dei politiske partia til å kome med innlegg på hjorundfjord.no. Vi ynskjer særleg at partia skriv om hjørundfjord-saker, men vi er såpass utoverretta at vi ser at saker som gagnar Ørsta og regionen, også gagnar oss.
Knut Hustad
24.08.2007
Frå laurdag 25.8. klokka 2400 vert Bondalselva stengt for alt fiske... (Til høgre: Arkivfoto. Ståle Walseth)
Mari-Anne Bjørdal
24.08.2007
Sæbø/Åmdal tok i kveld ein komfortabel siger over Bergsøy.Kampen vart spelt på legene i Åmdalen og resultatet vart 10-1.
Rune Sæbønes
24.08.2007
Sæbø vann fredag kveld 9-2 over Kvamsøy/ÅVK2 på Sæbø stadion. Sæbø overkøyrde gjestene. Kven som var dagens helt, er uvisst. Kandidatane er Tommy Riise Olsen (18), som skåra sitt første hat-trick i seniorsamanheng, Øyvind Taklo (34), som skåra sitt første mål på Sæbø stadion etter atten sesongar i Sæbø-trøya, og Dagfinn Strand (50+), som hoppa inn som dommar då oppsett dommar ikkje møtte.
Hjørundfjordportalen Administrator
24.08.2007
Kongeskipet kom på besøk til Vartdal i går 23.august kl.9.00 og gjekk frå kai kl 11.00
Bodil Skare
23.08.2007
DAMETRIMMEN MED STYRKETRENING STARTAR OPP TORSDAG 6. SEPTEMBER. TRENINGA VERT I GYMSALEN PÅ SÆBØ SKULE KLOKKA 19.00 TIL 20.00.
INSTRUKTØR ER SOM FØR ANNE YKSNØY.
VI YNSKJER ALLE GAMLE OG NYE VEL MØTT!
Bodil Skare
23.08.2007
Måndag 20 var måndagstrimmen atter ein gong på Hustadnestuva.
Godt frammøte,fin tempratur og god trim!
Mari-Anne Bjørdal
23.08.2007
J14 Åmdal/Ørsta/Sæbø var mandag til Stranda på fotballkamp og kunne reise heim med siger 4-3.
Jentene vann alle kampane sine i vårsesongen og rykte dermed opp i 1 divisjon!
Helge Strand
22.08.2007
Endå litt mimring......
Unn Frøland
21.08.2007
I dag støytte eg på ein skapning eg ikkje har sett før. No har vi muligens kome fram til arten, men er det nokon av portalen sine lesarar som veit kva dette er?
Laila Sæbønes Olsen
21.08.2007
Hei alle sammen:)
Eg vil gjerne få minne om Tine Fotballskule på Legene som blir arrangert 31 august - 2 september. Vi saknar påmelding frå borna på Søbø...og vil gjerne at dei som er interessert tek kontakt med underteikna.
Skulen tek til fredag kl 1730, vi avsluttar søndag med grilling, sosialt samvær og utdeling av diplomar.
Alle born i alderen 6 år - 16 år er velkomne, A-laget til Åmdal stiller som instruktørar.
Leiar Alderbestemt Åmdal I.L
Laila Sæbønes Olsen
Hjørundfjordportalen Administrator
20.08.2007
Bjørkefolket kan no få utført banktenester og bestille kolonialvarer på Sæbø tysdagane. Båten tek gjerne med seg varer frå Sæbø til Bjørke.
Siw Lillebø
20.08.2007
Så har kvardagen innhenta skuleelevane også. Her var mykje spenning i lufta og sommarfuglar i magen.
Aanon Aanonsen
19.08.2007
Er det noen som ønsker å være med på bading i varmtvannsbassenget på sjukehuset i Volda. Vi har ledig plass på onsdager mellom kl 17 og 18. Ta kontakt med undertegnede på tlf 90896868 hvis du er interressert.
Perry Bjørke
19.08.2007
Klygetun blir slettet då ikkje alle kan å skilje person og sak i debatter.
Synnøve Mo
18.08.2007
Fredag 17.August kl.15.58 kom han endeleg,
guten dei hadde venta på lenge no!
Helge Strand
18.08.2007
Minner frå 1974........
Andrè Mo
18.08.2007
Kva er sjansen for at sæbø kan få enda høgare internett hastigheit? Kanskje en plass mellom 5 og 10 mbs.
Kom med komentarar
Perry Bjørke
18.08.2007
Skilting av Tyssedalsråsa skal det bli slik at alle finn ho.
Nå er Olga ferdig med skilta som skal vise veien opp til Tyssedalen.
Montering av skilta kjem snart.
Vi har en del igjen å gjere på råsa.
Dette får vi ta etter kvart.
Vi har innhenta tillatelse til å parkere på Bruasletta.
Då kan man sette bilen igjen der på lovlig plass i fleire dager.
Vil skal gruse parkeringsplassen og bosdunk skal vi sette opp
ved rasteplassen/parkeringsplassen.
Even Kåre Holte
18.08.2007
Endeleg kom den nye brua over Tyssefossen på plass.
Fredag 17.08 vart stolpane lagt på plass, men på grunn av ufyseleg ver vart det meste av det andre arbeidet utsett til laurdag 18.08.
No er brua so å seie nesten heilt ferdig , berre nokre små detaljar står att.
Knut Hustad
17.08.2007
Frå og med laurdag 18.august klokka 0600 vert det berre tillate med flugefiske i Bondalselva...
Perry Bjørke
16.08.2007
Her i hagen på Bjørke har larver spist opp alle blada på ripsbærtreda.
Det har spredd seg til mange tred men mest på ripstreda.
Eg kunne vist sprøyte men eg liker ikkje å bruke gift på mat.
Dei var mest ivrige på fuktige dager.
Då var det mange på kvart blad og eg så nesten frå time til time at blada forsvant.
Noko som veit kva slags larve dette er.
Kjem den igjen neste år skal tru.
Har ikkje bilde av larven med skal sjå om eg finn nokre.
Kanskje det har blitt sommerfugl eller noko sånt av dei nå.
Knut Riise
15.08.2007
I fjor aula det med langføttingar (myrstankelbein). I år er det den langt hyggelegare marihøna som sit i mengder på forhaustarfronten.
Helge Strand
15.08.2007
Tankar kring (kommunale) nasjonale laksevassdrag/fjordar.
Knut Hustad
14.08.2007
Dette året har laksefisket i Bondalselva vore det dårlegaste i manns minne. No er det på tide at elva vert stengd slik at i alle høve nokre få laksar kan få lov til å gyte....(Til høgre arkivfoto)
Per Urke
13.08.2007
I dag seier vi: Takk og pris at denne sætregrenda i Urkedalen vart berga! For 15-18 år sidan var alle sela i ferd med å falle saman..
Knut Hustad
13.08.2007
Håvard Myklebust gjorde det sterkt i NM i motbakkeløp i helga. Med tida 1.20.53 vart han nummer 8 i si klasse...(Foto: Karoline Myklebust)
Knut Riise
11.08.2007
Det har vore langt mellom harane nedst i dalen i nyare tid. Eg kan huske at det var eit harekull som heldt seg på Rise i 1969,då vi heldt på å bygge opp att, etter at Korsafonna raserte Rise året før.
I ein månads tid har det vore ein eller fleire ungharar i hagane på Rise att. Men dei, eller den, lever farleg!
Per Urke
11.08.2007
Neste helg, 18.- 19. august, er det Heimkome-helg på Urke. Vil du vite meir om programmet, sjå på plakaten!
Knut Riise
10.08.2007
Det har gått rykte om ei olm ku som har angripe fleire i Rognestøyldalen i sommar. Stor var overraskinga då det viste seg at eg var eigaren.
Bodil Skare
10.08.2007
Trimgruppa vil prøve å få til ein familietur til Grøtdalstindane på søndag 12 august.
Frammøte på Frøland kl.10.
Vèratterhald!
Knut Hustad
10.08.2007
Nei, dette motivet er ikkje frå Finnmark, men kanskje frå...
Per Urke
08.08.2007
Det går på slutten for Skårakjerringa!
Hjørundfjordportalen Administrator
08.08.2007
For eit års tid sidan kom ”Namnesamlingar av Ivar Aasen” med nyprenting av hefte som ikkje har vore råd i få tak i dei seinare åra.
Bernt Arve Hustad
07.08.2007
Fine kalvar den eine ny fødd og den andre 5 dagar gammal
Perry Bjørke
07.08.2007
Fiskebåten kjem ofte til Bjørke og ligg her.
Her er så fredelig seier dei.
Eg synest det også er hyggelig med en prat på kaia.
Bodil Skare
07.08.2007
Måndagstrimmen hadde Stokkehornet som mål denne gongen, og veret var heilt perfekt!
Vi var 13 som møtte opp , og valget var Klokkura eller Stokkehornet.
Per Atle Røe
07.08.2007
I Hjørundfjorden finst det mange mulegheiter for lokal matproduksjon som i dag ligg unytta. Tilliks med annan norsk tradisjon sender vi i dag frå oss råvarene lite foredla. Dei store samrørslene som på ingen måte skal sjåast som negative, har fjerne merksemda frå lokal foredling, det skjer no sentralt. Det som no er etterspurd frå leverandørane er ofte mest muleg, billegast muleg. Utkantane er taparane i dette jaget og vi som bur der, må sjå etter andre vegar til marknaden, til kundar som etterspør særpreg og andre kvalitetar enn låg pris. Ei mulegheit er lokal matproduksjon med lokal overlevering
Knut Hustad
06.08.2007
Dei første helleristningane i Alta vart oppdaga i 1973. I 1985 vart dei innlemma i UNESCO si kulturarvliste. Men kvifor vart dei ikkje oppdaga før - raude og fine som dei er? (Underteikna(t.h.) ved eit helleristningsfelt)
Per Atle Røe
06.08.2007
Ein tilårskomen gjeng på 15-20 stk vener/slekt har dei siste åra møttest til årleg fjelltur. Dei fire føregåande åra har treffet vore lagt til Jotunheimen der Falketind, Urdanostinden, Storebjørn og Høgvagltindane har vore fjellmålet i dei einskilde åra. I år var gjengen invitert til Ørsta. Kva var vel meir naturleg enn å legge aktivitetane til Hjørundfjorden med m.a. Skårasalen og strendene i Hjørundfjorden som mål for natur og kulturopplevingar.
Runa Bente Kvammen
06.08.2007
Da flere medlemmer av vårt mannskap er berørt av en alvorlig bilulykke, er det nødvendig for oss å sette siste dag for vårt Fjordcruise til Hjørundfjorden og Geiranger, til tirsdag 7.august.
Vi vil samtidig takke alle som har støttet opp om vårt rutetilbud denne sesongen og vi håper å få se dere om bord i 2008.
Mvh
Runa Bente Kvammen
CruiseService
Gaute M Holen
06.08.2007
Vi treng nokon som kan stå vakt på lan-party tysdag 10.00-12.00
Perry Bjørke
06.08.2007
Fiskerane møter opp på Bjørke sjølv om det finnes lite fisk å få på kroken.
Det sosiale ved å møtest ved elva og bålet er like viktig .
Therese Lystad Holen
05.08.2007
Ungdomslaget arrangerer dataparty (LAN) på grendahuset mandag 6. august frå kl 17.00
Mari-Anne Bjørdal
05.08.2007
Etter ei fantastisk veke i Oslo kom vi i natt heimatt. Køyreturen gikk fint og alle er einige om at vi har hatt ein kjempeflott tur, både sportsleg og sosial!
Per Urke
05.08.2007
Det er tempo over utbygginga av kraftverket på Urke.
Stopp opp og titt på planane...
Enok Kippersund
04.08.2007
I mylderet av festivalar over alt i landet, finst det også ein Utkantfestival! Og der er det ikkje småtteri dei har på programmet.
Rune Sæbønes
04.08.2007
Her er bronsejentene. Sæbø/Åmdal sitt jente 16-lag stod for ein historisk prestasjon då dei fredag sikra seg tredjeplass i si klasse i Norway Cup. Dei ni jentene frå Hjørundfjorden og dei to frå Åmdalen kunne heve pokalen og ta i mot medaljane for tredjeplass fredag ettermiddag.
Knut Hustad
03.08.2007
I kvinne i 50-åra vart i ettermiddag frakta velberga ned med helikopter frå Olavsdalen v/Hustad. Ho hadde tidlegare på dagen bedt om hjelp frå AMK-sentralen då ho hadde gått seg fast...
Jarle Myklebust
03.08.2007
Som avsluttning av årets Naturfestival har du høve til å være med til Bjørkehornet,søndag 5.august.Turen startar ved skilt Bjørke og Tyssefossen,klokka 10.30.Vi startar i roleg tempo,og går i ei nymerka og nyrydda Bjørkerås!
Perry Bjørke
03.08.2007
Kvernhusvegen langs Vikeelva på Bjørke skulle ha våre rydda.
Nå skal både Naturfestivalen gå der og seinare Kulturminnedagen.
AnnHelene Wille
02.08.2007
Sommargjesten på sæbø er Anette Brøker fra Tyskland.Ho har med seg mannen Olav og dei to gutane Leon og Jannik
Per Urke
02.08.2007
Dette minner om tida då Hjørundfjordbåten - dvs. "Rauma" gjekk i rute på fjorden, tenkjer ein velvoksen hjørundfjording etter kvart som "Fjord Øye" i rutebåtfart går inn mot Leknes...
Rune Sæbønes
02.08.2007
Jentelaget til Sæbø/Åmdal tok bronsemedaljen i J16 7ar i Norway Cup. Med det har jentene prestert eit historisk resultat for Sæbø IL. Aldri har noko lag gjort det betre.
Perry Bjørke
02.08.2007
Naturfestivalen har mange arrangemang denne uka på Bjørke.
Følg med i avisa og på nettet.www.naturfestivalen.no
Følg med på Aktivitetskalenderen
Knut Hustad
02.08.2007
Skal vi sjå - eg greier vel ein fisk til?
Mats Riise
01.08.2007
Gutane hadde walkover i sin kamp og hadde difor pause. Jentene derimot møtte i 16-delsfinala eit Harøy-lag som hadde med seg 20plussmål frå gruppespelet .
Perry Bjørke
01.08.2007
Tussa sin symjehall på Bjørke er 20 år
Rart kor fort tiden går.
Perry Bjørke
01.08.2007
Folk møtte opp i Bakkedalen sjølv om det var vått i går.
Musikk og mat blei det på alle.
Takk til alle som hjelpte til så vi fekk arrangert denne dagen
i Bakkedalen.
Takk til kokkene og teltarbeiderene.
Nå heng telt og utstyr til Tørk.
Håper deltakerene også har fått tørre kle .
Astrid Hustadnes Wille
01.08.2007
Søndag tok eg meg ein fisketur på Hjørundfjorden for å prøve fiskelykka.
Målet var middag dagen derpå...og det klarte eg.