Knut Hustad
31.05.2007
Det er så flott atte...
Utan tvil - i desse dagar er Hjørundfjorden på sitt vakraste. Til høgre ser vi epletre hos Per Myrhol. Har du foto, så...
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2007
Knut Hustad
31.05.2007
Utan tvil - i desse dagar er Hjørundfjorden på sitt vakraste. Til høgre ser vi epletre hos Per Myrhol. Har du foto, så...
Rune Sæbønes
31.05.2007
Den nye skyssbåtkaia på Sæbø er teken i bruk. Både M/S Hjørundfjord og Cruise Service sin Nordic Sky har brukt kaia. Enno er ikkje kaia heilt ferdig, men dei siste detaljane kjem raskt på plass.
Rune Sæbønes
31.05.2007
Hjørundfjorden sin eigen Arvid Urkegjerde stiller ut på Hjørundfjorddagane 2. og 3. juni. Arvid fyller i år seksti, og nemnda bak Hjørundfjorddagane synest det var passande å markere jubileet med å ha ei utstilling med Arvid sin kunst
Rune Sæbønes
31.05.2007
Fredrik Steen toppar plakaten til Hjørundfjorddagane i år. Han er kanskje betre kjent som Hildegunn Moltubakk, og kanskje dukkar også ho opp på scena laurdag 2. juni. Fredrik Steen kjem med bandet Kavorka Quartet, og underheld med show og musikk både på scena på dagtid, og i messeteltet på kveldstid.
Rune Sæbønes
31.05.2007
Det er mange utstillarar på Hjørundfjorddagane i år. Arvid Urkegjerde toppar lista, men i tillegg til han, vil det verte mykje interessant både å sjå og få kjøpt.
Rune Sæbønes
31.05.2007
For første gong syng Edith Flakk Nordang og Elise Flakk Nordang, mor og dotter, saman offentleg. Det skjer under Hjørundfjorddagane. Søndag 3. juli er dei klare, og songen er på engelsk.....
Hjørundfjord bygdemobilisering
31.05.2007
Brosjyren er no ferdigtrykt og klar for bruk. Han er meint å vere ein apetittvekkar for alle interesserte i fjorden, tindane, kulturen og folket. Brosjyren har ingen adresser eller telefonnummer til produktleverandørar, berre til hjorundfjord.no.
Bygdemobiliseringa vil på denne måten prøve å skape eit samspel med portalen slik at det er heimesida som eigentleg er hovudbrosjyra. Der skal vi gjere produkta våre attraktive og tilgjengelege. Der skal kundane få nok og så god informasjon at Hjørundfjorden kjem med i deira framtidige reise- og ferieplanar.
Perry Bjørke
30.05.2007
Håper alle i Ørsta Kommune bruker dette verktøyet for å lære meir om rusarbeid og korleis vi kan jobbe med planlegging av rusarbeidet.
Eg fekk opplysning om denne sida tilsend i dag.
Dumt at Ørsta Kommune tapte nesten 100000 i støtte til
rusarbeid i høst.
Eg viste om søknadsfristen men kommuna blei for sein til å sende inn søknaden.
Volda fekk tilskot.
Eg legg ut denne sida så dere alle kan finne den.
Vi som jobber med barn og unge har også god nytte av denne
sida
www.kommunetorget.no
Johannes Halland
30.05.2007
Elevane i 4.-7. klasse hadde torsdag 24. mai framsyning av teaterstykket Ronja Røverdatter. Elevane har arbeidd med stykket gjennom hausten og våren. Det har gått mykje tid til øving, og elevane har sett seg godt inn i rollene sine.
Knut Riise
29.05.2007
Fint å vere gardgjærar i dag!
Og fotoapparatet er sjølsagt med, i tillegg til fuglekikkerten.
Våren går sin gang og eg har lagt inn nokre bilete til som eg tok i dag tidleg.
31. mai.
Risestøylen har vorte grøn og fin, så om ei veke er det beiteslepp der inne også, om veret held seg
Knut Hustad
29.05.2007
Det er ikkje for å røle, men Skårasalen er framleis høgst. Også om ein har mjølkespreng...
Hjørundfjordportalen Administrator
28.05.2007
PÅMELDING TIL HEIMKOME-HELGA PÅ URKE 18.-19. august
nærmar seg og komiteen ber om at deltakarar melder seg innan 1. juni. Har du ikkje fått invitasjon, finn du fram slik:
Fred Ingar Somby
28.05.2007
Kolåstinden er kongen og Slogen er dronninga. Da må Vassdalstinden, den vakreste av dem alle, være prinsessa..
Håvard Myklebust
28.05.2007
"Endeleg", tenkjer sikkert nokre, ja endeleg seier eg.Endeleg får Kårdalstindane omtale. Det som er eit kanskje litt ukjend og lite brukt fjell, skulle vise seg å vere eit fjell med fleire sterke sider...
Rune Sæbønes
28.05.2007
Sæbø tok sin sjette strake siger i sjette divisjon måndag, då Åheim vart slått 6-1 på Sæbø stadion. Sæbø sette standarden i første omgang, og leia 3-0 ved pause. Måla kom ved Marius Riise (2), Terje Holen (2), Kai Arne Skår og Terje Stokke.
Hjørundfjord bygdemobilisering
28.05.2007
Hjørundfjorden Bygdemoblisering skal arbeide for trivsel,bulyst og næringstiltak i Hjørundfjorden. Styringsgruppa held møte i morgonkveld tysdag 29.mai på Bondalens grendahus kl.20.00. For at vi skal kunne arbeide målretta framover er vi avhengig av innspel frå dei unge i bygdene....
Bilete t.h.er frå sist møte på Haukly på Bjørke. Her hadde vi besøk av varaordførar og Liv Bente frå Landbrukskontoret.
Bård Dahle
28.05.2007
Førstkomande fredag, 1. juni, vert det pianokonsert i Bjørke kyrkje med tre elevar på musikklina ved Volda vidaregåande skule som har piano som hovudinstrument.
Kari Stokke
27.05.2007
Sæbø I.L. sine yngste medlemmer var på fotballcup i Ørsta på pinseaften.
Bendik er veteran; for ham er dette andre sesong med lærkule, men for de andre var det snakk om viktige debutkamper.
Knut Hustad
26.05.2007
I går, fredag den 25.mai, kom den nye flytebrygga på plass på Sæbø. Om kvelden same dag kunne Brit Østgård og ektemannen hennar glede seg over å få ta den nye skyssbåtkaia i bruk - som dei første...(Foto: Hilde Muren)
Rune Sæbønes
26.05.2007
Av og til er det verdt å vente. På timen før soloppgangen. Det er då lyset kastar magiske augneblink over Hjørundfjorden.
Fred Ingar Somby
26.05.2007
En stjernetur langt ut på våren, selv om stjerna var noe falmet i dag på grunn av været. Det ville toppområdet og de bratte rennene på østsida gir de besøkende full valuta for anstrengelsene..
Rune Sæbønes
25.05.2007
Kan Sæbø ta sin sjette strake siger? Det er hovudspørsmålet når laget tek i mot Åheim på Sæbø stadion måndag 2. pinsedag. Andre spørsmål er om Jan Kjetil Holen og Yngve Frøland (biletet)er speleklare.
Dagny Riise Heggestad
25.05.2007
På tide med sommarpreg på portalen?
Roy Lillebø
24.05.2007
Det vert dugnad på "Kapteinskvia" og Badestranda Torsdag den 31.Mai frå kl. 1730.
Ta med motorljå, grasklippar, rive, trillebårer m.m. samt mat og drikke, godt humør og arbeidsglede.
Mvh
Sæbø grendalag
Hilde Muren
24.05.2007
Utfyllinga av strandlinja på begge sider av Lisjeelva er snart ferdig. Etter å ha venta i fleire tiår på at noko skulle skje, skjedde mykje veldig fort. I løpet av nokre få dagar har Sæbø sentrum vakse med mange kvadratmeter, og det store spørsmålet er: Kva gjer vi her? Hjørundfjord Bygdeutvikling ber om idear og innspel frå bygdefolket, bruk gjerne portalen eller forslagskassa til Grendalaget (på Bellingen).
Kari Stokke
23.05.2007
Allidrettgruppa i Sæbø I.L. har gjort tradisjon av å arrangere sykkelløp for små og store 2. pinsedag. I år må vi utsette sykkelløpet, men håper å få arrangert det samme dag som grendalaget på Sæbø arrangerer sommerfesten sin.
Hjørundfjord bygdemobilisering
23.05.2007
To uavhengie forskarar har kome til at volumet av 420-kv linja i landskapet vårt,som skal frå Ørskog-Fardal, vil bandlegge meir volum enn den Kinesiske mur.
Vi synest det er merkeleg at mange instansar i samfunnet gjer alt dei kan for å pynte etter seg ved naudsynte naturinngrep. Vegvesenet for eksempel lagar flotte gråsteinsmurar og gjensådde skråningar når dei byggje nye vegar. Statnett derimot berre turer fram……………..
Stavset og Ytre Standal grendalg har laga ein høyringsuttale....
Bilete t.h. Ytre Standal april 2007
Fred Ingar Somby
23.05.2007
Jolhornet og Kvasshornet er en vårtur selv den kresne vil sette pris på. Den har alt; kort adkomst, plenty høydemeter, flott nedkjøring og en luftig egg med svimlende utsikt...
Jeg har også lagt ved alle Quiz'ers mor.
Bodil Skare
22.05.2007
Måtte berre legge ut dette bildet for å vise dei søte små kyllingane som vi har klekkt ut 21 mai!
Her er Marta, Eivind, Olai, Henrik og Elen.
Bodil Skare
22.05.2007
Det var godt oppmøte på vår første måndagstrim, 16 stykke var med då turen gjekk til Rognestøylen.
Været var flott ,fuglane kvitra , alle var blide!
Knut Hustad
22.05.2007
I dag starta utfyllinga av området sør for den nye skyssbåtkaia på Sæbø...
Knut Hustad
22.05.2007
- Denne forskinga skal ikkje føre til ulemper for fjorden eller folket, seier Vegard Bjørdal. Bjørdal arbeider ombord på teststasjonen for seismikk som no ligg ved kai på Sæbø...
Helge Strand
21.05.2007
I dag såg eg.......
Rune Sæbønes
21.05.2007
Komande fredag inviterer programleiar May Britt Haukås til nok ei Noreg Rundt-sending på NRK1, og då med Hjørundfjorden og dampbåten M/S Thorolf som ramme for programmet. – Eg ynskjer å vise fram Hjørundfjorden. Eg er slått av det storslagne med denne fjorden, og det ynskjer eg å få fram i programmet, seier Haukås.
Rune Sæbønes
21.05.2007
Sæbø vann 2-0 i Gjerdsvika måndag kveld, etter skåringar av Kai Arne Skår og Terje Stokke (Biletet). hjorundfjord.no sende kampen direkte. På plass i Gjerdsvika var Sverre Børge Hjorthaug og Stian Holen som fora hjorundfjord.no med opplysningar og bilete etter kvart som kampen utvikla seg. Stor takk til dei. Klikk på "les meir", og sjå referatet. Sæbø tok med dette sin femte strake siger.
Hilde Muren
20.05.2007
Sæbø skulekorps tel i dag 11 medlemmar, halvparten av dei er aspirantar. Vi ser dei spele på 17mai og på julemarknaden, og kvart år er det fleire som fell frå og nokre nye som kjem til. Skal dei høyrast ut som eit korps treng dei samspel med andre, og når dei andre manglar bruker ein cd-spelar. Skal vi ha eit sterkt og levedyktig korps att i bygda trengst sterke tiltak.
Perry Bjørke
20.05.2007
17 Mai feiringa på Bjørke 2007
Rune Sæbønes
20.05.2007
Lynvingen Trond Åge Osvoll (25) forlet Sæbø IL, og melder overgang til vidgjetne Skeid i Oslo. Det er ikkje så unaturleg, då Trond Åge bur i Oslo. Overfor hjorundfjord.no lovar han likevel å avslutte fotballkarrieren på Sæbø.
Elisabeth Frøland
19.05.2007
Eit lite innblikk i korleis 17 mai blir feira av norske studentar i Sydney.
Perry Bjørke
19.05.2007
Fredag den 18 mai var det dugnad på Bjørke.
Bjørke Kailag reparerte flytebryggja som ligg ved steinkaia på Bjørke.
Rune Sæbønes
18.05.2007
- Når 17. mai kjem, så er det liksom som om alle kjem ut av husa sine, og plutseleg har vi vorte som ein liten småby på Sæbø. I dag er det den dagen ingen skal sitje inne, ingen skal vere åleine og ingen skal gå og sture. Det er vi er ei så lita bygd, gjer at fellesskapen her er mektig, sa Tirill Holen og Tonje Urkegjerde då dei saman heldt ungdomstalen på folkefesten på Sæbø 17. mai.
Ivar Svein Mo
18.05.2007
Dei som vil sjå bilete frå 17.mai feiringa på Sæbø kan sjå her....
Knut Hustad
18.05.2007
Flaks eller ikkje flaks, men veret synte seg igjen frå si beste side på nasjonaldagen vår og på nytt fekk vi ei flott 17. maifeiring på Sæbø... Til høgre ser vi Sigrid Berge(t.v.) og Else Årseth.
Hjørundfjordportalen Administrator
17.05.2007
- I dette samfunnet er ungdommen heilt sentral. Vi må vere flinke til å gje ungdommen vår framtidstru, og med det ei tru på at det å leve i Hjørundfjorden, det å stifte familie i Hjørundfjorden, er framtidsretta... M.a. sa Rune Sæbønes dette, då han i dag - på nasjonaldagen - heldt tale ved Bautaen på Sæbø.
Kari Stokke
17.05.2007
Gratulerer med dagen!
Etter en flott 17.mai feiring i uventet godt vær foretok jeg en liten hagevandring på Tryset.
Plutselig hørte min mor og jeg mange kraftige "ko-ko" fra gamleveien mellom Villane og Rekkedal.
Er ikke det tidlig?
Der jeg vokste opp i Fana utenfor Bergen hadde vi som en slags "leveregel" at vi ikke kunne sitte på bakken før vi hadde hørt gjøken gale. Jeg mener det skjedde mye seinere på våren?
(Jeg fikk ikke tatt bilde av den:))
Jan-Inge Lillebø
16.05.2007
Tenkte at sidan småbåthavna er under utbygging,så kunne det kanskje passe med å vise ein alternativ måte.
Knut Hustad
15.05.2007
Kvalitetsikring, godkjenning, sertifisering, revisjon... Det har blitt mange fine ord også i landbruket, men populære er dei ikkje - alle desse som dukkar opp og vil meine eit eller anna om det arbeidet vi bønder gjer. Men så dukka dei coronadyrkande jorbærbøndene Gerd og Ove opp...
Siw Lillebø
15.05.2007
Her kjem endeleg arbeidslista for 17. mai arrangementet på Sæbø. Håper og trur at alle stiller, på den måten vil vi få ei kjekk feiring av nasjonaldagen vår.
Synnøve Mo
15.05.2007
Dette er vel ikkje nokon artikkel, men eg prøver meg her alikavel!
Håvard Myklebust
15.05.2007
Søndag var det konfirmasjon på Bjørke. Det var fem flotte ungdommar som skulle konfirmerast.
Hilde Muren
15.05.2007
Det er mai og det er vår, også i barnehagen på Sæbø. Rett nok manglar den store vårvarmen, med med gode klede er det mykje å gjere for små og store likevel.
Rune Sæbønes
15.05.2007
Har du merka ei endring på hjorundfjord.no siste veka?
Ja, lesarane har alltid rett. Vi har lagt inn reiselivet på topp. Det har samanheng med den nye Hjørundfjord-brosjyren, som Hjørundfjord Bygdemobilisering gjev ut i samarbeid med reiselivsbedriftene i fjorden.
Knut Hustad
14.05.2007
Den 23. mai klokka 1000 er det igjen råd å få kjøpt ferske bakarvarer hjå Strands bakeri på Sæbø...
Rune Sæbønes
14.05.2007
Sæbø tok måndag kveld sin fjerde strake siger i sjette divisjon. Det var topprival Flø som måtte reise heim frå Sæbø stadion med 1-3 i bagasjen. Marius Riise (biletet) skåra to mål.
Hilde Muren
13.05.2007
Sæbø skulekorps har hatt (uformell) lageroppteljing av uniformer og instrument. Vi ber alle husstandar i Sæbø gjere det same. Sjå om de heime har liggande gamle korpsinstrument eller uniformer og lever dei til Monica Follestad på Frøland. Meldinga gjeld sjølvsagt berre dykk som ikkje spelar i korpset no.
PS-Vi treng og sårt til musikantar som kan traktere instrument og uniformer. Meir om det seinare.
Mari-Anne Bjørdal
12.05.2007
Fotballsesongen er no i gang og vi har denne sesongen samarbeid på jentesida med Åmdal. Vi er så heldige å ha med 13 ivrige jenter frå Sæbø og Åmdalen som stiller lag i J16. Dei har spelt to kampar der dei tapte mot Dalsfjorden 6-1 og vann over Vankam 10-2.
Roy-Magne Mo
12.05.2007
Pinseturen til Norsk Sportsvognklubb er i år lagt til vestlandet, og snur etter overnatting på Hotell Union Øye.
Hilde Muren
11.05.2007
I barnhagen opplever vi mykje rart. Denne veka hadde vi besøk av ein fugl som ville vere saman med barna. Plutseleg satt den på skuldra til ein av 5åringane og lot seg fotografere. Etterkvart fant den seg ein betre plass på lua hennar før den bæsja litt og flaug sin veg. Men vi lurer på - kva fugl er dette? Og korfor var han så barnevennleg? Nokon som kan hjelpe?
Helge Strand
11.05.2007
Kommentar....eller artikkel?
Knut Hustad
11.05.2007
Benedicte Kjelland og Frost media har gjort jobben sin, styringsgruppa i Hjørundfjorden bygdemobilisering har bestemt seg, t-skjorta er tinga...
Knut Hustad
10.05.2007
I kveld fekk vi sjå Nutte - Kanutte Strand - i programmet TV 2 hjelper deg, på TV 2...
Bodil Skare
09.05.2007
Trimgruppa er i full gong med fjelltrimmen og måndagsturane.
Noko er nytt, og noko er det same som i fjor.
Vi har eit ”variert program” som vi oppmodar alle til å delta på!
Vi vonar på ein fin sommar og godt turver,
GOD TUR!
Alf Ole Aarseth
09.05.2007
I dag onsdag 9 mai fyller heile Bondalens ”sjefselektrikar” Inge Anders Aarseth 70 år.
Inge har i ein mannsalder vore ein svært hjelpsam elektrikar og ”redningsmann” for mange av bøndene og andre i bygda med akutte problem av elektrisk art.
I dag er det lov å hylle denne venlege mannen med gratulasjonar her på Portalen.
Hjørundfjord bygdemobilisering
09.05.2007
Hjørundfjord bygdemobilisering presenterte prosjektet sitt på Geirangerkonferansen tysdag 8.mai. Geirangerkonferansen vert arrangert av landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke, og er for landbruksavdelingar, sentraladministrasjonar og politikarar frå heile fylket.
Rune Sæbønes
08.05.2007
Sæbø tok sin tredje strake siger i 6. divisjon tysdag, då laget banka Hasungot/Hødd3 4-0 på kunstgrasbana på Høddvoll. Sæbø vann ein fortent siger, men måla kom ikkje før i kampens siste tjue minutt. Dermed er det klart for toppkamp mot Flø på Sæbø stadion komande måndag.
Knut Arvid Uglebakken
08.05.2007
I disse dager siger vel laksen innover i fjordene igjen. Det er enda en stund å vente for ivrige laksefiskere, før fisket starter. Det kan være fint med inspirasjon fra andre elver også.
Bli med til Altaelva!
Knut Hustad
08.05.2007
Du er så uroleg i natt, bonde,
kva er det som plagar deg?
Ikkje le søster
men eg tenker på vipene...
Håvard Myklebust
07.05.2007
No er vinteren over og våren har alt byrja å ta form. Då er det vel tid for å ta seg ein liten rusletur i skog og mark?
Cecilie Rørstad
07.05.2007
No har Statens Vegvesen lagt reguleringsplanen for vegen mellom Leira og Bjørke ut til offentleg ettersyn. Dette betyr voneleg at ein er eit steg nærare rastrygg veg på denne strekninga.
Rune Sæbønes
05.05.2007
Fotballsesongen er i gang, også for dei aldersfastlagde laga. Sæbø sine G16-gutar har opna sesongen med eitt tap, og ein siger. Sigeren kom fredag på Sæbø stadion, og trenarane Yngve Frøland og Mats Riise (på ingressbiletet i gang med pep-talk) er nøgde.
Rune Sæbønes
05.05.2007
Sæbø vann 2-1 over Volda2 på Sæbø stadion laurdag. Mål av Yngve Frøland og Jan Kjetil Holen (ingressbiletet) sikra sigeren. Dermed står Sæbø med full poengpott etter to kampar i 6. divisjon.
Perry Bjørke
05.05.2007
Vi har mange ildsjeler for kulturen i Hjørundfjorden.
En av dei har våre og er Ragnar Standal
Eg har våre så heldig at eg har fått lov til å jobbe saman med Ragnar i mange prosjekt.
Knut Hustad
05.05.2007
- Forskalingsarbeid ved den nye skyssbåtkaia, store anleggsmaskiner i den nye småbåthamna... Ja, det er mykje å sjå både for store og små gutar - og jenter - på Sæbø om dagen. Til høgre ser vi anleggsmaskiner frå entreprenøren K A Austad AS i arbeid i den nye småbåthamna.
Perry Bjørke
05.05.2007
Noregs Ungdomslag og Norske lagsbruk jobber vidare med kulturhusa slik at vi alle kan få litt meir støtte til holde kulturhusa vedlike.
Eit langt lerret å bleike men dei gjer en viktig jobb
for at alle ungdomslaga skal få det litt bedre.
Eg ønsker dei lykke til med arbeidet.
Perry Bjørke
04.05.2007
Kan Bygdemobliseringa hente nokre idear her?
Ingen ide er for galen i Lucky Næroset
Rune Sæbønes
03.05.2007
Akkurat no er det kurs i bruk av hjorundfjord.no på Bjørke. Åtte deltakarar er med på einkveldskurset, og kanskje vil portalen dermed få endå fleire skribentar.
Knut Hustad
03.05.2007
Så er 30 års venting over. I dag starta utbygginga av den nye småbåthamna som vert plassert mellom Sagafjord Hotell AS på Sæbø og elveosen på Hustad...
Einar Arve Nordang
02.05.2007
Fiskerapport om bitevillig ørret i Norangsdalen.
Knut Hustad
02.05.2007
For første gong har gardbrukarar frå Hjørundfjorden fått sølvtina - Tine BA si høgste premiering for produksjon av særdeles god mjølk. hjorundfjord.no gratulerer så mykje gardbrukarpara Inger og Ivar Svein Mo og Solveig Nikkinen og Kjetil Rørstad...
Rune Sæbønes
02.05.2007
Liverpool er klar for finalen i Meisterligaen. I Bondalen er det fleire som jublar over finalebilletten. Og for Manchester United-fansen: Velkomen etter. På ingressbiletet jublar Kjell Johan Aarseth saman med Liverpool sin Alan Kennedy. Han vart matcvinnar for Liverpool både i 1981 (1-0) og i 1984 (siste straffespark i straffesparkkonkurransen).
Perry Bjørke
01.05.2007
Det går mot sommer når sola kliv Bjørkehornet
Kvar vår venter vi på dette.
Vi i Hansgarden er dei siste på Bjørke som ser sola klive Bjørkehornet.
Håvard Myklebust
01.05.2007
Nok ein dag med finevèr måtte nytast. Saman med systra mi og far min skulle Ørsta sitt høgste fjell, Kvitegga 1717 m.o.h, bestigast. Vi var heller ikkje dei einaste...
Knut Hustad
01.05.2007
Laurdag vart 230 tonn kalk henta av gardbrukarane i Bondalen på kaia til Sæbø D.S. Ekspedisjon på Sæbø. Arne Johan Hustadnes(foto til høgre) er den som har ansvaret for at alle får sitt...