Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2007

Attende til hovudsida

Artiklar

Februar 2007

Knut Hustad

28.02.2007

Storhornet - 1377 meter

Reiselivssjef Hjørdis Kristoffersen seier at Ørsta Reiselivslag ikkje kan satse på ekstremsportturisme. Neivel, då får vi andre som likar å ta oss ein fjelltur på ski, nyte desse fantastiske dagane åleine...

Les heile

[6 kommentarar]

Rune Sæbønes

27.02.2007

"Et lille snehelvede"

"Hård kamp mod snehelvedet", det var hovudoppslaget i lokalavisa på Nord-Jylland sist laurdag. Åtte karar frå Sæbø og Hovdebygda oppsøkte katastrofeområdet frivilleg for å gå på Kim Larsen-konsert. Det vart det aldri noko av, for danskane sleit verkeleg med naturkreftene...

Les heile

[2 kommentarar]

AnnHelene Wille

26.02.2007

Leir Konfirmantane på Sæbø

Onsdag den 20. februar, reiste 8 Sæbøkonfirmantar på konfirmantleir til Fjordly leirstad, i Nordfjord.
Konfirmantleiren varte frå Onsdag den 20. feb,
til Søndag 25. feb.

Les heile

Fred Ingar Somby

26.02.2007

Sylvkallen - 1311m

Skal ikke du ta deg en tur til fjells, Fred? Ja, kanskje det, men klokka er jo ett allerede. Ja, og du må være tilbake til fem. Etter litt kjapp hoderegning der 2+2 ofte er lik 3 falt valget på Sylvkallen..

Les heile

[2 kommentarar]

Alf Ole Aarseth

25.02.2007

Tur til Anfield !

For 3 veker sidan, helga den 2-4 februar tok 7 ”unggutar” på +/- 40 år turen til Liverpool og Anfield Road for å sjå favorittlaget i lokalderbyet mot Everton. Kampen enda diverre 0-0 og spelet var litt skuffande, men berre opplevinga av å stå på ”The Kop” med ei tåre i augekroken og synge ”You'll never walk alone” saman med nærare 45.000 andre fans, er verd turen åleine !

Les heile

[1 kommentar]

Sølvi Britt Skylstad

25.02.2007

Hvem kjenner seg igjen? Nebbedalen?

Jeg har blitt spurt om disse motivene er gjenkjennelige. De skal være fra Nebbedalen anno 1879. Hva med Buxdalsfossen? Fins der et navn som ligner på dette? Er her mye kunstnerisk frihet? Er det Kvitegga vi ser?

Les heile

[3 kommentarar]

Jakob Hustad

25.02.2007

Jomfruturen

Då eg skulle kople straumforsyninga til mottakaren, merka eg at eg skalv på handa. Eg telte ned til tre før eg begynte og det flaug til vers...

Les heile

[5 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

25.02.2007

Utilgjengelig portal

Hjørundfjordportalen var utilgjengelig ei tid, og Tussa sine kundar i Bondalen og Ørsta kunne difor ikkje kome seg inn på portalen.

Grunnen til dette var eit DoS-angrep på domeneshop sine webserverar, og dei reagerte med å sperre for enkelte ip-adresser. Nokre av disse ip-adressene tilhørte norske leverandørar.

Blokkeringa vart oppheva i natt og portalen skal no være tilgjengelig for alle igjen. Om det fortsatt er problemer med å kome seg inn på portalen ligg problemet andre plassar melder domeneshop.no.

Les heile

[2 kommentarar]

Enok Kippersund

24.02.2007

Litt pomp og drøss med planar

Jubileumsopninga nærmar seg! Sundag 4.mars vert det litt pomp og seremoni, og ein drøss med planar.

Kva det gjeld!

Prillar-Guri jubileet, må vite.

Les heile

Yngve Frøland

23.02.2007

Mystiske spor på Frøland

Kva dyr har gått her?
Fredag 23.Februar hadde Sæbøbarnehagen utedag på Frøland.
Litt ut på ettermiddagen tok eg og 5 sporkyndige frå barnehagen ein tur framover markane for å sjå om vi fann nokon spanande spor av dyr. Vi fann spor av både Hjort, mår,
rev og hest, men like ved bakkekanten over Grendahuset fann vi eit spor som vi ikkje heilt klarte å identifisere. Vi må no ha hjelp frå andre sporekspertar.

Les heile

[7 kommentarar]

Jørund Walseth

23.02.2007

Skiidyll i vinterferien

Vinterferien nådde sitt høgdepunkt då Grøtdalstinden vart vogen og funnen for utilgjengeleg. Stabeistet sleppte oss ikkje heilt opp. Turen heim vart likevel alt anna enn tung.

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

23.02.2007

Gardbrukarar oppdaterer seg

På Sagafjord hotell fekk torsdag ca. 25 gardbrukarar lære om det å lage godt grassurfor av ein av våre fremste forskarane på området, Åshild Taksdal Randby - forskar v/Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås...

Les heile

Helge Strand

22.02.2007

KVA NO ØRSTA KOMMUNE?

Politikarane i formannskap/kommunestyre navigerar seg no langsamt inn i ein situasjon som måtte kome då dei i oktober 2004 gjekk imot nasjonalstatus for Hjørundfjorden/Bondalselva. (Jmfr. Fiskeridirektoratet sin protest mot kystsoneplanen avdi dei meinar planen ikkje tek nok omsyn til oppdrettsnæringa.)

Les heile

Enok Kippersund

21.02.2007

I husemåt hos Ingebjørg og Einar

Ingebjørg og Einar Welle byggjer Langstove på Sætre i Hjørundfjorden. Eit originalt og gjennomtenkt prosjekt tek form. Ein draum er ved å bli røyndom

Les heile

Knut Hustad

21.02.2007

Reklamefilm

I formiddagstimane i dag vart det gjort opptak til reklamefilm i fjøra på Sæbøneset. - Eit kjempeflott opptaksområde, seier art director Karin Lund i Try reklamebyrå....

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

20.02.2007

Anders storfiskar

Anders (Holen) har nok blitt erta ein del av gjengen på Bellingen i det siste. Nei, det har ikkje blitt så mykje ferskfisk på familen Holen etter jul, vedgår Anders. Men i dag slo han kraftig tilbake...

Les heile

[2 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

19.02.2007

Problemer med innlegging av innlegg?

Nokre har skrive til meg lettare fortvila og seier at dei ikkje har fått fram det vi så fint kallar WYSIWYG-editoren vår, eller altså den Word-liknande saken som er i det nederste feltet på artikkelinnleggings-sida.

Grunnen til at nokre ikkje får fram denne er nok at vi har oppdatert den til ein nyare versjon som forhåpentligvis er meir feilfri enn den forrige.

Om du har problemer kan du finne ei mogeleg løysing her:

Les heile

[3 kommentarar]

Vidar Stokke

17.02.2007

Bondalingar stoppa i Göteborg

Bråstopp i Göteborg, måtte vente på eit fly frå Innsbruck.

Vi saknar Hjörundfjorden, sjölv om vi kjem frå Austerrike på skiferie i Ischgl.

Håper vi rekk nattbussen i kveld, må snarast mogeleg heim til fjorden (Robert du må vente nokre minutt viss tollarane vert vanskelege)
Dei som ventar på oss får berre bite negler og håpe vi rekk familieturen på Bondalseidet.
Vi er vande med 40 heiser, men Hjörundfjordfjell hadde dei ikkje.

mvh Jörund, Arvid, Oddbjörn og Vidar.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

17.02.2007

KM-sylv til Håvard

Håvard Myklebust (16) gjorde ein strålande innsats i skiløypene på Bondalseidet i dag (laurdag). Bjørke-guten, som no går for Hovdebygda IL, tok sylvmedaljen i krinsmeisterskapen for Møre og Romsdal i sprintlangrenn i si klasse.

Les heile

[1 kommentar]

Tor Eirik Trandal

14.02.2007

Ein million visningar

Vi har no runda det magiske milliontalet i antall sidevisningar og det vert soleis ein merkedag for Hjøundfjordportalen.

Mange har støtta opp under portalen, og eg hadde aldri trudd at det skulle verte så mange treff her på så kort tid då eg og bror min, Håkon, starta med arbeidet med portalen.

Les heile

[5 kommentarar]

Knut Riise

14.02.2007

Galskap for gamlingar!

I går kveld fekk eg melding frå Arve Rødvik. Skal du på ski i morgon?
Eg hadde tenkt litt rekneskapføring attmed omnen, og svarte at eg ikkje hadde slike planar.
Då eg fekk høyre om at han hadde planar om tur til Grøttdalstinden, kjende eg freistinga sige på. Det rare er at ein tenkjer tilbake til då ein var i kjempeform. Det er vanskeleg å innsjå at tida går, og kroppen forfell. Det kom eg først på i dag tidleg i fjøsen. Men då var det for så vidt forseint--.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

13.02.2007

Norangsfjorden frys til

- Sjøisen utanfor Stennes er no ca. 10 cm tjukk. Heldigvis er vegen til Nordang open, seier Einar Arne Stennes til hjorundfjord.no.

Les heile

Knut Hustad

13.02.2007

Eit år i Antarktis

Johan Hustadnes, 37 år, bur i Volda, reiste i november til den norske forskingsstasjonen Troll i antarktis. Der skal han vere i eitt år. Han har sendt hjorundfjord.no brev og foto. Til høgre ser vi eit eksemplar av Adeleiepingvinen.

Les heile

[2 kommentarar]

Enok Kippersund

12.02.2007

Kva er dei ute etter, turistane?

“Faktum er: Den rene natur er ikke den varen turistene ønsker. De norske fjordene rangeres år om annet som et av de beste reisemål i verden, og det er fortjent. Dette er unike områder. Men da jeg på 1980-tallet om somrene arbeidet som guide for amerikanske turister på Vestlandet, var det det norske kulturlandskapet turistene lot seg imponere av.

Les meir på: <a href="http://prillarguri.wordpress.com">http://prillarguri.wordpress.com</a>

Les heile

[2 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

11.02.2007

Handball J16 på topp på tabellen.

Sæbø/Åmdal J16 var i dag i Sykkylven å spela to seriekampar mot Sykkylven og Sykkylven 2. Dei leda serien og fyrste kampen vart ein kamp der jentene stressa for å vinne. Det vart tap 19-21 i ein kamp der ingenting fungerte. Andre kampen spelte jentene på sitt beste og vann 28-14.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

11.02.2007

Rett fokus

Fokuser på ditt, fokuser på datt. Ordet "fokus" er eit av dagens moteord. Så spørsmålet vert: Skal vi fokusere på isjøkulen(isjokkelen), eller skal vi fokusere på Grøttdalstinden? (Foto til høgre)

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Riise

10.02.2007

Vinter i Rognestøyldalen

-19 viste termometeret då Helga sette meg av i Sledalen fredag kl 10 30. Og kulden beit godt i kjakane der eg gjekk innover vegen på ski.
Det er så vakkert med lavskogen som står der like godt etter mange dagar med finever. Sola greier lite med snøen på trea mellom dei høge fjella.
Eg er på veg på Risestøylen, og det hastar, for kl 11 kjem sola dit, og eg vil ta nokre bilete den korte tida den er der. I går vart eg for sein.
Det rare er at sola kjem til Risestøylen den 8.feb, same dag som vi får den heime på Rise.

Les heile

[6 kommentarar]

Hilde Muren

10.02.2007

Ope møte - Kommunedelplan for kystsona.

Kommunedelplanen for kystsona er lagt ut til offentleg ettersyn. I samband med denne inviterer kommunen til open dag for orientering og avklaring på eventuelle spørsmål om planframlegget. I Hjørundfjorden på desse stadane:

Fredag 16. februar: Sæbø - klubbhuset.
Mandag 19. februar: Urke - grendahuset/skulen.
Tysdag 20. februar: Bjørke - Haukely.

PLanleggjar(ar) frå kommuneadministrasjonen vil vere tilgjengeleg(e) på dei ulike stadane i tida frå 13:00-16:30.

Tekst henta frå annonse i Møre-Nytt 10.februar.

Les heile

Enok Kippersund

10.02.2007

Stor slekt

Prillar-Guri har ei stor slekt. Sist sommar trefte vi på eit søskenbarn, også ho av det trufaste slaget, som er på post både langt mot nord og langt mot aust.

Les meir på <a href="http://prillarguri.wordpress.com">http://prillarguri.wordpress.com</a>

Les heile

[4 kommentarar]

Kari Stokke

09.02.2007

Hjørundfjordingar på kurs i foredling av mjølk

Torsdag 7. februar arrangerte prosjektet "Matmangfald i Møre og Romsdal" og Møre og Romsdal fylke eit kurs i enkel mjølkeforedling på Møre folkehøgskule i Ørsta. Fleire av dei tretten deltakarane som produserte rømme, yoghurt og smøreost hadde tilknytning til Hjørundfjorden.

Les heile

[1 kommentar]

Siw Lillebø

08.02.2007

Aktivitetsdag på Sæbø skule

På Sæbø skule har vi skuleovertaking med studentar frå Høgskulen i Volda. I dag har det vore matematikk på føremiddag og uteliv no på ettermiddagen.

Les heile

Knut Hustad

08.02.2007

Ny skyssbåtkai på Sæbø

- Intensjonen er klar, ny skyssbåtkai på Sæbø skal vere klar til sommaren. Det er Svein Silseth(t.h.) i Ørsta kommune som seier dette til hjorundfjord.no.

Les heile

Ann Christin Andersen

07.02.2007

Husmor på tur

Og så var det min tur... i dag vart eg nærast jaga ut døra. No var det på tide at eg fekk ta meg ein tur.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

06.02.2007

Kyrkjekalenderen er klar

Kyrkjekalenderen for første halvår er klar. Her finn du datoane for gudstenestene og andre arrangement som til no er planlagt i Hjørundfjord kyrkje. Etter kvart vil dette verte lagt ut på Aktivitetskalenderen.

Les heile

Knut Riise

06.02.2007

Avspasering med fotoapparat

Det er lenge sidan det var ein skikkeleg vinterdag med snø på trea.
Det vart for nydeleg til at ein kunne la det gå frå seg.
Først på traktor, så på ski. Arbeid og skiskyting vert det alltids nok av.
Kanskje kan eg fremje litt heimlengt hos utflytta hjørundfjordingar også?

Les heile

[10 kommentarar]

AnnHelene Wille

05.02.2007

STRIKKEKAFE

Onsdag 7.02.07. for vi besøk av Volda Mode og Manufaktur handel,dei ynskjer og vise oss broderier og andre fine handarbeid.Vi vonar at mange tek turen på strikkekafe denne kvelden, dei ville ta med varer så ein kan få anledning til og handle dersom ein vert freista. Vi har eit flott framøte kvar onsdag ,men der er plass til fleire !!HJERTELEG VELKOMEN.

Les heile

Enok Kippersund

05.02.2007

Bjørke IL i rute

Bjørke IL har hatt årsmøte og la fram ei årsmelding om variert aktivitet både sommarstida og om vinteren. Les meir på <a href="http://prillarguri.wordpress.com">http://prillarguri.wordpress.com</a>

Les heile

Knut Hustad

04.02.2007

Topplassering i NM til Astrid

Astrid Hustadnes Wille frå Bondalen og Hairconsept i Volda, vart i helga nr. 3 i NM klasse Brudefrisyre senior. NM vart arrangert i Oslo Spektrum. Til høgre ser vi Astrid(t.v.) saman med modellen sin, Lene Borgersen frå Ørsta.

Les heile

[6 kommentarar]

Rune Sæbønes

03.02.2007

Oppdrett på Molaupen

Festøy Fiskeoppdrett AS har søkt om konsesjon til å drive oppdrett av torsk utanfor Molaupen. Ørsta kommune likar ikkje ideen, og har bedt Fiskeridirektoretet om å avvente handsaminga til kystsoneplanen har gått igjennom kommunestyret i Ørsta.

Les heile

[26 kommentarar]

Knut Hustad

02.02.2007

Mjølkehenting på Stennes

Skipper Roy Lillebø klappar til kai. Så kjem Einar Arne, geitebonden på Stennes, med mjølketanken hengande i lesseapparatet. Alt er tima og tilrettelagt når mjølka skal fraktast frå Stennes ein vinterdag...

Les heile

[2 kommentarar]

Siw Lillebø

02.02.2007

Årsmøte i Bondalen Frilynde Ungdomslag

Det er årsmøte onsdag 28. februar kl. 20.00 på Bondalen Grendahus. Ei av sakene på årsmøtet er kva ein skal gjere med Bondalsparken? Skal ein bygge ny scene og satse, eller er tida over for den slags arrangement? Det er også eit spørsmål om kva ein skal gjere med paintball utstyret.

Håper at mange møter opp og hjelper styret å ta ei avgjersle i desse saken.

Les heile

[5 kommentarar]

Hilde Muren

01.02.2007

Årsmøte Sæbø Grendalag

Det vert kalla inn til årsmøte i Sæbø grendalag onsdag 14. mars kl 20:00 på KLubbhuset.

Frist for å melde saker til årsmøtet: Ons 28. feb.
Vi ber om at saker leverast skriftrleg til
Hilde Muren (himuren@tussa.com)

Enkel servering. Alle er velkomne.

Helsing styret.

Les heile

Knut Hustad

01.02.2007

Skeptisk

Rykta har gått. Vi har - eller har hatt - ein kjendis i Hjørundfjorden. Kjendisen måtte finnast, koste kva det koste ville... (Skeptikaren til høgre)

Les heile

[6 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.02.2007

Kystsoneplanen er lagt ut

Då er den etter kvart så svært omtalte kystsoneplanen lagt ut. Ørsta kommune gjer mykje for at folk skal kome med si meining om planen. Han er trykt opp i over to hundre eksemplar, og er dessutan lagt ut på pdf på Ørsta kommune sine heimesider.

Les heile

[2 kommentarar]