Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2007

Attende til hovudsida

Artiklar

November 2007

Knut Hustad

30.11.2007

Brann i "Ingvild"

Sist tirsdag skjedde det som ikkje burde skje - det oppstod brann i bussen "Ingvild", hjorundfjord.no sin eigen sponsor. Men nok ein gong skal "Ingvild" reparerast...(Foto: Helge Ryste i Møre Auto AS framfor "Ingvild")

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

30.11.2007

Strikkekafe med suksess

Det er berre å slå det fast - strikkekafeen på Sæbø har blitt ein suksess få kunne drøyme om. Onsdag kveld hadde dei juleavslutning med julebord. Treng vi om å nemne at stemninga var svært så høg?

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

30.11.2007

Utvalgte kulturlandskap

Vil peke ut 20 verdifulle kulturlandskap
Riksantikvaren, Statens landbruksforvaltning og Direktoratet for naturforvaltning skal foreslå 20 utvalgte kulturlandskap med spesielt store biologiske og kulturhistoriske verdier.

Les heile

Kjell-Johan Aarseth

29.11.2007

Julekalender på hjorundfjord.no

Eit år går fort og det er jammen snart tid for å hente fram adventslysa og den store kassa med julepynt. I år som i fjor presenterer vi nissekonkurranse her på hjorundfjord.no. Kor godt kjenner du folket i Hjørundfjorden, eller din eigen nabo? No har du sjansen til å vere med og avsløre 24 lokale julenissar.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

29.11.2007

Sæbø IL - snart 75 år

I 2008 feirar Sæbø IL 75 år. Det ynskjer idrettslaget å markere på ein skikkeleg måte. Sjølvsagt vert det i løpet av året ein jubileumsfest, og neste års sogeskrift til Hjørundfjord Sogelag vil ha mykje idrettshistorie. Men styret i idrettslaget ynskjer også at vi gjennom heile året skal markere jubileet med aktivitet. Då treng vi tips og idear.

Les heile

[11 kommentarar]

Knut Hustad

28.11.2007

4. desember er opningsdagen

Tirsdag den 4. desember klokka 10 opnar Strands bakeri på Sæbø dørene og julesesongen. Då kan ein igjen få kjøpe alle dei gode brøda, krumkakene, julemannane og alle dei andre småkakene. Nytt for denne jula er det også at kransekaker er å få kjøpt...

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

28.11.2007

Meir straum

- Store samdrifter treng mykje straum. Det er Jan Rune Ville, ein av medeigarane i Fremre Bondalen samdrift og høgspentlinjebyggar i Tussa, som hevdar dette...

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

26.11.2007

Fornying av plantevernsertifikat

Det vert fornyingskurs i Ørsta torsdag 29.november, kl 10 – 17, på Meierihuset ved Sunnmøre forsøksring.
Første kurset i vinter blir i Ørsta no i november. Etter planen skal dei også arrangere kurs i Ålesund i januar. Dato blir fastsett seinare.

Les heile

Knut Hustad

24.11.2007

Møre-Nytt i tabloidformat

I vel eitt år har Møre-Nytt vore den einaste avisa i landet som har vore trykt i fullformat. Slik er det ikkje no lenger. Frå og med i dag, laurdag 24.november 2007, vert også denne avisa trykt i tabloidformat. Og ikkje berre det - avisa får fargetrykk.

Les heile

[4 kommentarar]

Perry Bjørke

24.11.2007

Bjørke Hornmusikk

Musikkafé på Haukly søndag 25 november. Underhaldning Bjørke Hornmusikk. Sal av mat og kaffi. Åresal. Arrangør: Bjørke Hornmusikk og Skjåstaddalen Ungdomslag

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

23.11.2007

Kaldehola og Brattelvens lysverke

Midtre Bondalens kultursoge i ruinar, berre eit drygt steinkast frå grendehuset. Skal tru kor mange av Bondals-ungdomane som i dag har høyrt om Kaldehola og Brattelvens lysverke?



Les heile

[5 kommentarar]

Rakel Frøland

22.11.2007

Vi treng klede til Grease!

I Mars skal vi i Ungdomsskulen sette opp Grease. Og vi treng klede! Kleda vi treng er for det meste frå 50 og 60 talet. Men for dei som ikkje hugsar heilt korleis kleda var på den tida, har eg leita fram nokon bilete frå musikalen Grease.

Les heile

[3 kommentarar]

Dagny Riise Heggestad

22.11.2007

Venstremargen

Kva i all verda er det som har kome opp i venstremargen på portalen? Nokon som skal tene pengar på tablettsal? Reknar med at det ikkje er berre eg som får opp desse linkane....

Les heile

[5 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

21.11.2007

hjorundfjord.no på Oppstartseminar

Fylket startar opp prosjektet Tilflytting og rekruttering 2017 (TIL 2017). I dag og i morgon er det oppstartseminar i Molde. hjorundfjord.no er invitert og deltek ved Knut Hustad…

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

20.11.2007

God hjortejakt

Ca. 100 hjortar vart felt under hjortejakta i Bondalen i år. Det vart dermed eit godt jaktår også i 2007, fortel jaktleiar Johan Hjellen...

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

20.11.2007

Vågen kraft AS i drift

Etter ei heller turbulent søknadsperiode og etter at lokale krefter har satsa 25 millionar kroner, er no Vågen kraft AS på Sætre ved Bjørke i full drift...

Les heile

Knut Hustad

19.11.2007

Reisebrev frå Karoline i Ecuador

Karoline Hustad er dette året elev ved Solidaritetsarbeidslinja ved Hardanger Folkehøgskule. Akkurat no er Karoline på veg frå Amazonas til byen Guayaquil i Ecuador, men tidlegare under det månadslange opphaldet i landet har ho både fått vere med på reklamefilminnspeling og møtt president Rafael Correa... På biletet frå byen Quito, ser vi Karoline bak til høgre.

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

18.11.2007

Folkedans

Flott at det blir satsa på folkedans neste år.
Eg håper skulene blir med på opplegget Danselyst
Eit undervisningsopplegg i norsk folkedans som Noregs Ungdomslag og Musikk i Skulen nå har starta opp.
Flott at det blir satsa på Folkedans i skulene.
Det er viktig at barna får lære folkedans.

Stiftinga Rådet for Folkedans og Folkemusikk
har også vedteke å saste på Folkedansen i 2008

Helsing Perry Bjørke

Les heile

Knut Hustad

17.11.2007

Lars Helge Riise, formann på bygg nr. 317

Eigar av bygg nr. 317 ved Kleven Verft AS, er reiarlaget DOF frå Austevoll. Bygget – av type VS 495 DEM – PSV - vert eit av verdens største supplyskip og skal leverast no i desember. Ein av dei som har ansvaret for at tidsfristen vert halden, er hjørundfjordingen Lars Helge Riise…(Foto frå venstre: Gregers Gram, Lars Helge Riise og Roy Lillebø.)

Les heile

[4 kommentarar]

Kari Stokke

16.11.2007

Hjort langs vegane

For tida er det mykje hjort på og langs vegane.
I 8-tida i dag tidleg såg vi uvanleg mange krysse riksvegen.

Les heile

Mari-Anne Bjørdal

15.11.2007

Sivert er utteken til NM15 år Bylag

Sivert er utteken til NM 15 år Bylag for region Midt-Norge. Han skal møte til trening i Trondheim fredag og laurdag. Målet for laget er "å oppnå best muleg plassering i NM". Sivert er også aktuell for ungdomslandslaget neste år!

Les heile

[4 kommentarar]

Helge Strand

15.11.2007

Rune Vartdal i Møre-nytt.

Særs mange som orienterer seg her på portalen les sjølvsagt Møre-Nytt.
Artikkelen til R. Vartdal i dag vil eg svare på i avisa. Men avdi mange "utanforståande" ikkje abonnerar, vil eg legge inn eit svar her. Nokonlunde sammanfallande med avisinnlegget.
Eg vart mektig provosert, men for ein gongs skuld skal eg freiste vere nokolunde sakleg......

Les heile

[7 kommentarar]

Svein Ivar Holen

14.11.2007

Black Sheep på Sagafjord

Laurdag 17.11 spelar Black Sheep opp til dans på Sagafjord Hotell for fyrste gong. Me håpar på fullt hus og stor stemning.

Les heile

Stig Helset

14.11.2007

Pudder, brattliggande pudder

I det same, sjeldne novemberlyset og på ein like fin-fin pudder som karane i førre artikkel, traska vi oss inn parallelldalen til Flatdalen; Kvanndalen. Målet var brattkøyring i rennene ned frå Nøre Sætretind. Etter å ha toppa ut i 2-tida, var det duka for ei endorfin nedkøyring på det som må ha vore noko så sjeldan som heilt skredsikker puddersnø, i eit fabelaktig ettermiddagslys.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

14.11.2007

Ingeniørbragd

Rolls-Royce er nominert til årets ingeniørbragd. Og kven har vore prosjektleiar for teamet som står bak? Jau, det er bondalingen Stig Elvestad...(Foto til høgre av Stig Elvestad: Sunnmørsposten)

Les heile

[3 kommentarar]

Fred Ingar Somby

14.11.2007

Langnestinden - 1206m

Jeg har ennå ikke hevet månedslønna for november, likevel er skisesongen i gang. I dag med vær og føre som kun kan sammenlignes med de aller beste dagene fra forrige sesong. En indrefilet av en fjellside sto på menyen.

Les heile

[10 kommentarar]

Knut Riise

13.11.2007

Snart bygging av begge fjøsane

Det er vel nokså typisk at når vinteren trugar er det byggestart.
På FB har allereide stålbogane komne opp, og snart skjer det same hos oss på Rise.
Men mykje arbeid ligg bak dei små klossane som stikk opp av tomta.
Inngressbiletet viser fasade mot vest.

Les heile

[2 kommentarar]

Unn Frøland

13.11.2007

Følskue i ridehallen

Som nokre av portalens lesarar kanskje hugsar, vart det født eit føl på Frøland i år, navnet vart Fivel. No er han blitt så pass stor at han kan reise på kortare turar frå heimen. I helga reiste han på sin første tur til Ørsta, og det til og med utan mor..

Les heile

[1 kommentar]

Mari-Anne Bjørdal

12.11.2007

Ny flott handballhelg

Handballspelarane våre har hatt nok ei fin handballhelg.
Dei fleste laga har vore i aksjon og har gjordt ein flott innsats!

Les heile

Rune Sæbønes

10.11.2007

Cuba - kva no?

Cuba er musikk og dans, Cuba er amerikanske veteranbilar og feite sigarar. Cuba gjev flotte naturopplevingar og heilt spesielle historiske og kulturelle augneblink. Men Cuba er også folket, og folket slit akkurat no.

I dette siste reisebrevet frå Cuba har artikkelforfatten snakka med folk. Det vert litt dystert, men det er også håp.

Les heile

[6 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

09.11.2007

Klubben i mitt hjerte!

Fann noko spennande i Dagbladet som eg har lyst til å vidareformidle.
Har sjølv stemt og oppfordrar alle lesarar av portalen som har Sæbø IL som hjarteklubb til å stemme!

Les heile

[4 kommentarar]

Vibeke Mo

09.11.2007

1 million besøkande..

Saksar litt frå NRK Hedmark og Oppland, saka omtaler hedal.no som er en dugnadsbasert bygdeportal og var omtala både i lokalen og på Nitimen i dag: "Nettstaden Hedalen.no feirar denne veka jubileum for 1 million besøk. Sida vart opna i mai 2000, og har i gjennomsnitt hatt mellom 400 og 1000 besøkande kvar einaste dag. "

Les heile

[3 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

09.11.2007

Byggjeforbod i strandsona.

Fylkesmannen har no bede kommunal-og regionaldepartementet om ei avklaring om korleis ein skal handtere den situasjonen ved Åkernes-remna kan få for tiltak i strandsona i kommuna.

Bilete er frå Stennes august 2007.

Les heile

[5 kommentarar]

Perry Bjørke

07.11.2007

Fylkeskonferanse på Åndalsnes

Felleskonferansen 6 og 7 november
Kultur,natur og reiseliv
Rauma kulturhus Storstua på Åndalsnes
Det var mange forelesera på konferansen
som snakket om kultur,natur og reiseliv.

Naturvern og bruk/ferdsel av naturen.
Geoturisme
Lover og penger
Tippemidler som Dynamo
Motivasjon til Friluftliv
Sykkelturisme
Verdensarvområder.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.11.2007

Eit dykk i sjøen og historia på Cuba

Cuba har flotte natur- og kulturopplevingar. Landet har nokre av dei viktigaste natur- og kulturattraksjonane i verda. Har du dårleg tid på øya – opplev i alle fall Trinidad og Vinales.

I dagens reisebrev frå Cuba, vert det reist ut frå Havanna, og dykka både i sjøen og historia.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

06.11.2007

Inntrykk frå Hjørundfjorden

"Verdens vakraste fjord", står det oppe i høgre hjørne her på Hjørundfjordportalen. Om det er sant eller ikkje kjem vel an på augo som ser, men gode ord frå andre er same kva kjekt å lese...

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

05.11.2007

UNDERVERKET - Del 2: Møte med geologane

Her kjem del 2 i framhaldssoga om Underverket i Langsæterdalen. Torstein Urke sin stein frå gropa på Steinreset skal underleggast sakkyndig vurdering!

Eg møtte i dag i klubblokalet til Ålesund og Omegn Geologiforening og vart presentert som gjest i medlemsmøtet av leiar Siw Brandal Godø. Ho referete bakgrunnen for saka ved å gå gjennom Hjørundfjordportalen sitt oppslag 30.10. For anledninga hadde ho engasjert foreninga sin spesialist, Einar Fivelsdal, som skulle sjå steinen for første gong i tillegg til at han skulle halde ei orientering om kalk / kalsitt.

Les heile

Mari-Anne Bjørdal

05.11.2007

Uttekne til regional landslagsamling i handball!

Sivert, Malene og Else Marie skal denne veka få vise sine handballtalent i Nidarøhallen i Trondheim.
Sivert representerar Ørsta men er like mykje "Hjørundfjording" for det!
Han skal til pers fredag mens Malene og Else Marie som representerar Åmdal/Sæbø skal møte torsdag.
Også Hege frå Ørsta skal vere med.

Les heile

Hilde Muren

05.11.2007

Barnehagen på tur til Hotell Union Øye

Sæbø Barnehage arbeider med utgangspunkt i barna si nære verd - den lokale bygdekulturen. Vi trur at dei som kjenner heimstaden sin godt alltid vil vere knytt til han. Barna skal lære å kjenne Hjørundfjorden, dei skal kjenne at dei høyrer til her og vere stolte av å kome herifrå.

Les heile

Ivar Svein Mo

05.11.2007

Hjortekjøtet er ein verdifull trivselfaktor.

På årsmøte i Kvistad jaktvald tidlegare i haust, bestemte vi at ei viktig oppgåve for felleskapet på Kvistadgarden i Bondalen var å få til eit betre sosialt samvær.Sagafjord hotell med vert og kokk Trond Urkegjerde tok oppgåva på strak arm med ein 4-rettars middag. Etter middagen eller hjortesymfonien som Trond likte å kalle det, var over, vart kokken kalla inn på "teppe" framfor 34 middagsgjestar og mottok ein felles skål og ståande applaus for vel utført arbeid...

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

04.11.2007

Dansen og musikken lever på Cuba

Det er rytmisk og det er flott. Det er sveitt og det er heftig. Medan Cuba er prega av ein depresjon grunna kollapsen i økonomien, held musikken og dansen livsgleda på øye oppe. Om ettermiddagane og kvelden vert dei dårlege tidene gløymde for ei stund, og folk kastar seg ut i ein rumba eller salsa. Det er Casa de Musica.

I dagens reisebrev frå Cuba, går artikkelforfattaren på dans.

Les heile

[5 kommentarar]

Rakel Frøland

01.11.2007

Ungdomsskulen sett opp Grease!

I Mars 2008 skal vi sette opp musikalen Grease på Bondalen Grendahus. Og det blir ikkje ekte Grease utan ekte 60-tals klede! Vi treng store, vide kjolar og skjørt, skinnjakker, tennisko, pumps... Alt som var moderne på 60-talet.
Er det nokon som kan låne oss eit par klesplagg?
Vi skal sjølvsagt ta godt vare på det vi får låne!

Ta kontakt med Sæbø Skule (700 48 200) og spør etter Ingvil.

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.11.2007

Cuba – og ein gammal amerikanar

Nokon seier Cuba har stått stille sidan revolusjonen i 1957/1958. Det er det mykje sant i, og det mest påfallande er den gamle bilparken.

I dag kjem artikkel nummer to frå Rune Sæbønes si reise på Cuba, og det vert eit lite amcar-treff.

Les heile

[6 kommentarar]