Enok Kippersund
31.01.2007
Sentrumsuget
I distriktsradioen var det nett ein diskusjon: Bør høgskulane samle seg i ein skule på ein stad? Det blir for hardt å konkurrere om studentane, og det er vanskeleg å halde oppe det faglege nivået og miljøet ved ein liten høgskule. Samle seg = slå skulane i hop til ein skule på ein og same stad. Kvar? Og så vart det nemnt at ein bør jobbe for at også vårt fylke får sitt eige universitet
Det er ikkje meir enn knapt 40 år sidan det heitte DISTRIKTShøgskule og skulane skulle kome som ein ressurs til distriktet der det no skulle satsast! DH. de-hå!