Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - September 2006

Attende til hovudsida

Artiklar

September 2006

Unn Frøland

29.09.2006

Matauk

No er sopp-sesongen godt i gang, og kanskje også på hell enkelte stadar. Plukking av sopp vert meir og meir populært, det fins til og med sopp- klubbar t.d i Molde.Torsdag var eg, Aleth og Ingeborg klare for ein sopp-tur, med oss hadde me sopp-konsulent Lisbeth frå Årseth.

Les heile

[9 kommentarar]

Rune Sæbønes

28.09.2006

Stort engasjement på framtidskvelden

Det var stort engasjement på framtidskvelden som Hjørundfjord bygdemobilisering arrangerte saman med Sæbø Idrettslag og Bondalen Frilynde Ungdomslag torsdag. På Bondalen grendehus møtte førti ungdommar frå fjorten til tjuefem år. Dei greidde å kome fram til fleire gode tiltak som vil gjere det betre for unge å bu i Hjørundfjorden.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

27.09.2006

Ny gymnastikksal på Sæbø skule -

Fagutvalet for oppvekst og kultur har foreslått eit budsjett for Ørsta kommunestyre som inneber at forprosjektet for ny gymnastikksal til Sæbø skule vert sett i gang i 2007, og at byggjestarten vert tidleg i 2008. Ei eiga nemnd samansett av foreldrerepresentantar, skulen og Sæbø IL er no i gang med å førebu utbygginga. Nemnda ser føre seg ein gymnastikksal langt større enn eksisterande.

Les heile

[1 kommentar]

Fred Ingar Somby

27.09.2006

Invasjon av grønne menn

Jeg befinner meg på boreriggen West Alpha, ca en times helikoptertur fra Kristiansund og rett ut i Nordsjøen. Mandag ble vi angrepet av hundrevis av små grønne skapninger..

Les heile

[6 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

27.09.2006

Fritidsbruken på Sæbø

Når elevane på Sæbø-skule ikkje er på skulen, sit dei som regel ikkje i ro. Dei er ute og gjer aktivitetar som fotball, bading, handball, sykling og nokre held seg jamvel i form ved å jogge. Som oftast er ballbingen staden dei fleste samlast…

Tekst/foto: Sara Konstanse

Les heile

[10 kommentarar]

Rune Sæbønes

26.09.2006

Storsiger i siste heimekamp

Sæbø-smågutane slo til med ein storsiger i årets siste heimekamp. 8-2 vart sluttresultatet mot Austefjord. Sæbø G14 spelar årets siste kamp mot Åram på Åram den 1. oktober.

Les heile

Hilde Muren

26.09.2006

På jakt etter spor frå fortida

Sæbø Barnehage er ein medveten kulturformidlar, og arbeider med utgangspunkt i barna si nære verd - den lokale bygdekulturen. Vi trur at dei som kjenner heimstaden sin godt alltid vil vere knytt til han. Barna skal lære å kjenne Hjørundfjorden, dei skal kjenne at dei høyrer til her og vere stolte av å kome herifrå

Les heile

[2 kommentarar]

Perry Bjørke

26.09.2006

Kulturen ute på bygda

Regjeringa ville at noko av dei ekstra midlene dei overførte til kommunene også skulle komme kulturen til gode.
Nå har Ørsta kommune avsatt 200000 til kulturen.
Dette er ikkje etter regjeringa sit ønske.
Dei trudde kulturen skulle få litt meir og men når kulturen ikkje er lovpålagd så blir det lett en saneringspost.
Barneombudet og kulturorganisasjonene jobber nå med å lovpålegge kommunene å ha fritidsklubber både i sentrum og ute på bygdene.
Tapet av 500000 frå Ølmonopolet førte til store tap for kulturen i Ørsta og ikkje minst ute på bygdene.
Les kva Departementa svarer meg.

Vi som jobber med kulturen må ta tak i tapet av kulturpenger.
Vi kan ikkje leve med desse kutta i kulturpengene.

Les heile

Knut Hustad

25.09.2006

Når dett Keipen ned?

I 1908 rasa store delar av det fjellmasivet som Keipen i Norangsdalen tilhøyrer, ut. Elva under vart demmt opp med Lygnstøylvatnet som resultat. Kor lenge får Keipen stå i fred?

Les heile

[5 kommentarar]

Perry Bjørke

25.09.2006

Forsamlingshusa/Ungdomshusa som sosiale møteplasser.

Eg håper Ørsta kommune blir med på samarbeidet med dei frivillige organisasjonene.
Ungdomslag og andre lag har mange forsamlinghus som må brukes endå meir til det beste for alle som bur i bygda.
Sosiale møteplasser er viktige både for unge og gamle.
I samarbeid med kommuna er det mange andre ting og dei frivillige laga kan gjere til det beste for alle.
Det blir møte i Molde den 6/9 for alle leierene på fylkesnivå
Håper Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag også sender folk til Molde.

Les heile

Rune Sæbønes

24.09.2006

Opprykkshåpet lever for Sæbø

Opprykkshåpet lever enno for Sæbø. Sjølv om laget hadde spelefri denne helga, vart tabellsituasjonen betra for laget. Åheim/ÅVK2 tapte nemleg mot Begrsøy2. Også opprykksfavoritt Åmdal tapte, og no er sjette divisjon heilt open.

Les heile

Ivar Svein Mo

24.09.2006

Flyet til Georg Ecke, frå Quelinburg i Aust Tyskland.

Vi var på tur i Grøtdalen for å leite etter flyet til Georg Ecke, frå Quelinburg i Aust Tyskland.Her ligg flyet som vart skote ned den 16.februar i 1945 av Engelske fly, under det store flyslaget over Hjørundfjorden denne dagen.Det vart nedskote 4 tyske fly og der deltok 30-40 fly i slaget.På bilete til høgre ser du ein Messerschmidt 109g-6

Les heile

[20 kommentarar]

Knut Hustad

23.09.2006

Mange premiar til Hjørundfjord

Under dagens kåringssjå for verar i ridehallen i Ørsta, tok hjørundfjordingane godt føre seg på premiehylla. Odd Bjarne Bjørdal fekk 1. premie for veren med høgst poengsum. Åse Randi Saure fekk kvit rosett Ho hadde det beste lammet av dei som fekk sløyfe. Til høgre ser vi Trude Saure saman med lammet.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

23.09.2006

Solid krabbefangst

Nettene har vorte mørke. Hausten er komen, og det er tid for krabberaking. Fredag kveld var fleire båtar ute på fjorden for ålyse og rake etter krabber. Frode Holen, Marius Strandman, Jan Tore Sæbønes ogLinn Cathrin Straume fekk ein solid fangst.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

22.09.2006

Indian summer

Fredag den 22. september var det det amerikanarane ville ha kalla Indian summer i Hjørundfjorden. Det vil seie at sommaren med eitt slo til igjen, lenge etter at det eigentleg burde ha vore haust. Folk nytta sjansen til å sole seg.

Les heile

Knut Hustad

21.09.2006

Meir admiral

Han har vore omtalt her på portalen tidlegare. I dag var det skreve om han i Møre Nytt. Vi snakkar sjølvsagt om Admiralen. Men kvar gjer han langt til fjells?

Les heile

[1 kommentar]

Unn Frøland

19.09.2006

Sauesanking

Laurdag 16. September var datoen for årets sauesanking. Sola strålte og alt låg til rette for ein fantastisk dag i fjellet. Sauesanking betyr slutten på det frie livet for dei firbeinte ulldottane som har pleia fjell og lier over heile landet. På Frøland var me tre sankarar denne dagen Kjell, Odd Jarle og meg sjølv, Unn.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

18.09.2006

Vakrare haustdag får ein ikkje...

Slike dagar som i dag, vil ej berre vere glad... Slik heiter det i ei verseline av Kyrre Grimsdtad. I går, søndag 17.9.06, hadde vi ein fantastisk fin dag. Mange var ute i skog og mark, antan for å plukke bær, sopp, eller ta seg ein fjelltur. Men jakt, det kan vere kjekke greier...

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

17.09.2006

Fotball og sau

Med sigrande Sæbø-fotballspelarar som tilskodarar(4-2 over Kvamsøy), vart sauene i ettermiddag frakta tilbake til Sæbøneset frå Maradalen...

Les heile

Perry Bjørke

15.09.2006

Grunnboring på Bjørke

Grunnboringa på tunnelprosjektet Bjørke- Leira er i gang.
I går den 14/9 begynte dei å bore i sjøen i Åkersvikja
Skal dei fylle tunnelmasse ut i vikja må dei sjekke grunnforholda .
Folket blei glade for det endelig blei aktivitet i
tunnelprosjektet.
Tunnelpåhogget blir sikkert her ved Tussa Kraft.
Vi får håpe på at det ikkje går alt for lenge før dei starter påhogget av tunnelen.

Les heile

Rune Sæbønes

12.09.2006

Ut på tur, aldri sur - med Sæbø til Kvamsøy

Sæbø har ikkje vunne på ei stund, men gjer eit nytt forsøk laurdag. Då er Kvamsøy motstandar på Kvamsøya. Fotballgruppa inviterer no alle supporterar med på båttur med M/S Hjørundfjord til Kvamsøya.

Les heile

Rune Sæbønes

11.09.2006

Sæbø-smågutane slo Ørsta

Sæbø sitt smågutelag (G 14) har funne haustforma. Måndag kveld tok gutane og jentene på laget ein sterk siger over Ørsta. 12-5 vart det til slutt.

Les heile

Rune Sæbønes

11.09.2006

Nytt Sæbø-tap

Sæbø ser ut til å ha kollapsa heilt i haust. Søndag vart det tap nummer tre på rad. Denne gongen 3-6 for Åheim. Det var dagen alt gjekk gale.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

10.09.2006

Velukka dugnad på rampa.

I går på laurdag 9.september arrangerte Bygdemobliseringa dugnad for å lage turveg lags elva frå Hustadbrua til Rise. Mange møtte opp, det vart registrert 22 frammøtte etter ei stund, og stemninga var av den aller beste....
(på bilete ser du Rise i 2003)

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

08.09.2006

Ungdomshuset Haukly

Nå er sommeren over og aktivitetene på Haukly er kommet i gang igjen.
Vi har fåt oss nytt elektrisk filmlerret.
Nå mangler vi berre blendingsgardin.
Kjekt for oss i laget at ungdomen bruker Haukly.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

07.09.2006

Eivind Ryste - den nye kontaktpersonen

Den nye kontaktpersonen til Hjørundfjord bygdemobilisering hos Møre og Romsdal fylke, er ørstingen Eivind Ryste. Denne mannen let det meir enn skine igjennom at kvinnene i Hjørundfjorden er viktigare enn mennene. Det har i dag lukkast hjorundfjord.no å få eit eksklusivt intervju med denne personen...

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.09.2006

Sommarfugl-quiz

Kva sommarfugl er dette? Vi teng lesarane si hjelp, og inviterer til ein quiz. Lesarane må sjølvsagt nytte seg av det dei kan av hjelpemiddel. Skriv i kommentarspalta kva sommarfugl de trur/veit dette er.

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.09.2006

Sæbø-smågutane i slag

Smågutelaget til Sæbø slo til med ein flott siger over Tjørvåg tysdag. Dagen etter at A-laget tapte for Åmdal, retta smågutane opp Sæbø-æra med å slå Tjørvåg 11-5. Det stod 8-2 til pause.


Les heile

Roy-Magne Mo

06.09.2006

Konsulent

Når eg las artikkelen om sauesankinga til Odd Bjarne så kom eg på ei god historie som eg har samla på. Reknar med at enkelte av oss kjenner oss godt igjen.

Den er dessverre på bokmål, men det reknar eg med går bra.

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

06.09.2006

Søknad om ein million kroner .

Styringsgruppa i Hjørundfjorden Bygdemoblisering bestemte på møte 22.08.06, at det skulle søkjast Ørsta kommune om ein million kroner til gjennomføring av dei regulerte tiltaka i Sæbø sentrum.

Les heile

Knut Hustad

05.09.2006

Sauesankinga på Trandal snart ferdig

Trass mykje regn, vert i desse dagar dei ca. 630 sauene og lamma på Trandal, sanka. Ein av dei tre medlemane i Trandal beitelag, Odd Bjarne Bjørdal, seier seg nøgd med lammevektene så langt.

Les heile

Rune Sæbønes

05.09.2006

Tussa med betre breibandskapasitet

I samband med at Tussa Netway skal auke kapasiteten på sentralane SBØ og SBOS onsdaf, vil det verte eit brot på sambandet mot internett. Dette vil skje rundt kl 09.00. Etter at dette har vorte gjort vil altså båndbreidda auke og stabiliteten skal også bli mykje betre.

Tussa må ha eit brot på ca 5 minutt mot SBØ (Sæbø) og SBOS (Sæbø sentrum) i samband med omkoplinga.
Det må også verte eit kortare brot (under 1min) mot AMD (Åmdal) og FSA (Follestaddal).

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

05.09.2006

Tursti langs elvarampa – Hustad-bru - Rise

Bygdemobiliseringa har no starta arbeidet med å lage tursti langs elvarampa.
Vi skal ha dugnad på laurdag den 09. september kl 11 og håper at akkurat du vil hjelpe til.
(Bilete er frå Grøthaugen framom Moagjølet og viser Nye-Rise og Sæbø sentrum)

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

04.09.2006

Åmdal i hundre, Sæbø tapte

Det var Åmdal, og ikkje Sæbø, som var i hundre på Sæbø stadion måndag kveld. I toppkampen i sjette divisjon vann Åmdal 3-2 i eit tett lokaloppgjer. Åmdal vann fortent.

Les heile

[1 kommentar]

Kjell-Johan Aarseth

03.09.2006

Før toppkampen: God Sæbø-statistikk

Før morgondagens toppoppgjer mot Åmdal på Sæbø stadion, har vi kika litt i historiebøkene. Legg vi statistikken til grunn er det håp om meir jubel for heimepublikum på Sæbø stadion i morgon.

Les heile

Knut Hustad

03.09.2006

Hes i Nordavind - og rundballar

I sommar hadde vi ein heil føljetong om hes og hesjing. Rett nok er vi no utanfor sesongen, men har vi noko å lære av bøndene på Færøyane og Island?

Les heile

Rune Sæbønes

01.09.2006

hjorundfjord.no på plass på Sagafjord

hjorundfjord.no har starta det uformelle møtet på Hotell Sagafjord. Til no er det ganske få som har møtt, og vi har utsett den generelle informasjonen om portaln til kl. 21.10. Denne saka vert fortløpande oppdatert.

Les heile

[2 kommentarar]