Ivar Svein Mo
31.08.2006
Web karane på portalen.
hjorundfjord.no har to karar som arbeider trufast med at alt det tekniske skal fungere. Dette arbeidet er noke dei gjer på fritida på dugnad og vi vil her presentere dei for lesarane...
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2006
Ivar Svein Mo
31.08.2006
hjorundfjord.no har to karar som arbeider trufast med at alt det tekniske skal fungere. Dette arbeidet er noke dei gjer på fritida på dugnad og vi vil her presentere dei for lesarane...
Rune Sæbønes
31.08.2006
Om lag 30 politikarar og andre interesserte var med Naturvernforbundet og Folkeaksjonen på båttur inn Hjørundfjorden tysdag. Fleire slutta seg til på synfaringa på Standal og i Romedalen, og over 100 personar deltok på debattmøtet i Bondalen. Her var det eit samla krav frå dei frammøtte at den planlagde 420 kV kraftlina mellom Ørskog og Fardal må kablast. hjorundfjord.no sitt referat er henta frå Naturvernforbundet sine sider.
Ivar Svein Mo
31.08.2006
Margrethe og Bjarne Rekkedal har delteke på eit seminar på Matfestivalen i Ålesund i dag med temaet "god mat handler om heilheitsopplevelse og då nyttar det ikkje å skunde seg". Gjestehusvertane frå Rekkedal gjestehus i Bondalen har gjordt stor oppmerksomheit i media i dag, og styreleder Per Kristian Foss i Matfestivalen er begeistra og uttaler:
- Dette er et prakteksempel på god turisme.
SMP skriv på nettsida si.....
Rune Sæbønes
30.08.2006
Fredag kveld kjem hjorundfjord.no ut frå datamaskinen, og viser seg på Sagafjord Hotell på Sæbø. Der ynskjer vi å møte bygdefolk og alle brukarane av Hjørundfjordportalen. Vi tek i mot tips og råd om arbeidet med hjorundfjord.no vidare.
Fred Ingar Somby
29.08.2006
Under følger to ledertråder i form av bilder i vidt forskjellige retninger. Det vil bli utdelt ros til de med rett svar.
Ivar Svein Mo
29.08.2006
hjorundfjord.no etterlyste personlege bilder frå deltakarane i Commandoraid 2006 og det har vi no fått frå Jarle Foss frå Innsatskommando Derby fra HV 02. Dette vil vi glede lesarane med her. Vi kunne ønske oss fleire namn og litt meir om korleis kvar enkelte opplevde løpet.
Tor Eirik Trandal
29.08.2006
Solnedgangen i Standalfjella er vel noko av det vakraste ein kan sjå i Hjørundfjorden, og det er også vanskeleg å få teke eit bilete som skildrar skjønnheta skikkeleg. Denne gongen syns eg likevel at eg har vore heldig med bileta.
Tor Eirik Trandal
29.08.2006
Trandal var under byggjinga av det mykje omstridde Trandal Kraftverk utsett for store naturinngrep. Desse såra er no i ferd med å legast etter at Tussa delvis har rydda opp etter seg.
Rune Sæbønes
29.08.2006
I kveld er vi audmjuke i hjorundfjord.no. 220 unike treff har vi hatt på eit døger. Det overgår alle vore fantasiar. Vi seier tusen takk til alle våre lesarar og brukarar, og inviterer dykk med til å utvikle hjorundfjord.no vidare.
Rune Sæbønes
28.08.2006
Sæbø held framleis tabelltoppen i sjette divisjon avdeling 2. Serierunden vart avslutta med overraskande resultat, då både Åmdal og Bergsøy2 spelte uavgjort
Rune Sæbønes
28.08.2006
Sæbø skåra mot Hødd på Sæbø stadion måndag kveld. Det var G 13-laget som stod for bragden. Rett nok vart det tap mot dei topptrente ulsteinvikingane. Til no i sesongen har det vorte mange mål for Sæbø G-13, og både sigrar og tap.
Rune Sæbønes
28.08.2006
Som ein ekstraservice overfor deltakarane på Commadoraid 2006, som hjorundfjord.no veit er inne på portalen denne rekordkvelden, presenterer hjorundfjord.no ein bildeserie frå det siste halvåret i Hjørundfjorden. Som bileta syner, har det for det meste vore fint ver.
Rune Sæbønes
28.08.2006
Laget frå Forsvarets vinterskole vann Commandoraid 2006 i Sunnmørsalpane. Karane frå vinterskulen vann ikkje fordi dei var raskast, men fordi dei var smartast. Premiane fekk løparane under føremiddagsopstillinga på grusbana på Sæbø.
Knut Hustad
28.08.2006
Når bondalingen John Solhaug planlegg fjelltur for trimgruppa i Ørsta IL, gjer hand et skikkeleg, men så er det dette med uskikkelege mannfolk då...
Ivar Svein Mo
28.08.2006
Vi etterlyser soldater frå gamle Hjørundfjord kommune som deltok i Tysklandsbrigaden frå 1947 til 1953....
Tor Eirik Trandal
28.08.2006
I helga spelte den populære popgruppa A-ha for nær 15000 publikummerar på Color Line Stadion i Ålesund, men tidlegare på kvelden var ein del av dei på Christian Gaard på Trandal.
Ivar Svein Mo
27.08.2006
Det annonserte møte på Rekkedal gjestehus tysdag 29.08.06 kl.19.00 er flytta til Bondalen grendahus. Dette p.g.av at det forventast stort frammøte.
Folkemøte er ope for alle, utan påmelding.Det vert debatt og mykje informasjon om 420kV luftlinje Ørskog - Fardal.
Knut Hustad
27.08.2006
V/Sævågskaret - ved overgangen mellom Viddal og Konedalen(Norangdalen), stod denne ljåen plassert. Er det mannen med ljåen som har plassert den der?
Rune Sæbønes
26.08.2006
Sæbø tapte laurdag 3-5 for Flø. Tapet kom fordi Sæbø ikkje greidde å spele slik laget kan i første omgang, og sjølv om andre omgng var god, var det ikkje nok. Flø stilte også med eit mannskap fleire lag i sjete divisjon vil få problem med utover sesongen. Geir Televik er nemleg på plass.
Helge Strand
26.08.2006
Solnedgong
Ivar Svein Mo
26.08.2006
I dag 26.august var den store dagen for Commando Raid 2006. Dagen var vellukka, men det har vore stor mangel og tildels fråværande informasjon til bygdefolket.
Ivar Svein Mo
26.08.2006
Ein militærleir har kome på plass på marka framom grusbana på Sæbø.Alt er klart til årets tøffaste infanteriløp og der deltakarane skal springe tre mil i krevjande terreng.
Tor Eirik Trandal
25.08.2006
Mange er nok ikkje heilt fortrulege med korleis artikkelsystemet på portalen fungerar. Difor har eg sett saman ei forklaring til alle knappane på tekstbehandlaren og døme på korleis ein brukar dei. Eg har også skrive opp eit par tips og triks som kanskje kan gjere det enklare å leggje inn innlegg.
Knut Hustad
25.08.2006
I desse dagar vert eit nytt skiljeanlegg for dei ca. 660 sauene sett opp ved den tidlegare vårsetra på Trandal. Odd Bjarne Bjørdal er sjef.
Knut Hustad
24.08.2006
Starten på hjortejakta er den 10. september. Er du jeger og ikkje har gjort som Oddhild Saure Bogen og "vassendgut" Rune Brautaset(foto i bakgrunnen), er det på tide at du får litt panikk...
Rune Sæbønes
24.08.2006
Måndagstrimmen held fram på ettersommaren og hausten. Allidrettsgruppa i Sæbø IL ynskjer både tidlegare og nye deltakarar velkomne.
Roy-Magne Mo
24.08.2006
Generalsekretæren i Den Norske Turistforeininga, Kristin Krohn Devold, har Slogen som sitt favorittfjell.
Rune Sæbønes
24.08.2006
I kveld var det 133 treff på hjorundfjord.no. Det er ny rekord, også etter at vi kom med teljaren for daglege unike treff.
I hjorundfjord.no er vi overvelda over responsen, og er også glade for at folk kommenterer sakene som vert lagde ut, i skjemt og i alvor .
Knut Hustad
23.08.2006
Sommarsesongen for Strands bakeri på Sæbø nærmar seg slutten. Laurdag 26. august er siste sjanse til å få kjøpt kvalitetsbrød i denne omgang...
Vibeke Mo
22.08.2006
Sjølv om desse bileta ikkje er tekne i Hjørundfjorden så tenkte eg kanskje det kunne inspirere til å lage eit flott postkassestativ. Kanskje kan ein bruke bileter frå Hjørundfjorden og lage "stoppestader" for turister langs vegen?
Rune Sæbønes
22.08.2006
Sæbø sine smågutar (G 14) vann tysdag kveld 11-6 over Vartdal. Sæbø leia 7-4 ved pause. Vartdal kom sterkt i byrjinga av andre omgang, men Sæbø svara og vann klart.
Tor Eirik Trandal
22.08.2006
I over 30 år har ungdomskuleelevane på Bjørke, etter at dei var ferdige med barneskulen på Bjørke, gått saman med elevane frå Austefjord på ungdomskulen der. So sjølv om elevane frå Bjørke høyrer til Ørsta kommune og Austefjord skule ligg i Volda har dette fungert svært godt i alle desse åra.
På tampen av skuleåret , i juni, inviterte dei 5 elevane frå Bjørke i 8. klasse ved Austefjord skule, sine 4 klassekamerater frå Austefjorden og læraren Ole Peder Dalen, på fjelltur til Tyssedalen på Bjørke. Sidan turmåla tidlegare hadde vore rundt Austefjorden syntes alle det var ein god ide å utforske fjella i Bjørkeområdet.
Bjørkeelevane vart då ansvarlege for å finne turmål, planlegge turen, og dei skulle også vere vegvisarar for fjellturen.
Rune Sæbønes
21.08.2006
Sæbø har i år gjort eit eksperiment med draktene. Laget har for A-laget gått tilbake til historia, og henta fram dei vertikalstripete draktene. Heilt historisk korrekt er det ikkje, men er dette noko laget skal gå vidare med?
Rune Sæbønes
21.08.2006
Sæbø vann måndag 7-0 over Gjerdsvika på Sæbø stadion. Sæbø leia 2-0 ved pause, og i andre omgang køyrde Sæbø over gjestene. Sæbø er dermed på toppen av tabellen.
Knut Hustad
20.08.2006
For ikkje lenge sidan, vart Bondalselva stengd for alle andre enn flugefiskarar. Men kan det fiskast ulovleg også med fluge? (Illustrasjonsfoto)
Knut Hustad
20.08.2006
Suksess for Jan Tore Tellefsen - Start vann i fotballcupen og pjakken beit i Bondalselva.
Tor Eirik Trandal
20.08.2006
På ein rasteplass langsmed E6 på Hedmarken fann vi denne dobbelplakaten - ein flygesetel for eit glimrande herverande turisttilbod i kombinasjon med ein fylkesinfo for Hedmark. Betre kan det ikkje provast: Hjørundfjorden og Hedmarken, høyr på det, - så menn, det rimar!
Ivar Svein Mo
19.08.2006
Ola og Solfrid Kvistad er fast besøkande på Kvistad i Bondalen, og vil være det så lenge dei kan......
Knut Hustad
17.08.2006
Dei siste dagane har vi lese om sportsbilen til Jørund - fartsvidunderet Føhnix. Her kjem den første bilen frå Aklestad Autoindustri....
Knut Hustad
17.08.2006
Etter svært så mange dagar med sol og fint vêr i Hjørundfjorden, kom regnet også hit...
Knut Hustad
16.08.2006
Det som er jarnavfall for nokre, delelager for andre, vert no fjerna frå parkeringsplassen ved Bondalen grendahus.
Rune Sæbønes
16.08.2006
Sæbø vann onsdag kveld 3-1 over Tjørvåg på Tjørvåg-grusen. Sæbø var solide, og vann fullt fortent. Sæbø er dermed for alvor med i opprykkskampen i sjette divisjon.
Kjell-Johan Aarseth
16.08.2006
I dagens tilbakeblikk går vi 13 år attende til 10. oktober 1993 og kan lese om Sæbø sitt smågutelag som vart krinsmeistrar for 7-ar lag.
Rune Sæbønes
16.08.2006
Nordic Sky tek vinterpause. Positive merknader til steinbrot på Flatneset. Opplysningsvesenets fond er interesseerte i tomtesal m.v. Les meir om smånytt frå Hjørundfjorden.
Knut Hustad
15.08.2006
I dag har eg hausta korn - eller heiter det å treske? Her kjem eit par spørsmål til våre yngre brukarar av hjorundfjord.no (under 12 år).
Tor Eirik Trandal
15.08.2006
Mange har lurt på korleis ein skal tyde statistikken på Hjørundfjordportalen, og det har vore litt diskusjon rundt det. Eg skal her prøve å greie opp i dette.
Knut Hustad
15.08.2006
Etter eit massivt krav frå brukarane av hjorundfjord.no, kjem det her meir om fartsvidunderet Føhnix.
Rune Sæbønes
14.08.2006
Det nærmar seg jul. Då kan det vere på tide å mimre litt. Denn artikkelen stod på trykk i Møre-Nytt og hjorundfjord.no i slutten av august, etter ein sommar mest utan like.
Knut Hustad
13.08.2006
Ikkje berre køyrer Jørund sportsbil, nei, han har også laga dette vidunderet av ei fartsmaskin sjølv...
Hilde Muren
13.08.2006
Laurdag 12 august var det arrangert sommarfest i Sæbø sentrum.
Knut Hustad
13.08.2006
I desse tider skal alt av jarn som ikkje virkar 100 % kastast, eller? Kanskje kan ein god nabo hjelpe til å reparere?
Tor Eirik Trandal
11.08.2006
Også leiinga for Hjørundfjordportalen må ta seg ein velfortjent ferie av og til, og ferda denne gongen gikk mellom anna mot grensestrøka til Sverige.
Knut Hustad
11.08.2006
Dei siste dagane har det vore stor aktivitet på parkeringsplassen ved Bondalen grendahus. Det som er ein stad å verte kvitt jarnavfall for nokre, har blitt ei gullgruve for andre...
Knut Hustad
10.08.2006
Er det kobber eller folk som ligg ute på fjorden? Dei siste par dagane har det vore ein viss tvil om dette på Sæbø...
Knut Hustad
09.08.2006
Mange unge har fått ord på seg for å vere late og duglause. Den omtalen fortener i alle høve ikkje Jørund superavløysar...
Ivar Svein Mo
08.08.2006
Det er for tiden berre to innslag på aktivitetskalenderen og det er for lite, her er meir aktivitet i bygda enn som so. Alle som har noko å annonsere må bruke denne moglegheita som er gratis. hjorundfjord.no hadde rekordtreff i går kl.24.00 med 122 treff, og det betyr at her er 122 datamaskinadresser som har vore på besøk(ei datamaskin adresse vert berre registrert ein gong for døgnet)Dette betyr at mange brukarar er innpå for dag.
hjorundfjord.no er brukarstyrt av folket, så vert brukar du også og ta i bruk portalen. Du må ikkje vente på at andre skal kome å ta kontakt, men gå innpå portalen og registrer deg, og ta den i bruk til nytte for heile distriktet.
Er der behov for opplæring ved bruk på portalen så ta kontakt med kontaktpersonane eller underteikna så skal vi halde ein brukarkveld.
mvh Hjørundfjorden bygdemoblisering - mosveise@tussa.com
Einar Arve Nordang
08.08.2006
5 karar tek turen til Russadalen for å sjå om ørreten er på bet...
Anna Elise Aklestad
07.08.2006
30. juli til 5. august hadde Noregs KFUK-KFUM-speidarar landsleir, og speidargruppa frå Sæbø tok dermed turen til Røros.
Knut Hustad
06.08.2006
Dei beste vafflane i Møre og Romsdal? Ja, dei finn du på Sæbø stadion.
Rune Sæbønes
06.08.2006
Ørsta vann Sæbø-cupen i helga, etter at laget vann 2-1 over Vartdal i finalen. Ørsta tok dermed første napp i den nye vandrepokalen. Sæbø vart nummer tre i turneringa.
Rune Mo
06.08.2006
Laurdag kveld var det Tyske Bahamas-registrerte cruseskipet MS Mona Lisa på besøk i Hjørundfjorden og Øye. Skipet er 201 meter langt og er eigd av HOLIDAY Kreuzfahrten GmbH i Erkenlez, Vest-Tyskland ikkje langt fra Düsseldorf
Perry Bjørke
06.08.2006
Mange fekk seg ei hyggelig stund med Trekkspelmusikk i Bakkedalen den 1 August
Knut Hustad
05.08.2006
Nei, det vart ikkje Saudehornet rett opp, men ein morgontur på Lissjetinden kombinert med litt isbading, er vel heller ikkje så verst?
(På foto til høgre ser vi Fred Ingar Somby på Grøthornet klokka 0715. Grøtdalstinden omtrent midt på biletet.)
Rune Sæbønes
05.08.2006
Dei "faste" bebuarane på Hjørundfjord Camping har dei siste dagane gjort ein kjempejobb for å få rydda campingplassen, og for å få meir sol. Fleire kubikkmeter tre er rydda vekk og køyrt vekk.
Rune Sæbønes
05.08.2006
Ørsta leier Sæbø-cupen etter to dagar. Laget har eitt poeng meir enn arrangørklubben Sæbø. Men også Vartdal og Hovdebygda har sjansen på å nå finalen. Åmdal er hekta av.
Ivar Svein Mo
05.08.2006
Fredag den 4.august kl.21.30 var koret SKRUK med Per Oddvar Hildre som dirigent, på vitjing og heldt konsert i Hjørundfjord kyrkje, som var fullsett av besøkande frå fjern og nær. Her var folk frå Ålesunddistriktet, men mesteparten kom frå Ørsta Volda, tilsaman vel 300 personar
Lovise Mo
04.08.2006
På Sæbø har det denne sumaren periodevis vore regnvér og tunge byger, men inn i mylla har vi også hatt dei mest strålande soldagane vi kan by på. 29. juli var ein av dei dagane.
Rune Sæbønes
04.08.2006
Marius Riise skåra to mål, og sikra med det sigeren til Sæbø mot Åmdal i Sæbø-cupen fredag. Sæbø vann 2-1, og fekk med det ein god start på si eiga turnering.
Ivar Svein Mo
04.08.2006
I dag kan vi vise fram endå ein stein frå den rikhaldige samlinga til Helge Nordang. Steinen er ein Fluoritt og er funnen i Norangsdalen.Norangsdalen går frå Øye i Norangsfjorden(som er ein sidefjord i Hjørundfjorden)over til Hellesylt.Norangsdalen er eit mykje omtalt turistmål og var betre kjent rundt 1900 enn Geiranger. Her var kong Håkon på besøk under kroningsferda.
Knut Hustad
04.08.2006
Den fire dagars rideturen frå Jakobgarden i Skjåstaddalen til Patchellhytta m/retur, er i gang. På biletet til høgre ser vi ein av deltakarane, Weronica Elise Alnes.
Knut Hustad
02.08.2006
Vi veit alle om Christian Gaard, men visste du at Trandal har Noregs vakraste postkontor, eller ein stor og flott setredal? Berre sjå...
Rune Sæbønes
01.08.2006
Fredag, laurdag og søndag er det klart for den årvisse Sæbø-cupen. For første gong går turneringa over tre dagar. Det er fordi både spelarar og publikum skal ha mulegheit til å delta i Saudehornet Rett Opp.
Rune Sæbønes
01.08.2006
Sæbø-jentene tapte tysdag 0-5 for Bangsund i Norway Cup. Med det resultatet er det klart at Sæbø går til B-sluttspelet i klasse U, jenter 16 år. Sæbø-jentene tok ikkje tapet altfor tungt. Rett etter kampen bar det mot Tusenfryd.