Rune Sæbønes
30.05.2006
Fjelltrimmen er i gang
No er nesten alle postane i Fjelltrimmen til allidrettsgruppa i Sæbø IL utplasserte. Allereie er det godt besøk på nokre av dei mest populære. Måndagstrimmen er også i gang.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2006
Rune Sæbønes
30.05.2006
No er nesten alle postane i Fjelltrimmen til allidrettsgruppa i Sæbø IL utplasserte. Allereie er det godt besøk på nokre av dei mest populære. Måndagstrimmen er også i gang.
Rune Sæbønes
30.05.2006
Måndag 2. pinsedag (Den 5. juni) held allidrettgruppa i Sæbø IL sykkelløp. Det vert start ved klubbhuset kl 1500, og det er både kort og lang løype pluss ferdigheitsløype for dei som vil teste sykkelferdigheitene sine etter løpet.
Rune Sæbønes
30.05.2006
Sæbø er best på heimebane så langt i sesongen. Laurdag vart det siger 5 – 1 over Åheim/Åram-Vankam2. Sæbø leverte det beste spelet i første omgang, og kontrollerte kampen i andre. Torsdag skal laget spele mot Moltustranda på Moltustranda.
Tor Eirik Trandal
25.05.2006
Portalen treng eit ansiktsløft i øvre delen. Altså bakgrunnsbiletet i toppen her. Om nokon har bilete som kan egne seg til slik bruk, og kan tenke seg å donere det til oss hadde vi sett stor pris på det.
Planen er å ha eit godt bilete for kvart faneark som skildrar fanearket det ligg på best mogeleg. Meir om dette under "les meir"
Ivar Svein Mo
23.05.2006
Vi tok kontakt med Forsøksringen i Ørsta for å få vite kva som kan feile markane som ser så dårleg ut i år. Grasrota er oppeten og det er alarmerande opplysningar Even Øverbø kjem med, og vil anbefale markvandring snarast for å gjere naud- tiltak.
Det vart ein kort markdag ved Even Øverbø i dag onsdag 24.mai kl.10.00. Frammøte var brukbart og du kan lese om det her.
Tor Eirik Trandal
22.05.2006
Introduksjon til kurset tirsdag 23. mai kl 20.00 på Hotell Sagafjord Sæbø.
...Dette er eit møte der alle interesserte kan møte for å få treffe fylkesagronomen og eventuelt melde seg på dei siste ledige kursplassane.
Tor Eirik Trandal
22.05.2006
Vi har hatt opprydning i brukardatabasa, og useriøse brukarregistreringar er fjerna. Vi har også sletta alle brukarar som ikkje har godkjent e-posten dei fekk tilsendt frå portalen. Dei kan registrere seg på nytt om dei vil.
Enok Kippersund
19.05.2006
Her er eit utdrag frå boka "Den siste langrennaren". Boka handlar om landslagsløparen Kristen Skjeldal og snø, og er skriven av Gudmund Skjeldal, som også var landslagsløpar, og som er broren til Kristen.
http://www.hugen.no/staffeli/lunn05.htm
Tor Eirik Trandal
17.05.2006
<img src="/images/fane/thumbs/17_mai_thumb.jpg" align="right" vspace="0" hspace="10">17.mai feiringa i Hjørundfjorden er vel overstått. Her finn du mange flotte bilder frå denne dagen.
Det er enno ikkje forseint å sende inn bilete frå feiringa. Send dei til ein av kontaktpersonane for portalen og vi legg dei opp så snart som råd.
<a href="http://www.hjorundfjord.no/bildegalleri/main.php?g2_view=core.ShowItem&g2_itemId=1302" target="_blank">Bilete frå feiringa finn du her</a>
Rune Sæbønes
17.05.2006
Fellesturar i sommar
Vi held fram med trimmen. Bli med på fellesturane. Alle som har vore med på trim ynskjer vi med vidare, og sjølvsagt er nye delatakarar hjarteleg velkomne,. Det er oppmøte frå startstaden kl. 19.00.
Rune Sæbønes
16.05.2006
<img src="/images/fane1/thumbs/norskflagg.gif" width="100" alt="Flagg" align="right">17. mai-feiringa i Hjørundfjorden har tradisjonar. I dei fleste grender vert Grunnlovsdagen feira med markeringar i fellesskap. Her i Hjørundfjordportalen er vi svært interesserte i å få inn reportasjar og bilete frå feiringa i år. Det er berre å sende ein mail til kontaktpersonane for portalen, og vi skal leggje stoff og bilete ut.</div>
Ivar Svein Mo
13.05.2006
Møte i Styringsgruppa på grendahuset onsdag 10.5.06 kl. 2000.
Ivar Svein Mo
13.05.2006
Arbeidsutvalet (Ivar Svein Mo, Bjarne Rekkedal, Per Atle Røe og Knut Hustad) sitt møte med nemnda som arbeider for veg på Skårasalen. For denne nemnda møtte Ivar Aarsæther(leiar), Elling Kvistad, Lars Petter Strandmann og Ansgar Kvistad. Møtet vart halde på Bondalen grendahus tysdag den 2.5.06 kl. 2100.
Bakgrunnen for møtet var at ”Skårasalvegnemnda” har søkt Styringsgruppa i Hjørundfjord bygdeutvikling om økonomisk støtte til eit forprosjekt for prosjektet.
Rune Sæbønes
12.05.2006
Her finn du litt om dei fjelltrimpostane som allidrettsgruppa i Sæbø IL vil leggje ut i år. Vi har prøvd å gje ei kort skildring av dei ulike postane. Hugs at det vert trekt ut premiar blant alle som skriv seg inn i bøkene.
Postane kjem på plass tidleg i juni. Melding om dette kjem seinare.
Rune Sæbønes
12.05.2006
Sæbø knuste Flø 7-0 på Sæbø stadion fredag kveld. Sæbø leia 2-0 ved pause,og laget overkøyrde gjestene fullstendig. Kai Skaar vart kampen sin store spelar med fire målgjevande og to mål
Rune Sæbønes
11.05.2006
Sæbø spelar sin første graskamp på heimebane for året, når Flø kjem på vitjing fredag 12. mai.Kampen går på Sæbø stadion kl. 19.00.
Tor Eirik Trandal
10.05.2006
Vi held for tida på å leggje opp forumet slik at ein kan bruke same passord på portalen, forumet og bildegalleriet. Vi legg også inn ein norsk spesialversjon av phpbb som er forum-programvara vi køyrer på portalen.
I samband med dette vert forumet stengt ei stund.
Ivar Svein Mo
08.05.2006
Mange har lite fór til dyra sine desse siste dagane før årets grøde kan føde dyra ute. Dei som har noko til overs kan henvende seg til landbrukskontoret som vil være behjelpeleg med å formidle fóret til dei som treng det.
Enok Kippersund
06.05.2006
Riksantikvaren vil verne 100 røde telefonkiosker over det ganske land, og for evig og alltid bevare dem som kulturminner.
Tor Eirik Trandal
05.05.2006
For ei god stund sidan kom Mathilde Vinje med eit forslag om eit "spel"... eller ei dramatisering av bygdelivet slik det var før. Som eit lite innblikk i korleis det var før i gamle dagar, med god tradisjonsrik mat, autentiske klede o.l
Denne ideen syns eg var såpass bra at eg ville framheve den litt meir slik at vi kanskje kan blåse liv i denne ideen.
Eg oppmodar alle som kan tenkje seg å ha ein finger med i spelet om å samle krefter og kome seg ut av godstolen.
Her er idéen slik Mathilde Vinje la den fram i forumet:
Knut Hustad
04.05.2006
Vi hadde lenge tenkt å ta nedkøyringa til Skår - ned Lissjeskåradalen. Men vi kunne nok valt ein dag med betre vêr...
Tor Eirik Trandal
03.05.2006
Bygginga av hamn på Christian Gaard går framover. Ein ser no konturane av korleis hamna vert sjåande ut.