Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2006

Attende til hovudsida

Artiklar

Desember 2006

Knut Riise

29.12.2006

Julesopptur

Eg fekk "sopp for nybegynnere" i julegåve i år.
Allereide i dag fekk eg bruk for den etter ein tur til skogs i Rognestøyldalen.

Les heile

[2 kommentarar]

Unn Frøland

29.12.2006

Vårleg jule-quiz

I dag har det vore sørgeleg taust på portalen, så eg tenkte eg skulle prøve brukarane på ein quiz som eg hadde tenkt å spare til våren. Noken som veit kva dette er? Navnet er sjølvsagt ikkje nok!

Les heile

[5 kommentarar]

Knut Hustad

27.12.2006

Mi meining

På hjorundfjord.no skal vi skrive berre om det rosenraude - om det som kan kallast gladnyhender. Eller…

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

27.12.2006

Jol i Oslo

I Oslo sit det ein mann som heiter Jon Hustad. Han er journalist i Klassekampen og skriv mellom anna kommentarar i avisa. På julaftan sakna han den gode julematen - lammeribba...

Denne kommentaren vert lagt ut her på hjorundfjord.no etter løyve frå Klassekampen.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Riise

25.12.2006

Ein nydeleg 1. juledag

Etter regn og atter regn, kom endeleg ein fineversdag.
Det vart tidleg bestemt at vi skulle sjå sola, om det heldt seg klårt. Og då vart Stokkehornet valt. Og så snart det var lyst tok vi laust.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Riise

24.12.2006

Førskuletid på gamle Rise

Dette postkortet frå før krigen viser Rise sett frå aust.
Pegarden ligg bak grana. Huset heilt til høgre vart seinare flytta til Sæbø,og er i dag feriehuset til Annik Magerholm Fet.
Dei flytta det over Gråtevadet og ned gjennom øyane. Dei bodde i huset og folk huskar endå at det rauk av pipa under flyttinga.

Sjølv om det nærmar seg 40 år sidan mitt barndoms Rise gjekk tapt, hugsar eg mykje frå oppveksten.

Les heile

Johannes Halland

24.12.2006

Julefest på skulen

Måndag 18.12. var det tid for den tradisjonelle julefesten på Sæbø skule. Pensjonistar, besteforeldre og foreldre var invitert.

Les heile

Knut Hustad

24.12.2006

Godt nøgd

Også Jon Arne Årseth på Bellingen set pris på nokre fridagari jula, men heller ikkje han vil klage. Tvert om, han set pris på både julehandelen og kundane sine.

Les heile

Knut Hustad

24.12.2006

Tusen takk og god jul

Daffa og Nutte vedgår det så gjerne: Dei er slitne etter hektiske dagar på Strands bakeri, men er svært takksame for den positive responsen dei har fått.

Les heile

Knut Hustad

23.12.2006

Siste dag for handel

Lange dagar for dei som driv med butikk i desse tider, men Gunnhild og Torbjørn Slettedal hos Joker på Sæbø er like blide for det..

Les heile

Knut Hustad

23.12.2006

"Oss er en evig frelser født!"

Solveig og Arne Svilosen var frå 1977 til 1987 presteparet i Hjørundfjord (foto til høgre). I dag er dei to busett på Lillehammer og Arne er feltprost i Forsvaret. Det gler oss mykje at Arne har sendt oss brukarar av Hjørundfjordportalen ei helsing og andakt der han minner oss m.a. på at jul er høgtid og at jula sitt kristne sentrum er at Gud vart menneske...

Les heile

[2 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

22.12.2006

Julekalender: luke 22

Då er Rudolf snart i sikte og det er berre 2 dagar att til julaftan. Julekalenderen på hjorundfjord.no nærmar seg slutten, men fortsatt nokre sjansar igjen til å avsløre nissen. Kven skjuler seg bak maska i luke 22?

Les heile

[12 kommentarar]

Rune Sæbønes

22.12.2006

200.000 til Bondalseidet

Ørsta kommunestyre vedtok på budsjettmøtet tysdag å løyve 200.000 kroner i driftsstøtte til Bondalseidet. Det vil gjere det mogleg for Ørsta Skisenter å engasjere folk til å ta i vare skiheisen og skitrekket, og fylgje opp dei strenge krava Veritas set for slik drift. Samstundes går arbeidet for å selje hytter og hyttetomter i området for fullt.

Les heile

Knut Hustad

22.12.2006

God jul frå frukostgjengen på Bellingen

Flesteparten av frukostkaffigjengen på Bellingen på Sæbø har, eller har hatt, levevegen på sjøen. No nyttar gjengen høvet til å ynskje alle som må vere ombord på fartya sine i jula, ei God og fredeleg julehøgtid.

Les heile

[1 kommentar]

AnnHelene Wille

21.12.2006

Julefest

Velkomen til julefest på Sæbø Bedehus 4. juledag kl. 16.00. Vi får besøk av Paul Kristian Hovden frå Ørsta som vil snakke til borna, Hjørundfjordkvintetten, born frå bygda vil synge, gang rundt treet og kanskje dukkar nissen opp? Ta gjerne med eit fat med mat, vi kokar kaffi og borna vil få brus. Vi ønsker at bygda held fast på tradisjonen med julefest. Velkomen!

Les heile

Rune Sæbønes

21.12.2006

Er dette "nye" Sæbø?

Sæbø sentrum skal fornyast. Det er eit av hovudmåla til bygdemobiliseringa. Korleis skal så sentrum sjå ut? Styringsgruppa for Hjørundfjorden bygdemobilisering sin visjon kan du lese om i denne saka.

Les heile

[9 kommentarar]

Unn Frøland

21.12.2006

Føden i Volda kan bli feriestengt

Dei fleste har nok fått med seg i media at det er bestemt at føden i Volda skal være feriestengt i juli. På nyåret vert det satt i gang ein innsamlingsaksjon med Svein Sunde i spissen for å hindre dette.......

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

19.12.2006

Julefesten i rute

Julefesten på Bondalen grendehus er i rute. No er huset pynta til fest, programmet er klart, og festnemnda er budde på storinnrykk. Det er framleis billettar igjen.

Les heile

Rune Sæbønes

19.12.2006

Startløyving på 800.000 til ny gymsal

Då er arbeidet med ein ny gymnastikksal på Sæbø skule i gang for alvor. Ørsta kommunestyre vedtok tysdag (i dag) å løyve 800.000 kroner til forprosjektet. Kommunestyret seier også at det vil verte lagt inn løyvingar i økonomiplanen frå 2008 og framover i samband med rulleringa av økonomiplanen i mai.

Les heile

Rune Sæbønes

19.12.2006

Ein halv million kroner til Sæbø sentrum

Ørsta kommunestyre har løyvd ein halv million kroner til investeringar i Sæbø sentrum komande år. Det vart avgjort under budsjetthandsaminga tysdag (i dag). Leiar i Hjørundfjorden bygdemobilisering, Ivar Svein Mo, er strålande nøgd.

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

19.12.2006

Barnehagen byggjer ut - del II

Byggjearbeidet i barnehagen går langsomt men sikkert framover. Vi håper på at vi er ferdige ein gong mellom vinterferie og påske. På austsida er eit tilbygg allereie reist og på vestsida er eit hus flytta og grunnmuren til eit framtidig grillhus på plass.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

19.12.2006

Bygginga av Vågen Kraftverk i gang

Arbeidet med Vågen Kraftverk er i gang. For tjuefem millionar kroner byggjer fallrettshavarane på Finnes og Sætre i Storfjorden eit kraftverk som vil forsyne 900 husstandar med straum.

Les heile

Kjell-Johan Aarseth

18.12.2006

Julekalender: luke 18

Tredje søndag i advent er forbi og no er det berre seks dagar igjen til julaftan. Veit du kven som skjuler seg bak nissemaska i dag, 18. desember?

Les heile

[11 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

17.12.2006

Julekalender: luke 17

Ingen klarte å avsløre nissen i gårsdagens oppgåve, og det er ikkje sikkert dagens julenisse vert noko lettare. Er du registrert på portalen kan du vere med å gjette.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

15.12.2006

Hjørundfjorden vert ikkje nasjonal laksefjord

Hjørundfjorden vert ikkje nasjonal laksefjord, og Bondalselva får ikkje status som nasjonalt laksevassdrag. Det er klart etter at regjeringa i dag la fram forslaget sitt til vern av villaksstamma. Les pressemeldinga frå miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Les heile

[3 kommentarar]

Helge Strand

14.12.2006

Avklaring om nasjonale laksevassdrag

Miljøvernminister Helen Bjørnøy presenterer fredag regjeringa sin politikk for vern av villaksen, og det vil kome forslag på nye nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Bondalselva og Hjørundfjorden kan vere blant forslaga.

Les heile

[8 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

14.12.2006

Julekalender: luke 14

Det nærmar seg jul med stormsteg, og det byrjar å minke på lukene i kalenderen. I dag er det nr. 14 som står for tur. Veit du kven dagens julenisse er?

Les heile

[7 kommentarar]

Rune Sæbønes

13.12.2006

Stormen kjem, men ikkje så gale...

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om storm torsdag ettermiddag og kveld på kysten fra Hordaland til Nord-Trøndelag. Men noko ekstremvær vert det neppe, skriv Sunnmørsposten på nett (www.smp.no)


Les heile

Knut Hustad

13.12.2006

Vêrrapport

Ute på Haltenbanken, på boreplattformen West Alpha, jobbar der ein kar som heiter Fred Ingar Somby. Han har sendt oss eit par ferske vêrrapportar...(Arkivfoto av Fred Ingar til høgre)

Les heile

[5 kommentarar]

Hilde Muren

13.12.2006

Barnehagen på kirkevandring

I fjor vart Sæbø barnehagen inviterte til adventsvandring i Sæbø kirke. Opplevinga var så god at vi i vår inviterte oss sjølve, og håper vi har starta ein lang og god adventstradisjon for barn og vaksne i barnehagen.

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

12.12.2006

Oppdatering på "kontodetaljar"

Ein kan no gå inn på <a href="?side=brukar_kontodetaljar">"Kontodetaljar"</a> for å endre passordet sitt.

Mange har nok fått utdelt eit krøkete passord frå funksjonen <a href="?side=brukar_glomt_passord">"Gløymt passord"</a> og vil nok gjerne skifte det ut.

Skriv gjerne ein kommentar eller send ein mail dersom noko er uklart.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

12.12.2006

Natt i Hjørundfjorden

Natta i Hjørundfjorden kan vere magisk, med månelys og fjorden som speglar seg i lysa. Likevel, av og til er det regnveret som dominerer, utan at ein skal kome i tungsinn av den grunn.

Les heile

[3 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

11.12.2006

Julekalender: luke 11

Då er det klart for luke nr 11 i hjorundfjord.no sin julekalender. Er du registrert som brukar på portalen, kan du vere med å tippe på kven nissen er.

Les heile

[11 kommentarar]

Knut Hustad

11.12.2006

Julegrana på Sæbø tend.

Som tradisjonen tilseier, vart i dag - 2. søndag i advent - julegrana på Sæbø tend etter lysmessa i Hjørundfjord kyrkje. Og etterpå var det julemarknad på Bondalen grendahus...

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

10.12.2006

Uver

Det er uver i Hjørundfjorden i dag. Førebels handlar det om regn og kuling, og så får ein sjå kor langt stormen som er meldt når inn i fjordsystemet.

Les heile

Rune Sæbønes

09.12.2006

Sæbø live

hjorundfjord.no prøver i dag noko nytt. Nemleg å vere til stades i Sæbø sentrum på direkten ein laurdag føremiddag og tidleg ettermiddag. Vi har benka oss utanfor Strands Bakeri, og prøver Tussa si trådlaussone.

Les heile

[8 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

09.12.2006

Julekalender: luke 9

Mange sleit med å avsløre kven julenissen var i gårsdagens luke. Ny muligheit i dag. Opne luke 9 og ver med å tipp. Kanskje nettopp du er den raskaste til å svare rett?

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.12.2006

Mange på hjorundfjord.no-kurs

hjorundfjord.no er no i gang med kurset om bruket av Hjørundfjordportalen. Kring tjue personar har møtt på kurset, og det er ei svært interessert forsamling som følgjer nøye med.

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

07.12.2006

No er t-skjorta snart klar

I dag møtte ei samla styringsgruppe i Hjørundfjorden bygdemobilisering grafisk designer Benedicte Kjelland og Torbjørn Håskjold i Frost media. Og no er t-skjorta til hjorundfjord.no snart klar... Til høgre ser vi Torbjørn Håskjold (t.v.) Benedicte Kjelland, Rune Sæbønes og Linda Stokke (bak)

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

06.12.2006

Flotte juledekorasjonar

I kveld laga over 30 kvinner flotte juledekorasjonar under arbeidsmøtet til Helselaget på Bondalen grendahus.

Les heile

Rune Sæbønes

06.12.2006

Lagar dokumentarfilm om Hjørundfjorden

Ein ny Hjørundfjord-film er på veg. Filmstudentane Christer John Auger og Benjamin Hjort ved Høgskulen i Volda har nytta hausten til å gjere ei rekkje opptak i Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane. Dette vert ein lågmælt dokumentarfilm om Hjørundfjorden, der Helge Nordang har ei sentral rolle

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

06.12.2006

Søknad retta til Fjord 1 Buss Møre

Sæbø Grendalag og Hjørundfjord Bygdeutvikling har saman skrive brev til Fjord 1 Buss Møre om starte opp att laurdags- og søndagsruta frå 1/5/07. For at dette skal bli ein realitet må Fjord 1 Buss Møre søkje fylket om midlar til å starte opp att rutene. Det krev at vi tar kontakt med fylkespolitikarar og legg fram saka vår. Nedanfor kan du lese brevet.

Les heile

[3 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

05.12.2006

Julekalender: luke 5

Det er tydeleg at folk kjenner kvarandre i Hjørundfjorden, sjølv med nissemaske på. Kanskje du veit kven dagens julenisse er også? Opne luke 5 og sjå.

Les heile

[5 kommentarar]

Knut Hustad

05.12.2006

Åshild lefsebakar

Flatbrødbaking heime, lefsebaking på Hjørundfjordheimen, lefsebaking heime... Det er travle tider for Åshild - fagarbeidar på lefse som ho er.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

05.12.2006

hjorundfjord.no i rekordmodus før kurskvelden

I dag feirar vi med ein salutt. Hjørundfjorportalen nådde ut til rekordmange, måndag den 4. desember. Til slutt enda det på 230 unike treff. Det er ny rekord for vitjingar på portalen. Det gjev ekstra inspirasjon til kurskvelden vi inviterer til komande torsdag på Bondalen grendehus.

Les heile

[10 kommentarar]

Rune Sæbønes

04.12.2006

Stor(m) flod

Det er stor flod langs heile vestlandskysten i kveld (måndag 4. desember), og også i Hjørundfjorden. På Sæbø stod floda like etter kl. 22.00 svært høgt, sjølv om det ikkje var nokon rekord.

Les heile

[1 kommentar]

Helge Strand

04.12.2006

Rolf fyller 60 år!

Min kjære bror og ven, Rolf,fyller 60 år i morgon den 5. desember.
Eg veit han ikkje likar at eg skriv det. Han vil ikkje ha nokon blest om sin eigen person,Rolf.
Men likefullt, eg tek sjansen.
Den som ønskjer å vitje Rolf i morgon er heilt sikkert velkomen til hytta hans på Bondalseidet. Der er det ope hus heile dagen, og kvelden.....!

Les heile

[3 kommentarar]

Dagfinn Strand

03.12.2006

Tur til Vasstøylen

Hadde meg ein fin tur til Vasstøylen i dag 3 desember.
Det var ein fin tur med heilt bart for snø, den låg ca en 100 meter lenger oppe. Har hatt meg mange tura i Kvistaddalen og
Vasstøylen oppigjenom åra, men aldri opplevt å få gå heilt til
Vasstøylen på bar mark så seint. Det jeg lurte på er om her er andre fra
Bondalen som kan huske at det har vore så lite snø i fjella tidlegere
om åra, og om dei kan minnest om dei har gått på bar mark heilt til Vasstøylen så seint som 3 desember.
Håper på god hukomelse?
Dagfinn Strand.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

03.12.2006

Kurs i bruk av hjorundfjord.no

Hjørundfjordportalen vert stadig meir nytta, og det er arbeidsgruppa bak portalen glade for. Likevel får vi ein del spørsmål, og hovudspørsmålet er: Korleis finn vi fram på portalen? Dette vil hjorundfjord.no gjere noko med, og inviterer til eit lite innføringskurs i bruk av portalen.

Les heile

Knut Hustad

02.12.2006

Julerøykalaksrøykaren

To nye laksesider vert lagde i kassa. Så litt sukker – aahh, litt til, så ein trekvart Josteinneve med grovsalt og til slutt passe mengde med finsalt. Julerøykalaksrøykaren på Sæbøneset, Jostein Koppen, har det travelt om dagen. Kundane skal ha røykalaks av topp kvalitet til jul.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.12.2006

Nyttårsplakatar også i år

Det er fire veker att til 2007. Akkurat i årsskiftet vil plakatnemnda tradisjonen tru kome med nyttårsplakatane på Kaihusveggen.

Les heile

Kjell-Johan Aarseth

01.12.2006

Julekalender på hjorundfjord.no

I dag 1. desember startar ein høgtideleg (det er jo snart jul) julekalenderkonkurranse her på hjorundfjord.no. Kvar dag fram til julaftan vil lesarane kunne vere med og tippe på kven dagens julenisse er.

Les heile

[11 kommentarar]