Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2006

Attende til hovudsida

Artiklar

Oktober 2006

Rune Sæbønes

31.10.2006

Nr. 1 - Den nye rutebåten

Det var nok fleire som stussa då Per Olav Moldvær i reiarlaget CruiseService for eit par år sidan lanserte tankar om ein rutebåt til Hjørundfjorden frå Ålesund. Kva kunne vere vitsen med dette? Rutebåten vart jo lagt ned i 1965 fordi det ikkje var grunnlag. Men Moldvær såg potensialet i Hjørundfjorden som reisemål. 1. juli var første tur for rutebåten Nordic Sky. Tiltaket vart etter kvart godt teke i mot, med til saman over hundre passasjerar dei beste dagane. Hjorundfjord.no kårar rutebåten på Hjørundfjorden som årets beste sommarnyhende.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

30.10.2006

På fest med Bruce Springsteen

Søndag var det fest på lokalet. Ikkje i Hjørundfjorden, men i Oslo Spektrum. Fleire hjørundfjordingar var til stades då Bruce Springsteen inviterte til tidenes haraball. Det vart ei oppleving dei tilstadeverande seint vil gløyme.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

28.10.2006

"Fjordtun" får carportar

Allereie i morgontimane i dag, laurdag, var tre karar i gong med å støype fundament til det som skal verte carportar utanfor sameiget "Fjordtun" på Sæbø.

Les heile

Knut Hustad

28.10.2006

Gangvegen på "Riserampa" vert grusa

Tidelgare har ein dugnadsgjeng rydda rampa frå Hustadbrua til Rise for skog og kratt. I dag vart fyrste del av rampa grusa. Dermed har vi fått ein fin gangveg. Til høgre ser vi Knut J. Riise(på traktoren) og Ansgar Kvistad i arbeid.

Les heile

[4 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

28.10.2006

Nr. 2 - Christian Gaard Bygdetun

Christian Gaard ligg som mange veit i idylliske omgjevnadar på Trandal i Hjørundfjorden, og stikk velfortent av med andreplassen i kåringa av årets sommarnyhende med si nyskapande og sterke vilje til å overleve.

Les heile

Knut Hustad

27.10.2006

Bispevisitas

I to heile dagar til ende har biskop Odd Bondevik halde bispevisitas i Hjørundfjord prestegjeld. Visitasen vart avslutte med visitasmøte på bedehuset på Sæbø no i kveld.

Les heile

Unn Frøland

27.10.2006

Forslag til Årets Bondaling

I dag har vi alle sett at vinteren, 3.juledag og kåring av den gjeve prisen "Årets Bondaling" nærmar seg med STORMskritt!
Om nokon har forslag til "Årets Bondaling" kan det sendast til Siw Lillebø eller Unn Frøland innan 1.desember

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

25.10.2006

Suksess for strikkekafeen

Onsdag var første kveld for strikkekafeen på Sæbø bedehus. Initiativet kan allereie kallast ein suksess, for det var kring tjue personar som var innom i løpet av kvelden. På den første kvelden dukka også Hjørundfjorden bygdemobilisering opp. Sjølvsagt med kake.

Les heile

[2 kommentarar]

Kari Hame

25.10.2006

Biblioteket på Sæbø

Bygdemobiliseringsprosjektet har som mål å skape bulyst, gode levekår og arbeid for dei som allereie bur her eller som kanskje snart vil flytte til Hjørundfjordområdet. Det er snakk om å ta tak i eiga utvikling, skape noko nytt, og ikkje minst, auke trivselen. Ikkje berre det å skape noko nytt, men også det ein allereie har, må takast vare på, og i denne samanhengen vert fokus sett på biblioteket vårt.

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

24.10.2006

Quiz - kvar er dette?

Spørsmålet er kort og godt: Kva er dette? Litt hjelp kan vi gje. Fotografiet er dagsferskt. Det er ikkje brukt vidvinkellinse eller telelinse. Svaret vert venta i kveld.

Les heile

[8 kommentarar]

Ivar Svein Mo

23.10.2006

Hjelp til næringsdrivande i landbr.

Har du problem med å forhalde deg til alle slags reglar som gjeld for ei gardsdrift i dag, kan du få hjelp her. Her kan du etterkvart få hjelp til tilleggsnæringar også.
Du kan legge inn org.nr ditt på www.regelhjelp.no og få oversikt over dei reglane som gjeld for din gard.

Du kan lese meir her på sida, som opnar i dag....

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

22.10.2006

Sæbø slo Volda og Herd

Jenter 16-laget til Sæbø IL leverte nok ein flott innats på handballbana i helga. Det vart sigrar over både Volda og Herd.

Les heile

Knut Hustad

22.10.2006

Nr. 3 - Strands bakeri på Sæbø

Vi er no inne i toppsjiktet i kåringa vår av dei ti beste sommarnyhenda på hjorundfjord.no. Desse tre nyhenda som kjem no, har utan tvil vore med på å auke trivselen både mellom fastbuande i Hjørundfjorden, mellom gjestar vi har hatt på besøk og ikkje minst mellom turistar. Det er ei ære i dag å få presentere den 3. beste på lista - Strands bakeri på Sæbø....

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

22.10.2006

Startar strikkekafe på Sæbø

- Folk besøker mest ikkje kvarandre lenger, og dessutan har vi fleire nyinnflyttarar som har behov for å treffe folk. Difor skipar vi strikkekafeen, som skal vere ein plass der vi kan halde på med handarbeid, og dessutan ha det kjekt og sosialt, seier Ingvill Aambakk og Ann Helene Urkegjerde.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

21.10.2006

Hugs tv-aksjonen

Hugs tv-aksjonen søndag. I år går dei innsamla midlane til organisasjonen Legar utan grenser. I Hjørundfjorden kjem det bøsseberarar til alle bygder. Nokre har tjuvstarta, slik at innsamlinga frå Standal til Brattheim alt er ferdig.

Les heile

Rune Sæbønes

20.10.2006

Nr. 4 - Turistskipa tilbake i fjorden

Tjue turistskip vitja Hjørundfjorden i sommar. Det var ei dobling i høve fjoråret. Same korleis det vert arbeidd for turistskipkaier i andre bygder: Turistskipa i Hjørundfjorden er ein institusjon. hjorundfjord.no kårar tilbakekomsten av turistskipa til fjerde beste sommarnyhende

Les heile

Knut Hustad

18.10.2006

Kva er dette?

Det er nok feil å kalle dette ein quiz, men likevel: Kva er dette? Det er Thomas Hustad som har fått denne reiskapen av Ansgar Kvistad, men kva har han fått?

Les heile

[12 kommentarar]

Bård Dahle

18.10.2006

Storkonsert i Hjørundfjord kyrkje

Laurdag 28. oktober kl. 16 bør hjørundfjordingane sette av til det som truleg er ein av dei største konsertane som har vore på Sæbø på lang tid. Då vil nemleg dei 60 songarane i Høgskulekoret og dei 40 musikarane i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda framføre to store, melodiøse og publikumsvennlege kyrkjemusikkverk i Hjørundfjord kyrkje:

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

18.10.2006

Lag mat - ten pengar

- Set deg mål for kva som er akseptabel timelønn når du skal starte med nisjeproduksjon av mat. Ein hobby er vel og bra, men når ein skal starte næring, er det pengane som må styre. Så direkte var bedriftsrådgjevar Hilmar Kleppe då han kom med råd under møtet om nisjeproduksjon av mat på Rekkedal gjestehus tysdag.

Les heile

Hilde Muren

17.10.2006

På tvers av aldersgrensene

På Sæbø møtast barn frå barnehagen og pensjonærar frå aldersheimen jamnleg til felles aktivitet. Eit samarbeid som både Sæbø barnehage og Hjørundfjordheimen set stor pris på.

Les heile

[1 kommentar]

Unn Frøland

15.10.2006

Quiz- greier dokke denne?

Tenkte eg skulle prøve å setje fast brukarane på hjorundfjord.no med å spørje kva hesterase dette er. Biletet er teke i Norge, og eg vil kome tilbake med opplysning om kjelde når oppgåva er løyst. Lykke til:)
EG HAR NO LAGT TIL EIT FARGEBILETE

Les heile

[15 kommentarar]

Knut Hustad

14.10.2006

Quiz - kvar er dette?

Der er ikkje alle av oss som ser på fjelltoppar heile tida - eller studerer småkryp i vegkanten. Her er quizen for ein typisk "søndagsturkøyrar". Kvar er dette?

Les heile

[3 kommentarar]

Ivar Svein Mo

14.10.2006

Snøbreane er små i år.

Vi såg i går her på portalen ein artikkel frå ei nesten snøfri Olavshole, rett ovanfor Sæbø.På Vestsida av Storhornet ligg Moagjølet med ein isbrèe som er rekna for å være usmelteleg men i år...

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

12.10.2006

Forsvinn snøen i Olavshola?

Torsdag 12. oktober var det berre ein liten flekk snø igjen i Olavshola. Vil den vesle breen forsvinne heilt i løpet av hausten? I så fall vil det truleg vere første gong sidan krigsåra.

Les heile

[6 kommentarar]

Rune Sæbønes

11.10.2006

Nr. 7 - M/S Hjørundfjord - arbeidshesten

Det var i vår knytt stor spenning til kven som ville få oppdraget med skyssbåttenesta på Hjørundfjorden. For første gong vart tenesta lagt ut på tilbod. Ørsta kommune bestemte seg for Oddvar Olsen og M/S Hjørundjford, og frå 1. april var båten i teneste. M/S Hjørundfjord er nummer sju på hjorundfjord.no si ti-på-topp-liste.

Les heile

Knut Hustad

10.10.2006

Quiz - dyr.

Vart Roy-Magne sin quiz for vanskeleg for oss? Her kjem nok ein lettare variant. Er den for lett kan dei yngste få svare. Spørsmålet er altså: Kva slags dyr er dette?

Les heile

[16 kommentarar]

Hilde Muren

10.10.2006

Når det brenner

Når det brenne’ - når det brenne’
Kva gjer vi da - kva gjer vi da?
Går roleg ut av huset - går roleg ut av huset
Og står i ro – og står i ro.

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

09.10.2006

Knallstart for handballen

Handballsesongen er i gang, og Sæbø IL, i samarbeid med Åmdal IL, markerte seg sterkt på Tussecup i Sunnmørshallen i helga. Det vart sølv i jente 15, og i jente 14 vart det bronse i B-sluttspelet. I år stiller også Sæbø for første gong eige gutelag.

Les heile

Knut Hustad

09.10.2006

Mange kjøper rundballar

Mange må kjøpe rundballar etter sterkt reduserte grasavlingar på 1. slåtten, men Steffen Nordang(foto t.h.) har (hatt) rundballar til sals...

Les heile

Rune Sæbønes

07.10.2006

Nr. 9 Ungdommen tok tilbake fjorden

På niandeplass på ti-på-topp-lista kjem Mikkel Riise og kameratgjengen som nytta sommaren til storfangstar på fjorden. hjorundfjord.no set stor pris på at ungdommen tek tilbake fjorden, og utnyttar ressursane som er der.

Les heile

Hilde Muren

05.10.2006

Nr. 10 - Fjelltrimmen

Nr 10 på "Ti på topp" lista er Fjelltrimmen. Måndagskveldande var det organisert tur til ymse mål i Hjørundfjord-fjella og i nærleiken. Det var enkle turmål, og aktiviteten skaper miljø,hyggje og samhald.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

05.10.2006

Skiløparar søkjer båt til våren

Seks til åtte engelske skiløparar har meldt at dei kjem til Hjørundfjorden til vinteren/våren. Dei skal gå frå tare til tind i Europas beste terreng for slikt, nemleg i Hjørundfjorden. No ynskjer dei ein båt dei kan leige for å liggje i, og for å ta seg fram til dei ymse turmåla i fjorden.

Les heile

[3 kommentarar]

Per Atle Røe

04.10.2006

Wokka geit - ny tradisjonsrett?

Wokmat – den orientalsk mattradisjonen får etter kvart sterkare fotfeste i Norge. Oftast oppfatter vi wokmat som mat frå fjerne Austen med råvarar derifrå. Det treng ikkje å vere slik. Vi kan snu på flisa og kalle dette ein eksklusiv måte å lage mat på – ein måte som kan nyttast i utvikling av lokal tradisjonsmat. Woking vert då ein interessant kokkeleringsmåte å nytte lokale råvarer på.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

03.10.2006

hjorundfjord.no kårar sommarnyhenda

Ein sommar er over. No når oktober har kome, trur hjorundfjord.no at vi kan slå det fast. Det har vore ein fantastisk sommar med sol og høge temperaturar. Det har også vore ein sommar der det har skjedd mykje i Hjørundfjorden. I dagane framover vil hjorundfjord.no presentere ti på topp-lista over det som har hendt i fjorden denne sommaren.

Les heile

Ivar Svein Mo

02.10.2006

Etterlysning, vi treng hjelp

Hallo, den siste frist for å levere stoff til årets årsskrift til Hjørundfjord Sogelag er der snart, og vi manglar bilete...


Bilete til høgre er ei smijernshengsle frå Hjørundfjord gamle stavkyrkje.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.10.2006

Vidareforedling av mat i bygdemobiliseringa

God mat er god bygdemobilisering, og ikkje minst er vidareforedling av mat som kan skape arbeidsplassar, god bygdemobilisering. Tysdag den 17. oktober inviterer Prosjekt Matmangfald i Møre og Romsdal i samarbeid med bygdemobiliseringa og Ørsta kommune til møte om vidareforedling mat. Møtet er på Rekkedal gjestehus.

Les heile

Rune Sæbønes

01.10.2006

Møtte andre bygdemobiliseringar

Fredag og laurdag samla landbuksavdelinga i Møre og Romsdal fylke dei eksisterande bygdemobiliseringane i fylket til møte og erfaringsutveksling i Ålesund. Det vart eit nyttig møte.

Les heile

Rune Sæbønes

01.10.2006

Sæbø tapte - blir i sjette

Sæbø tapte laurdag 1-2 for Bergsøy2 i årets siste seriekamp på Sæbø stadion. Dermed rauk opprykkshåpet for Sæbø. Bergsøy sitt sigersmål kom to minutt på overtid.

Les heile