Hjørundfjordportalen » Lokalt » Hovudside

Attende til hovudsida
20191101_155621

Lisbet Vatne Nielsen - 11.11.2019

Julekaker til julemessa.

Julemessa treng di hjelp. I år vert det ikkje runde kaker på kakebordet vårt. I staden ynskjer vi oss eit bord fullt med forskjellige kakeboksar med deilige heimelaga småkaker. Så om du vil lage ca 50 julemanna, pepperkake, sirupsnittar, risbollar, kvepsebol eller kva du er god på å gi til oss i ei kakeboks ville vi verte veldig glade.Vi treng ca 20 boksar. No manglar vi 6 boksar. Send meg ei tekstmelding på 47688650 om du vil. Mvh Lisbet Vatne Nielsen.

CIMG0095

Hjørundfjordheimen Sæbø - 24.10.2019

Hjørundfjordheimen på Skattejakt!

Ein dag tok vi oss ein tur på Runde miljøsenter for å sjå på Rundeskatten.
Vi fekk ein dag med flotte opplevingar og vart miljøbevisste av heile turen.

Hanverksmesse

Skjåstaddalen Ungdomslag Bjørke - 15.10.2019

Handverksmessa på Bjørke

Det blir handsverksmesse
på Ungdomshuset Haukly Søndag 10 november kl 12 til 18

003

Bodil Skare - 13.10.2019

Ettermiddagstrim på Elverampa

Sesongavsluttning med turmarsj på Elverampa og sosialt etterpå på Klubbhuset med mat og lodd.
Sett av ettermiddagen søndag 27 oktober.

Husk å lever fellbingo innan 14 oktober!

020

Hjørundfjordheimen Sæbø - 13.10.2019

Open dag på Hjørundfjordheimen.

Bygdefolk, slekt og vener er hjertelig velkomne til Open dag på Hjørundfordheimen fredag 8 november frå kl 1200.
Program frå kl 1300.

20190918_195102

Lisbet Vatne Nielsen - 06.10.2019

Julemesse

Søndag 1.desember 13.00-17.00 vert det julemesse på Sæbø bedehus.

CIMG0052

Hjørundfjordheimen Sæbø - 01.10.2019

Fest og dans

Når det kjem musikantar på "hjemmet" og dei spelar så det rykkjer i dansefoten, ja då vert det dans på lokalet.

CIMG0027

Hjørundfjordheimen Sæbø - 30.09.2019

Sommar i september

Vi har hatt mykje regn men også mykje flott haustvèr i september.
Vi har kosa oss inne og ute i fine stunder.

DSC03612

Hjørundfjordheimen Sæbø - 30.09.2019

Haust

Tenk, so heldige vi er som kjenner ei dame som er 105 år. Ho er kjapp i replikken og på Hurtigruteturen var ho gaid innover fjorden.På dagen sin fekk ho kommunalt besøk, blomar og sjølvsagt kake.

streng

Tor Grunde Simonsen - 25.09.2019

Strengar av ord!

Det er med stor glede - og varme forventingar - vi kan melde at 5. oktober kjem strengekunstnaren Stig Ulv og diktaren Hilde Myklebust, for å framføre deira felles prosjekt "Strengar av ord" i vår kjære dampskipekspedisjon.

Flaskepant

Marianne Holen - 23.09.2019

Flaskeinnsamling

Handballgruppa er straks igang med en ny innsamling av flasker. Flaskeinnsamlinga er blitt en av de viktigste inntektskildene til Sæbø Handball. Inntekta går til å dekke hall-leige i Ørstahallen, regninger fra kretsen og Norges handball-forbund, cuper og etc.

Handballjentene kommer rundt og samler pant fra Bondalseidet til Øye i tidsrommet 30 september - 16 oktober. Håper dere har noe å gi vekk. Sett det gjerne ut på trappa.