"Kan fjerne heile ferjesambandet til Trandal og Skår", kunne vi lese i Møre-Nytt 25.mai 2023. Fylkeskommunedirektøren sitt forslag til samferdselseutvalet gir lesarane bakoversveis. Ei nedlegging av Trandal og Skår i praksis.
Vi gjorde klar til kamp, igjen. Dagen etter les vi at ferja er berga, omtrent samtidig med at pressemeldinga frå fylket gir ein kalddusj i gleda. Endå eit kutt i rutetilbodet er eit faktum. Onsdagar skal verte endå litt verre. Første ferje mellom Standal og Trandal skal takast vekk onsdagane frå Trandal-Standal. Ferjemannskapet treng nok kvile for å gjennomføre langtur til Kalvøya...
Annankvart år er det tradisjon at styret for Sæbø bedehus arranger Loppemarknad. Det vert det også i år,7 og 8 oktober. Sett av tidspunktet. Dette vert kjekt.
Desse flotte "Franske" damene inviterte til Fransk aften på Hjørundfjordheimen.
Over 80 stykker var med både bebuarar , pårørande og ansatte.
Det vart ein uforgløymelig kveld!
Søndag 23. april vert det årsmøte i sogelaget på Sæbø Bedehus klokka 14.00. I tillegg vert det foredrag om Molaupsuluykka ved Eli Tvergrov som i desse dagar held på å gi ut bok med same tema. Det startar klokka 15.00.
Alle er hjarteleg velkomne!