Hjørundfjordportalen » Lokalt » Hovudside

Attende til hovudsida
Stova på Strandabøen

Bodil Skare - 08.08.2019

Mat- og kulturfestival i Hjørundfjorden.

Frå 31.august til 8. september vert den andre Matfestivalen arrangert i Hjørundfjorden. Prosjektnemnda har laga program som skal passe alle aldrar, kanskje serleg born og godt vaksne.

IMG_1398

Bodil Skare - 05.08.2019

Vasstøylen og Kvamsedalsreset.

Ein flott utsikt på ein vakker stad, med eit triveleg turfylje.
Dette var alt me trengde for å få ein flott måndagstur til Kvamsedalsreset og Vasstøylen.

IMG_1374

Bodil Skare - 22.07.2019

Stokkesetra og Klokkura.

Blide folk på ein triveleg tur til Stokkesetra og fleire gjekk vidare og fekk med seg ein tur til Klokkura også.

IMG_1330

Bodil Skare - 08.07.2019

Villesetra og Lønndalsmannen.

Ein vaksen rundtur vart det på dei som tok måndagsturen i Villedalen i dag.
Flott utsikt og variert tur, myke kjekke folk på tur!

20160923_190652

Kari Stokke - 05.07.2019

Det vert loppemarknad 14. og 15. september 2019

Gjenbruk er aktuelt som aldri før og 14. og 15. september vert det endeleg loppemarknad på Sæbø bedehus. Om du har opprydding heime, set vi stor pris på å få brukbare ting du ikkje har bruk for lenger til loppemarknaden vår. Vi kan ikkje ta imot noke no, men veka før loppemarknaden kan ting leverast på bedehuset på kveldstid. Vi håper de kan gøyme på ting til då.
Kvitevarer, store møbler og klede kan vi ikkje ta imot.
Vi gler oss!

IMG_1295

Bodil Skare - 01.07.2019

B - gjengen på Stokkehornet.

Under tvil om det vart tur i dag sette vi kursen mot Stokkehornet.
Ein angra aldri på ein tur, rett fint vart det, to små byger og god trim.

Vasstøylen

Bodil Skare - 24.06.2019

Vasstøylen og Longhorndalen

Varmt og fint i lufta lettskya og ein tur til vakre Kvistaddalen, dette vart bra
Nokre gekk heile vegen til Longhorndalen andre snudde ved Vasstøylsvatnet

CIMG0024

Hjørundfjordheimen Sæbø - 23.06.2019

Gardsdag vart det likevel!

Vi på Hjørundfjordheimen hadde planlagt Gardsdag tirsdag, men vèret var ikkje på vår side denne gongen så vi måtte avlyse.
Onsdagen såg det betre ut så vi organiserte i full fart det vi trengde, så vart det ein vellukka Gardsdag likevel.

CIMG0075

Hjørundfjordheimen Sæbø - 21.06.2019

Sommaren er her.

Like sikkert som at sola snart skal snu, er det at måsen legg egg i alt som kan minne om et reir.

CIMG0055

Hjørundfjordheimen Sæbø - 21.06.2019

17 Mai på Hjørundfjordheimen

Når det er nasjonaldagsfeiring er det alt på "stell" på Hjørundfjordheimen, ja endåtil kakene er pynta som det norske flagget.

Stig Ulv

Siw Bjørdal Lillebø - 18.06.2019

Fjordcruise og platelepp med Stig Ulv laurdag 22. juni

Stig Ulv er ute med ny plate, Gitarferd 22. juni. Dette er den 6.plata i rekka og artisten har etterkvart etablert seg som ein av dei mest aktive gitarinstrumentalistane her til lands

Fjord Exploring og MS Slogen inviterer til Sankthans-cruise på MS Slogen med plateslepp, her må en være tidlig ute for å sikre seg en av de 60 billettane vi har for salg!

Vi åpnar dørene klokka 19:30 og legg frå kai 20:00 og går innover fjorden til Bjørke. Spelar været på lag vil konserten foregå utendørs, ellers har vi god plass til alle gjestane inne.
Baren med alle rettigheitar er åpen, og det er mogeleg å kjøpe smårettar.
Retur til Sæbø ca kl. 00:00

Billettar kjøpast på https://tikkio.com/tickets/9597-plateslepp-med-stig-ulv

Om du vil sjå og lese meir om Fjord Exploring og MS Slogen så trykk deg inn på artikkelen.