Hjørundfjordportalen » Lokalt » Hovudside

Attende til hovudsida
Image3

Hjørundfjordheimen Sæbø - 23.02.2020

Sykkelfeber på Hjørundfjordheimen.

Gløym regnvër og slaps, vi på Hjørundfjorheimen syklar gatelangs i Paris, Trondheim og andre stadar med Motitec sykkelen.
Kom gjerne innom å sjå eller prøv.

Iver Viddal

Knut Hustad - 21.02.2020

Børs/ møte for alle arrangert av Hjørundfjord bondelag

For eit par år sidan var der ein litt lubben, kondisjonssvak og damelaus kar på Vartdal. - Kva gjer eg no, tenkte han? Kom og høyr på denne trivelege, unge mannen som attpåtil er halvt hjørundfjording. Han kjem til Bondalen grendahus med ord og foto no onsdag, onsdag den 26. februar klokka 2030. Børsen/hyggekvelden er open for absolutt alle.

quiz 2

Øyvind Taklo - 18.02.2020

Sæbømeisterskapen i quiz

Velkomen til 2. runde i Sæbømeisterskapen i Quiz førstkomande fredag, 21. februar på Sagafjord hotel. Vi håper på stor stemning og mykje folk! Vi gler oss!

FB_IMG_1581847084688

Lisbet Vatne Nielsen - 16.02.2020

Loppebuda + kafe + Byttebix.

Laurdag 22. februar kl. 12-15.00 er Loppebuda åpen. Nye varer er på plass, kafeen er åpen, og det vert Byttebix for born.

Kyr på beite

Knut Hustad - 02.02.2020

Landbrukskonferansen i Ørsta

Mat må ein berre ha, men kva slags mat? Er raudt kjøt frå storfe og sau på beite berre for aldrande mannfolk som ikkje har fått med seg at det er ein klimadebatt på gang? Og har gardbrukarane fått med seg at det er noko som heiter internett og blogg? Og kva med reiselivet og turismesatsinga - kan landbruket hjelpe til her?
Møt opp på Ørsta kulturhus onsdag 5. februar klokka 1000 så får du vite mykje om det som her er nemnt og om mykje anna. Og Kjell "Kjellen" Bigset opnar...

53-537650_msica-high-resolution-musical-background

Marie Austrheim Riise - 22.01.2020

Hjørundfjord barnekor

Første øving med Hjørundfjord barnekor i morgon, torsdag 23.januar kl.15.00-16.00. Velkomen!

quiz

Øyvind Taklo - 21.01.2020

Sæbømeisterskapen i Quiz

Velkomen til 1. runde i Sæbømeisterskapen i quiz førstkomande fredag, 24. januar, kl 20 på Sæbø DS Ekspedisjon.
Vi håper på stor stemning og mykje folk! Vi gler oss!

20200117_100446

Lisbet Vatne Nielsen - 18.01.2020

Åpning av Loppebuda og kafe på bedehuset.

Laurdag 8 februar kl 12.00-15.00 er det åpning av ein flunkande ny loppebutikk på Sæbø bedehus.Dersom du er interessert i å leige deg ei hylle i Loppebuda vår, så vil eg gjerne høyre frå deg.I kjellarstova vert det kafe med kaker, gjærbakst og kaffi.

Julemarknad 2019

Sæbø skulekorps/ generasjonskorps - 16.01.2020

Takkehelsing frå Generasjonskorpset

Korpset vil igjen få takke for all støtte gjennom 2019 og for at korpset var så heldige å verte tildelt prisen Årets Bondaling 2019. Vi er utruleg takksame, og synest det er veldig kjekt at vi vert sett pris på av bygdefolket!(Ingressfoto: Åse-Lill Leknes Kvistad)

møte

Sæbø skulekorps/ generasjonskorps - 14.01.2020

Årsmøte i generasjonskorpset

Generasjonskorpset byd inn til årsmøte tysdag 25. februar kl. 18.30 på Bondalen grendahus