Hjørundfjordportalen » Lokalt » Hovudside

Attende til hovudsida
Mork

Tor Grunde Simonsen - 11.09.2019

Reisegalskap med Ivar Mork!

Humanist, politikar og sjølvaste "Indie-dad" på Indiefestivalen; Ivar Mork er ein mann med mange hattar. Denne kvelden kjem han for å lansere den nye boka si, "Reisegalskap 2"!

kvinne 3

Tor Grunde Simonsen - 10.09.2019

Septemberprogrammet på Hjørundfjord Filmteater!

Ronja Røverdatter vert utsett - men vi satsar sterkt på framsyning i løpet av hausten. Sesongpremiere blir derfor ein frisk islandsk komedie, som er ein gratisframsyning i samarbeid med Forskingsdagane!

LEKENDE BARN

Marie Austrheim Riise - 10.09.2019

Hjørundfjord barnekor

Hjørundfjord barnekor ynskjer velkomen til eit nytt semester!
Vi øver annankvar torsdag på Sæbø bedehuset. Komande øving er torsdag 19.september kl.15.00-16.00. Frå 1.klasse og oppover.

69521776_554950208574860_9019881481417261056_n

Bodil Skare - 02.09.2019

Hausttur på Bondalseidet

I flott turveir og godt lag vart det ein måndagstur i fint terreng og med vakker utsikt.

20160923_190652

Kari Stokke - 29.08.2019

Loppemarknad på Sæbø bedehus 14. og 15. september

Gjenbruk er aktuelt som aldri før og 14. og 15. september vert det endeleg loppemarknad på Sæbø bedehus. Om du lenge har tenkt at det er på tide med ei opprydding har du sjansen no. Vi set stor pris på å få fullt brukbare ting du ikkje har bruk for lenger. Det som er skrot for nokre kan vere verdfulle skattar for andre.

Kvitevarer, store møbler / møblement, klede, sko og bokverk kan vi IKKJE ta imot.

Pakk ned i kassar og levér på bedehuset 9.-13. september kl. 18.00 - 20.00

IMG_1472

Bodil Skare - 26.08.2019

Frølandsdalen på sitt finaste

I dag i 24 varmegrader fekk vi ein vakker og varm tur til Stokkesetra og Klokkura. Ja, så tok vi likegodt runda oppom Kistevatna.

images (1)

Bondalen frilynde ungdomslag - 26.08.2019

Skulestartdisko og knøttedisko!

Det vert arrangert skulestartdisko på grendahuset fredag 30.08 og knøttedisko for barnehageborn på laurdag 31.08.

Grisegrilling 1

Bondalen frilynde ungdomslag - 26.08.2019

Grisegrilling og dans med trubadur Siggen

På eit møte i vår satt vi i styret i ungdomslaget og la planane for sommaren, hausten og den nye utescena som er planlagt i Bondalsparken. Då kom det eit forslag om å arrangere dans for å ha eit sosialt samkome for bygdefolket og samtidig få inntekter til den nye scena. Vi ville også tilby mat for gjestane, og vi bestemte oss for å servere heilgrilla gris med tilbehør.

Stova på Strandabøen

Bodil Skare - 08.08.2019

Mat- og kulturfestival i Hjørundfjorden.

Frå 31.august til 8. september vert den andre Matfestivalen arrangert i Hjørundfjorden. Prosjektnemnda har laga program som skal passe alle aldrar, kanskje serleg born og godt vaksne.

IMG_1398

Bodil Skare - 05.08.2019

Vasstøylen og Kvamsedalsreset.

Ein flott utsikt på ein vakker stad, med eit triveleg turfylje.
Dette var alt me trengde for å få ein flott måndagstur til Kvamsedalsreset og Vasstøylen.

IMG_1374

Bodil Skare - 22.07.2019

Stokkesetra og Klokkura.

Blide folk på ein triveleg tur til Stokkesetra og fleire gjekk vidare og fekk med seg ein tur til Klokkura også.