vestsida

Strekninga frå Brattheim heilt ute i fjordmunningen innover til Årsneset har navnet Hjørundfjordstranda, i daglegtale "Stranda".

Vidare fylgjer grendene Ytre-Standal, Stavset og Store-Standal.
Til den siste høyrer også Høydalen til, før me rundar innover mot Flatneset/Sæbøneset.

  

austsida

På den andre sida av fjorden - solsida - ligg fyrst Strandabøen, fulgt av Molaupen.

 

Forbi Trollgjøtta - med det markerte ansiktet oppe i fjellsida mot Nes-Staven - kjem Nes og Trandal.
På denne sida kan også reknast med Maradalen før me kjem inn til Lekneset
(Biletet er frå Stavset som på ettermiddagen må finne seg i å ligge i djup skugge).

trandal-hoydal

Inne ved Lekneset deler Hjørundfjorden seg i Norangsfjorden, Storfjorden og inn mot Sæbøvika og Bondalen.  
På biletet ser vi frå Trollgjøtta og Barlindneset innover til Nes, Trandal og heile dette strekket, ja ende til Viddal (i takhjørnet på løa til Svein Stavset).