x_brattheim1_ea_tvergrov_jpg
 
Kart-ikonBrattheim er fyrste garden når du ser innover vestsida av Hjørundfjorden. Her har det bodd folk minst sidan mellomalderen.

Navnet Brattheim er fra sist i 1880-åra. Før heitte gården Bukkeskinnet, noko som kan ha sammenheng med at bøen fra fjorden kan minne om eit bukkeskinn. Det vil seie før - no er det meste gjengrodd...

Mest sannsynleg har namnet samanheng med gardens verdi. Gården var på eit tidspunkt like mykje verdt som et bukkeskinn (en god verdi, har Harald Grytten i Ålesund fortalt meg...).

Brattheim (Bukkeskinnet) har minst vore ramma av snøras to gonger (1600-talet og rundt 1880). Husa vart flytta lenger mot sør to gonger i forsøket på å unngå faren. I dag skal bygningane stå rimeleg trygt.

Brattheim hadde furuskog og den vart utnytta til bygging. På garden var dei blant annet leverandørar til møbelindustrien (Sykkylven). Her var det også mykje bjørk. Under siste krig var polske fanger her og hogde ved. Brattheim er ein av få gårder i Hjørundfjord der sola ikkje er borte om vinteren.


 

 

x_hjorungane_eatvergrov

Symbolske steinar Ytst i fjorden mellom Brattheim og Skarbø ligg tre steinar som me kallar Hjørungane. Fjorden kan ha fått navnet etter disse tre.
Dei går også under namnet St. Oles bordstoler.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!