Microsoft Word Dokument for nedlasting:

word-iconTrivselstiltak-forpåmelding.doc

Dokumentet er vist i si heilheit nedanfor og er berre meint for at folk skal kunne få sjå. For å fylle ut skjemaet lastar dokke ned word-dokumentet, fyller det ut og sender det på mail til mosveise@tussa.com  

 

 

Oppgåver

Korleis?
Oppgåvedefinisjon

                                                           

Kva gjer vi i prosjektfasen?

Eg ønskjer å delta  i prosjektarbeidet. Skriv i så fall namnet ditt bak det prosjektet du helst vil delta på. Ønskjer du å vere med på fleire, set i så fall på prioritet (1.-2. -3.)

Sett
F
her dersom du foreslår nokon

Utnytting av fråflytta hus og småbruk

Sjå om det er muleg å nytte eksisterande bygningsmasse/småbruk i utvikling av bustadar for heiltids innflyttarar  eller til jakt, fiske, fritid, deltidsbustad.
Nedlagte skular er ein del av dette.

Kartlegging, prioritering og tilstandsvurdering, dvs. egning til formålet. Kostnad ved rehabilitering. Kva type overnattingstilbod?

 

 

Overnattings-plassar (rom tilleige i hus som er i bruk)

Oppretting av 2-4 sengeplassar i kvar grend for å utvide turmulegheit for tilreisande. Dette kombinert med lokal transport. Sjølvbetente eller med pensjon, gardsmatlevering?

Planlegging – kor mange?
                    - kvar?
Kven er interessert?
Avtale med interessentar?
Sørvisgrad?

 

 

Bygnings-restaurering

I Hjørundfjord og i Ørsta er det eit voksande restaureringsbehov. Faglært og godkjent restaurerar kan ha monaleg stort felt å agere innafor. Denne vil supplere eksisterande tilbod frå byggmestrar.

Kartlegging av eldre hus med restaureringsverdi. Prioriteringar og kostnadsoverslag. Rådgjeving om restaurering, finansiering m.v.

 

 

Turistvert, matservering o.likn.

Utvikling av vertskapsrolle, servering, catering, sørvis basert på lokale skikkar/rettar. Monaleg  stort krav til motivering og opplæring 

Motivasjonskampanjer, haldningspåverknad, opplæring med påfølgjande invitasjon til vidare utvikling.

 

 

 

Gardsmat/ Fjordmat

Utvikling og foredling av stadbundne råvarer frå naturen (flora og faunaen), gardane og fjorden. Omsetning lokalt og i internettbutikk.

Utforskar mulegheitene, prioriterar og utviklar. Kontakt med relevante nasjonale miljø – Norsk gardsmat, Norsk Gardsost m.v.

 

 

Skianlegg og hytter på Bondalseidet

Vere leverandør av tenester og varer inn mot brukarar av skianlegget og beboarane i dei 3-400 hyttene som er planlagt. Nye og andre måtar og utnytte Bondalseidet på.

Kartlegge kva mulegheiter hjørundfjordingane har for å tilfredstille behova på Bondalseidet. Marknadsføre tenestene på ein betre måte.

 

 

 

Omsorg /
Helse

Utnytte ein relativt stor lokal kompetanse innan omsorg og helse til å skape supplerande tilbod utanfor offentleg helsestell, men i nært samarbeid med lokale instittusjonar. Eksempelvis avlastningsplassar o.likn..
Lokal og regional innretting.

Kartlegge kompetanse og mulegheiter. Avklare kvar ein kan plassere tilbod og på kva måte. Avklare samarbeidspotensialet med eksisterande tilbod. Kontakt med helseforetak i fylket.

 

 

Utvikling av fiske i vatn, elv og fjord

Utvikle supplerande produkt til elvefisket.
Utnytte og utvikle lokalt fiske i fjord og fjellvatn. Lokal foredling, m.a. produsere ”fjordmat”, dvs foredling.

Samråding med grunneigarar og campingplassar om kva er muleg. Prioritere og utvikle planar for vidareføring. Sjå spesielt på fjordfisket og mulegheitene der.
Utvikle gode kort og kartsystem.

 

 

Utvikling av hjortejakt

Sjå på foredling av hjortejakta, dvs. tilby jaktopplæring, oppskyting, jaktguiding, slakting og kjøtforedling og andre supplerande aktivitetar.
Fullpensjon på gardane.

I samhandling med jaktrettshavarar bli samde om kva produktet bør innehalde ut frå lokal vinkel. Deretter produktdesign for målgruppe.

 

 

Opent kulturlandskap
(også trivselstiltak)

Opent og levande kulturlandskap er eit av fundamenta for utvikling av både reiseliv og bulyst. Saman med fysisk rydding av innmark må prosjketet og sjå på bruk av andre metodar m.a. beitedyr.

Hauste erfaringar frå andre.
Utvikle prioriteringskriterier for landskap og metoder.

 

 

 

Utnytting av biomasse

Rydding av kulturlandskap og skogpleie med uttak av tilvekst/skogvirke der skogen vert nytta til materialer, emner, energi.

Samarbeid med Ørsta-prosjektet om leveransar. Ser på gardsfyringsanlegg.

 

 

Auka husdyrhald, bruk av kulturlandskap

Korleis kan auka husdyrhald med gamlalt/nytt kveg og smale både for å pleie og utnytte kulturlandskapet til matproduksjon.

Diskutere og utgreie kva mulegheiter som er der – og ikkje minst finne interessentar.

 

 

Fellesfjøs/samdrift

Samarbeid om fellesfjøs gir auka lønsemd og sikrar med dette drifta innan primærnæringa. Det frigjer og ressursar til anna verksemd.

Utgreiingar innafor skisse i vedlegg …..

 

 

Turarrangement/
Guiding

Sjå på tematiske faste turopplegg med dei mest attraktive måla. Turane må i størst muleg grad gjennomførast med lokale tenester inkl. guiding.

Etablere faste turar/turopplegg med kompetente guidar.
Ulike opplegg for ulike målgrupper.

 

 

Hurtigruta/turist-skip. Kartleggingar av ønskje og mulegheiter

Hjørundfjorden omkransa av ville tindar er ei attraktiv ramme for verdfulle opplevingar innan reiseliv. Levande bygder med eit variert utbod av kultur og folklore, vil kunne bli eit attraktivt alternativ til Geiranger. Korleis?

Utgreiing av mulegheiter og verknad på folk, natur og kultur.
Utgreie investerings- og tenestebehov.

 

 

Kunst, handverk, suvenirar

Sjå om det er muleg å bruke dei mange lokale kunstnarane til utstillingar, galleri, til å skape attraktive bruks-, pynt- og utsmykningsgjenstandar.

Kartlegging av kunstnarar, handverkarar. Sjå på mulegheiter, utsal- og utstillingsplassar

 

 

Transport-utvikling

Skyssing av små og større turgrupper inn fjelldalar og til fjords.
Rundturar, dagturar m.v.
Skyssbåten på Hjørundfjord

Kartlegg tingingsbehov og tilbodsmulegheiter lokalt og korleis dette kan samordnast med eksisterande tilbod utanifrå, m.a. skyssbåten.

 

 

Felles internettportal

Bygge www.hjorundfjord.no både som ein felles web-portal for intern samhandling – og som ein kommunikasjonskanal med omverda der alle attraktive/verdfulle objekt/hendingar får plass.

Bygge ut portalen vidare med innhald og gjensidige linkar til alliansar/relevante samarbeidsorgan.