
Øyra (Indre- og Ytre-) er brattlendte gardar og bygningane ligg på dei einaste gode trygge flate areala dei eig.

Då ny fylkesveg på 60-tallet vart stukke ut viste det seg at vegen ville gå rett gjennom løa på eine bruket. Det vart lagt inn protest. Likevel kom ei flott bru over Øyraelva som ligg midt mellom de to gardene. Den står der fortsatt i dag. Så eter klagene vart vegen stukke på nytt og lagt nede ved sjøen slik den går i dag.
Sola er i følge Ragnar Standal vekk ti veker om vinteren.
Under krigen dreiv dei på Indre-Øyra stort på handel. Dei hadde kundar som kom heilt frå Masdal og Barstadvik. Enten gjekk desse over Skarbødalen eller dei kom roande.

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp! Kjelde: I hovudsak
Hjørundfjord sogelag
sine bøker
& Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!