x_aarsnes_eatvergrov_jpg1
aarsnes
Årsneset (E.A.Tvergrov) 

Kart-ikonÅrsneset har opprinneleg vore opp mot fem gardar, går det fram av Hjørundfjordsogene.

 

Ytre Årsneset eigde ressursane i Ytre Årsnesdalen som ligg ut og ovanfor garden.  Det samla arealet gjorde at garden på eit tidspunkt var så stor at dei kunne "gå kirkegolvet nesten heilt til ende". Det vil seie at dei fekk sitte langt framme i Hjørundfjordkyrkja blant dei velståande, embetsmenn og dei med dei største gardene i Hjørundfjorden den tida det var faste kirkestolar.

 

x1940talet_ytre_aarsneset_eatvergrov_jpg

Foto frå 1940-talet - med familiemedlemmar som kjem frå Ytre-Årsneset.

 

På Årsneset har det vore busetting minst frå middelalderen eller vikingtida. Her ligg også ei nesten rund vikinggravrøys på 11 meter, med ei høgde på opptil 1,5 meter.

Årsneset hadde ikkje setredal, noko som førte til mye slit. Dei mindre dalane rundt er svært bratte. Det var stor fare for at krøter kunne gli og slå ihel på svaberg, i dei mange elvane som måtte kryssast.

Oppe på sjølve neset var det fra 1966 til 1977 kioskdrift på sommaren og også litt hytteutleige. Sola er på sjølve Årsneset gjennom heile vinteren.


 

Ystenesdalen er dalen som i seinare tid vert nytta som eit alternativ til Molladalen opp mot Randers på ski om våren.
Dette er ikkje farefritt! Fonna i Ystenesdalen er ei typisk vårfonn, ho er stor og farleg, seier dei lokalkjende!

 

1940_talet_ysteneset_selet_eatvergrov_jpg
 
 Foto teke frå setra i Ystenesdalen kring 1940-talet

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!