Rynningen oversikt

Rynningen. Geila til høgre på bildet med tilhøyrande naust.

Rynningen er inste delen av Trandalbygda, og grensar mot Indre-Trandal i eine delen og Leknes i den indre delen. Maradalselva er byte til Leknes.
Eit langt parti med skogkledd fjellside skiller Rynningen frå Leknes. Det er ikkje anbefalt å prøve å gå strekninga til Leknes då det er svært vanskeleg terreng  å ta seg fram i enkelte stadar

Truleg er garden frå mellomalderen. Det er ikkje gjort fornfunn her, det ein veit.  

Til å ligge langs fjorden er dette ein av stadane ein ikkje har trekt husa høgt opp. Dei ligg berre på ca. 50 m.o.h. Her er det til gjengjeld noko meir våtlendt, fordi det flatar litt ut. Det er nok grunnen til at husa er plassert nett her. Det var også kort veg til sjøen, noko som var viktig både for næring og reiser. 

Husa skal stå rimeleg trygge for ras. Det er ikkje kjent at dei har vore flytta på.

Sola har dei heile året.

Sætredalen ligg på 600 m.o.h. Dyra måtte derfor haldast heime ti lei veke ut i juli.

Stranda innover frå Rynningen er noko av det mest varmedrivane si har i Hjørundfjorden. Her veks det fleire sjeldne planter og trær. HEr er også fleire sjeldne fuglar som er opbserverte (spettar).
Linderemen utanfor Maradalen skal væere mellom dei nordvestlegaste stadane for viltveksande lind. Alt i 1882 var botanikaren Ove Dahl her og fastslodette.  Men dette vart inga inntektskjelde.

Det gjorde derimot hasselskogen. Der var skillingar å hente knytta til både å sanke neter og lage tønneband.  

Brukarane Ole Rønning og Hansine Høydalsnes vart i 1979 kåra til lakseprins og - prinsesse for arbeidet sitt med å fange stamlaks.

Dei fekk også ei sentral rolle i å vere med på å berge den sjeldne gamle gråkolle-rasen på Vestlandet. Her på Rynningen var det att av gråkolla heilst til sist i 70-åra.

Det er i dag ikkje drift på garden.

Rynningen

Rynningen. Geila til høgre.

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!