Nes oversikt

Yste-Nes til venstre, og Inste-Nes til høgre.
Oppom huset på Yste-Nes skimtar vi eit hyttetak. Der er endå ei hytte på Yste-Nes som
ligg litt lenger ute enn bildekanten.

Nes er den aller yste delen av Trandalbygda. Her ligg to gardsbruk, men ingen av dei er i drift i dag. Nes grensar til Molaupen utover, og til Ytre-Trandal innover.

Sola har dei heile året og treslag som er glad i varme veks godt. Barlindneset med sjeldan barlind ligg rett utanfor gardsbruka her.

I eldre tid var det også ekstra flott furuskog på Nes. Då dei bygde opp att stavkyrkja på Hustad kom dei til Nes og fann emne til stavane i kyrkja. Segna vil ha det til at ein misnøgd dreng fyrte på heile furuskogen.

Fiske har hatt mykje å seie for Nesfolket og dei hadde også ordna seg med saltkoking. 

Husa står rastrygt, men vegen kan vere farlig. Nesfonna midt i mellom dei to gardsbruka tok gardbrukar Lars Nes i 1805 då han drog garna sine.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!