chrgaard 
 Christian Gaard Bygdetun
 

Trandalnamnet omfattar tre ulike gardsnummer som svarar til Ytre- og Midt-Trandal som ligg på kvar si side av elva der, medan tunet på Indre-Trandal ligg på inste sida av den elva.

Gardane er nemt fyrste gongen i 1582.  Dei er heilt sikkert frå mellom alderen, men det er gjort oldfunn på Indre-Trandal. Gardane ligg i solsida av fjorden og har sol heile året.

 

Ytre-Trandal og Midt-Trandal er særleg samanknytte. Ytre-Trandal ser ut til å vere den opprinnelege garden.  

I dei bratte liene er det fyrst og fremst bjørka som trivst, men der sola får tak, gror hasselen hissig. Dette betyr også at her er ein heil del særs verdifull vegetasjon i utmarka til Trandalingane. 

På Indre-Trandal finn vi Trandal sin berømte uteplass Christian-Gaard Bygdetun. Frank Storeide har satsa mykje tid og pengar på å byggje opp denne uteplassen i ei bygd med ei knapt tosifra innbyggjartal.

 


Gardane var del av Giskegodset - det vil seie den mektige Giske-ætta (Arnungane) frå 900-talet til 1582. Dette vart kongen eigar av i 1582. Der etter - heilt fram til 1839 - vart gardane eigd av ei lang rekke av utanbygds amtmenn, biskopar, prestar og deira arvingar før gardane vart kjøpt av dei som budde her. Denne situasjonen var tilfellet for fleire av gardene innover i fjorden. Enten var dei del av Giskegodset, Rosenkranzgodset, eller så var det prester eller kyrkja sjølv som eigde jorda. Dei som leigde jorda måtte fylgje godt med for å ha kontroll på kven dei stod ansvarlege overfor. Heile Sæbø er fortsatt den dag i dag lagt under festekontrakter knytta til Opplysningsvesenets fond. Dette fordi nesten heile Sæbø er gamal prestegardsjord.

 


Frå Trandal går det eit par fjellveggar over til Sykkylven. Ei av dei som har gått her er H.M. dronning Sonja på 80-talet. Andre som har vore her og gjort seg kjend med fjella her på Rånahalvøya var E.C. Oppenheim og G. Arbuthnoet, saman med lærar Johannes vigdal rå sogn i 1897. Etter deira tur vert det utgitt ei bok "New climbs in Norway". Denne er på fleire vis den fyrste boka om Hjørundfjorden - sjølv om den inneheld mykje fjellprat.

 

 


Aktuelle namn og lenker:

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!