Skarbøen-1-EliAnneTvergrovfoto
 

x-Kart-ikon

Skarbøen er ein strandgard med eigen setredal. Navnet Skarbøen viser til det tydelige "skaret" opp til setredalen.

Våren 1940 var Skarbøsetra tilhaldsstad for britiske soldater som hadde kome over fjella frå Gudbrandsdalen. Soldatane flytta seinare over fjorden til Gjævenesstranda, før dei kom seg velberga over til England.

Skarbødalen var kledd med furuskog, men det seiest at denne forsvant etter skogbrann på 1600-tallet. Sola er borte seks veker kvar vinter.

Ute på sjøen ligg eit av torskeoppdretta som Atlantic Cod Farms har i drift i Hjørundfjorden. Det har vore i drift sidan november 2005. Det andre matfiskanlegget er lokalisert på Festøy. Selskapet har søkt om fleire nye konsesjonar innover i fjorden pr. 2008.

 

Skarbøen-2-EliAnneTvergrovfoto

Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!