molaupen-gml molaupen-no

x-Kart-ikonMolaupen kan ha fått sitt namn på grunn av hammaren Laupen, og at flata over dermed vart Molaupen. Husa låg 40 meter over havet, øvst oppe på flata og husa låg rimeleg trygge for ras.

Sjøen hadde mykje å seie for Molaupsfolket. Rundt 1900 stod tre naust og to bygg for markahøy og ved fjorden. Dei hadde også fleire båtar. Nokre var til å frakte blant anna ved heilt til Ålesund, andre for å føre ved og høy frå strendene og til Molaupsbukta. Gardbrukarane hadde eige lakseverp, og dei dreiv notfiske saman med Strandabøen. De nytta løynde signal for dette, slik at karane på andre sida av fjorden ikkje skulle kome dei i forkjøpet. Eitt signal kunne vere å la ei på førehand avtalt naustdør stå opa.

Rogna regna dei som det aller beste kraftfóret. Om det vart for lite mat til dyra på seinvinteren har folket fra Molaupen, og frå andre sida av fjorden nytta seg av rogna i den bratte marka i fjellsida Jurafetet. I sola trives barlind, alm og hassel. Bjørk dominerer utanfor dyrka mark.
I dag er her alt for mykje brennenesle!

Hjorten nyt Molaupen til dels aleine, og den trasige flåtten er særs plagsam. Boreliasmitte er det også i den, noko  blant anna skrivaren her kan understreke på!

Under all den sørgelege utplanta grana på Molaupen, slynger det seg eit flott vegsystem opp fra sjøen til gardstunet.

Busetting


I 1900 bodde det 16 mennesker på Molaupen. I 1907 delte Elias og Johanne Molaup garden mellom dei to sønene sine. Slik vart gardane drevne i 40 år.

I 1947 selde Knut og Aslaug Molaup i Larsagarden sin del av Molaupen til Knut Rønning. Dei flytta til Åndalsnes og byrja som pedell (vaktmestrar) på begge skulane på Åndalsnes. Stova i Larsgarden vart flytta til Store-Standal. Der står ho den dag i dag.

I 1955 var det slutt. Då selde Knut Rønning Molaupen til Vestlandske Kraftsambang og flytta til Åsetranda og byrja som bygningsmann. Det som var att av bygningane vart kjøpt av karane i Nilsgarden på Ytre-Standal. Men så kom Molaupsulykka og tanken om å berge restmaterialane vart lagde på is inntil vidare.

Kraftselskapet har rasert kulturlandskapet på Molaupen gjennom tilplantinga med gran. I dag er det Tussa Kraft AS som skal forvalte verdiane. Det vert spennande å sjå korleis dei tenkjer seg dette!

Tragedie på veg til skolen på Stavset

28. april 1919 gjekk det ut ein båt ut med skuleborn frå Strandabøen og Molaupen. Dei skulle over til internatskulen på Stavset. Men båten kolseglde rett før dei var framme. Hjelpande nabokarer fra Ytre-Standal, som samstundes skyssa sine born i robåt, kom til. Dei klarte å berge tre av borna som fortsatt flaut. Men to vaksne og to born druknar.

På Molaupen visste de ikkje kva som hadde hendt. Då karane frå Ytre-Standal kjem heim, heng dei opp flagg (laken) i lødegluggen på Strandabøløa som teikn på at dei hadde noko å melde til dei på den andre sida.  Anders Molaup kom roande over og fekk den fryktelege meldinga.  24. april 1919 var det berre 4 mennesker att på Molaupen.

molaupsaata

Molaupssåta stikk 8-900 meter opp rett frå sjøen.  Ut frå ryggen gjeng det eit stort fjordspenn. Fjordspennet frå Molaupen over til Ytre Standal kom på 1950-tallet, og var då verdas lengste. Det er enno ei spektakulær vedlikehaldsoppgåve som vert utført oppe på trådane over fjorden når kraftselskapet etterser og sikrer med raude merker for å sikre tryggare luftferdsel for helikopter m.v. Kraftlina uler når vinden står ut fjorden. Lyden kan minne om gamle krigsfly som kjem i "tokt" ut fjorden...
No er ny kraftline under planlegging av Statkraft, lagt blant anna langs vestsida av fjorden og med nytt fjordspenn lenger ute. Eit særs lite populært forslag!

Matauk
Det kunne bli smått med fór på heimebøen og bøndene kunne reise svært høgt opp etter fór i form av gras eller tilleggsfór som rogn.
Ola i Olagarden på Ytre-Standal gjekk heilt opp til sjølvaste Jura i Molaupsfjella etter gras, kvar sommar helt til rett etter andre verdskrig. Denne sankinga høgt til fjells var vanleg inn langs heile fjorden, og mange strauk med i arbeidet med å få det ned og i hus.

Rasfare

Den mest kjende ulykka knytt til ras og Molaupen er Molaupsulykka i 1971. Sjå eigen artikkel om denne under rasfare og Molaupsfonna.

 Fonnene frå Molaupen innover til Nes

 skred-hjorundfjord-EAT
 Utsikt frå Ytre-Standal mot Molaupsfonna, så Skafonna, Gaulå
og til slutt Trollgjøtta med Trollgjøttemannen.
Skafonna er den som viser aller best - heilt ned mot sjøen.

 

 skafonna molaupsfonna
  Skafonna er grense mellom Molaup og Nes.
Namnet fekk donna fordi den etter segna tok et brudefylgje
som var på veg frå Hjørundfjord kyrkje heim til Hundeidvik.
 Molaupsfonna

Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser fakta som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!