![]() |
Maude (Sommar 2007) |
Maude er ein typisk strandgard. Dette er også ein gamal gard, eigd av kyrkja fram til 1894 då gardbrukaren løyste inn eigendomen av kommunen som då hadde overteke eigendomsretten.
Fjellsida over Maude er bratt, og garden har vore ramma av både snø- og steinras. Skog med hassel ga inntekter og sjøen var eit godt matfat med den særs gode fiskeplassen på "Revet" rett utanfor husa. Dei hadde både kyr og sauer her rundt 1930, og 20 geiter som dei på sommaren leigde ut til ein gard i Sunnylven. I perioda 1925 til 1961 var fisketurking ei viktig inntektskjelde.
Sola er vekk tre månader på vinteren, men garden er til gjengjeld solvendt sommarstid.
Kilde: I hovudsak
Hjørundfjord sogelag
sine bøker
& Ragnar Standal
som vert anbefalt på det
varmaste!
Kom gjerne med supplement - skribenten er usikker på ferske fakta!