Bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden

På tur i Konedalen med Smørskredtind i bakgrunnen

Innhald:

Bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden. 1

      ein undervegsrapport i 2006. 1

Samandrag. 2

Korleis kom mobiliseringsprosjektet i gang. 2

Prosjektskisse - bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden. 2

Sysselsetjing og trivsel som tema. 2

Oppstartmøte. 3

Organisering. 4

Mobiliseringsprosjektet i 2006. 5

Korleis organisere arbeidet i dei tre prosjektåra. 5

Om prosjektarbeidet i 2006. 5

Hjørundfjordportalen. 7

Meir om Sæbø/Bondalen-prosjektet 8

Mobiliseringa i 2007. 8

Samandrag

I alt åtte organisasjonar gikk hausten 2005 saman om å starte ei bygdeutvikling for Hjørundfjorden. Det var semje om å søke støtte til prosjektet frå bygdemobiliseringsmidlane til BU. Fram til desember tok prosjektet form og søknad vart sendt 5. desember. Gruppa som utarbeidde søknaden konsentrerte søknaden og trivsels og sysselsetjingsoppgåver ut frå ei overtyding om at desse tema var viktigast no. Søknaden munna ut med i alt 36 konkrete oppgåver som det burde arbeidast med i mobiliseringsfasa.

Tilsagn om støtte med 200 000 kr kom alt 15. desember, men støttesumen utgjorde berre 20,9% av budsjettet på 955 000 kr. Sjølv med auka dugnadsinnsats må det skaffast opp mot 200 000 kr til for å få prosjektet tilstrekkeleg finansiert.

Prosjektet vart formelt starta med eit felles mobiliseringsmøte 1. februar i Bondalen grendehus. Ca. 200 menneske møtte til eit svært positivt og aktivt møte. Etter møtet vart prosjektet organisert med ei styringsgruppe på ni personar. Dei 36 oppgåvene vart samla i prosjekt, seks  innan sysselsetjing og tre innan trivsel.

Etter oppstartmøtet kom arbeidet i gang med arbeidsgrupper for konkrete oppgåver m.a. ei for Sæbø sentrum. Styringsgruppa på 9 (10) medlemar har faste månadlege møte tredjekvar måndag.

Året 2006 har vore eit svært aktivt år med stor eigeninnsats med verdi på omlag 200 000 kr.

 

Korleis kom mobiliseringsprosjektet i gang

Sæbø grendalag bad inn lag og organisasjonar til ei sammøte hausten 2005. Hjørundfjord bondelag fremma der forslag om å arbeide for ei felles bygdemobilisering. På møte 16.11.05 vart Ivar Svein Mo, Irene Osvoll, Kjell Otto Holen og Per Atle Røe valde som representantar for dei åtte innbedne laga, til å skrive ein søknad for Hjørundfjord bondelag om BU-støtte til eit felles bygdeutviklingsprosjekt for Hjørundfjorden. Grunnlaget for forprosjektet og søknad om støtte vart utarbeidd og sendt etter ein intens arbeidsperiode då søknadsfristen var 5. desember. I alt vart det halde fire arbeidsmøte i tillegg til individuelt heimearbeid.

 

Initiativet til prosjektet

Hjørundfjord bondelag fremma forslag til ei felles bygdemobilisering på eit av sammøta med andre lag og organisasjonar som Sæbø grendalag hausten 2005 hadde teke initiativet til.
Bondelaget foreslo fire personar til ei arbeidsgruppe for forprosjektet, dvs. å utarbeide søknad om offentlege støttemidlar. Dette vart bifalt av dei andre laga og i sammøtet 16.11.05 vart Ivar Svein Mo, Irene Osvoll, Karl Otto Holen og Per Atle Røe valde som representantar for dei åtte laga til å skrive ein søknad for Hjørundfjord bondelag om BU-støtte til eit felles bygdeutviklingsprosjekt for heile Hjørundfjorden. Grunnlaget for forprosjektet og søknad om støtte, er utarbeidd av denne gruppa og er samsvar med ideane frå fellesmøta mellom laga.
Søknadsfristen var 5. desember og det vart difor arbeidd intenst med søknaden fram mot fristen. I alt vart det halde fire arbeidsmøte i tillegg til individuelt heimearbeid.

Prosjektskisse - bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden

I utlysingstekstane til slike mobiliseringsprosjekt er utvikling av desse tiltaka prioriterte:

  • Kunnskapsheving
  • Haldningspåverknad
  • Trivselstiltak
  • Bulyst
  • Etableringslyst
  • Entreprenørskap

 

Gjennom idédugnader, studieturar, miljøtiltak m.v. som fremmer næringsutvikling og bulyst, vil dei tildelte midlane bli kanalisert inn mot to tema med tilhøyrande underprosjekt. Dei to tema er auka sysselsetjing og auka trivsel som igjen gir større bulyst med positiv verknad på etableringslysten og dermed sysselsetjinga.

Sysselsetjing og trivsel som tema

Ut frå tolking av intensjonane for slike prosjekt, konsentrerte arbeidsgruppa søknaden om trivsels- og sysselsetjingsoppgåver. Søknaden femnar såleis om 36 slike oppgåver med skissert innhald og ressursbruk. Budsjettet for bygdemobiliseringsprosjektet er summert til 955 000 kr der både  dugnadsarbeid, møtekostnader, reiser og tenestekjøp er med.

Nokre av oppgåvene har tydeleg knyting til kvarandre medan andre er meir ulike. Det er for oss ein tydeleg samanheng mellom sysselsetjings- og trivselstiltak der trivsel er eit av fundamenta for bulyst, ein bulyst som gir næring til utvikling og til entreprenørskap, etableringslyst og sysselsetjing. Opent kulturlandskap, skianlegg/hytter på Bondalseidet er eksempel på slik positiv nær samanheng mellom trivsels og sysselsetjingselement.

 

Tabellen nedanfor viser sum av ressursbruk i prosjektet.
Tiltak/Oppgåver
Innsats
  eiga tid
(timar)
tenestekjøp
(kr)
kr/time
100
Trivselstiltak, samla
Sysselsetjingstiltak, samla
2530
2320
190000
280000
443000
512000
Alle tiltak, sum 4850 470000 955000

Lukkast bygdeutviklinga er prognoesert sysselsetningseffekt etter 8 år 30 årsverk.


Alt 15. desember fekk vi positivt svar med innvilga støtte på 200 000 kr (20,9%). Då søknadsumen var på 955 000 kr, er det eit gap på 270 000 kr i budsjettet etter at eigeninnsatsen på 485 000 kr er trekt i frå. Korleis denne resten skal finansierast, vil vi arbeide vidare med. Eksempel på lokal finansiering som kan inngå i budsjettet, er auka arbeidsinnsats, kommunal støtte, bidrag frå lag og organisasjonar osv. Ved utgangen av året 2006 har vi ”hent inn” friske midlar på om lag 900 000 kr til oppgåver i tilknyting til og vidareføring av prosjektet.

Oppstartmøte

På nyåret 2006 starta mobiliseringsarbeidet. Vi arrangerte eit folkemøte den 1. februar i Bondalen grendehus der vi presenterte prosjektet med innhald og tankar som ein start på mobilisering av interesse og motivasjon i alle bygdelag i Hjørundfjorden.

Dei mest optimistiske trudde på ei frammøte på 50-70 personar, men då møtet tok til var vi nær 200 menneske der. Spesielt inviterte var ordførar og plansjef frå Ørsta kommune, reiselivslag, næringssjef og ikkje minst var landbruksavdelinga i fylket representert.

Prosjektet vart innleiingsvis presentert der alle oppgåver vart omtalt. Under møtet var det god stemning med mange positive innlegg til prosjektet og mulegheitene ei mobilisering av skapande krefter kunne gi. Møtet bidro på ein positiv måte til informasjon og engasjement om prosjektet.

Organisering

Hjørundfjord bondelag som prosjekteigar utnemnde leiar og styringsgruppe. Styringsgruppa hadde sitt første møte den 20. februar og konstituerte seg slik:

 

Eit arbeidsutval utan vedtaksmynde vart etablert av Ivar Svein Mo, Knut Hustad, Bjarne Rekkedal og Per Atle Røe.

 

 

 

Vanlege tiltak i mobiliseringa kan vere idédugnadar, miljøtiltak, studieturar i samband med næringstiltak o.a. I utgangspunktet vil mobiliseringsarbeidet bli gjennomført utan fast tilsett hjelp, men midlane kan brukast til å dekkje spesielle arbeidskostnadar, førebuing til møter o.likn..


Austefjordprosjektet som nett er avslutta, er eit tilsvarande mobiliseringsprosjekt for Austefjord og Storfjorden, dvs. med grendalag i Austefjord, Hjartåbygda,  Høydal, Kalvatn og  Bjørke. Dette vil vere eit av prosjekta vi tek erfaringar frå.

Mobiliseringsprosjektet i 2006

Korleis organisere arbeidet i dei tre prosjektåra

Prosjektet skal vere ferdig innan 01.07.09. Dei 36 opplista oppgåvene er i søknaden sett opp utan å tidfeste oppstart og gjennomføring. Det ville kome seinare og då først etter enkle utgreiingar som ”gir meir kjøt på beina” for tiltaka. Vi vil såleis søke større kunnskap om oppgåvene sine sterke og svake sider, mulegheiter og truslar, før vi set inn meir ressursar.

 

I 2006 har vi vald å arbeide i hovudsak med trivselsoppgåvene og generell mobilisering der vi tar for oss motivering, kunnskapsoverføring, samhandlingsplattformar og – litt teknikk. Å utvikle og utvide plattforma for etableringslyst og entreprenørånd, vil vere svært viktig. Drivkreftene er alt tilstade og vi vil med auka kunnskap om mulegheitene, søke å innrette kreftene for å sikre godt resultat. Eksisterande tiltak, tiltak under utvikling og eventuelle nye tiltak, må stimulerast og innpassast i prioriteringane. Vi ser at vi ikkje kan rekke å fullføre alt i dei tre prosjektåra. Det vil difor vere viktig at vi gjennom prioriteringane vel ut dei som gir resultat først, men då slik at utsette tiltak, vert teke att seinare.

Om prosjektarbeidet i 2006

Restfinansiering av prosjektet.  Knapt 21% av prosjektet vart finansiert med SMIL midlar. Om lag 51% er eigen dugnadsinnsats og resten 28% av 955 000 kr må finansierast på annan måte.

 

Utover året har vi arbeidd aktivt med dette og det har resultert i desse midlane:

 

Sparebank 1 Ørsta/Volda                    kr 100 000 til reiselivsbrosjyre for Hjørundfjord

Kommunale kompensasjonsmidlar       kr 350 000 til konkrete investeringar, Sæbø

Kommunal støtte 2007                        kr 500 000 til investeringar

 

Midlane er gitt til kjøp og investeringar. Desse midlane kan ikkje direkte godkjennast som  tilleggsfinansiering av prosjektet. Likevel er midlane frukta av mobiliseringa og dei inngår i realiseringa av tiltak som er planlagt og iverksett gjennom mobiliseringsprosjektet.

Hjørundfjordportalen. Arbeidet med å utvikle www.hjorundfjord.no til ein felles portal for heile Hjørundfjorden, var i 2004 starta opp av kulturvernlaget og sogelaget. Vidare utvikling er etter avtale med desse to laga, lagt under mobiliseringsprosjektet der Rune Sæbønes har leidd ei gruppa saman med Knut Hustad,Tor Eirik og Håkon Trandal. Portalen har blitt særs viktig i mobiliseringsarbeidet. Karakteristiske portaldata er ved utgangen av 2006, nær 300 registrerte deltakarar, nærare 50 000 vitjande og ca. 3000 lesarar av dei mest leste artiklane. Portalen er med dette samlande, informativ og mobiliserande. Han er profesjonalisert og må såleis utviklast vidare med løna arbeide i tillegg til det positive dugnadsarbeidet som til no har vore bærebjelken. Sjå meir om intensjon med portalen i eige kapitel.

Kommunikasjonar-ferje/buss. Styringsgruppa har arbeidd med å betre kommunikasjonane i Hjørundfjorden. Fjord1 si satsing på turistferje sommaren 2006 vart helsa velkomen, men det vart også reagert då ferja vart teken ut av drift før planlagt tidspunkt. Det vil verte arbeidd for å påverke Fjord1 MRF til å setje inn ferje også komande somrar. Styringsgruppa har støtta m.a. Sæbø grendelag i ynske om å få betre bussamband.

Kommunikasjon - breiband.  Styringsgruppa har engasjert seg i breibandsutbygginga i Hjørundfjorden då vi ser kommunikasjonskanalen som absolutt i ei positiv utvikling av området. Å få respons på tiltaka vår utan breibandtilgang, synest nær umuleg.

Tussa bygger breibandnett til kraftstasjonane sine, men nokre grender vil likevel vere utan mulegheit for breiband. Styringsgruppa har gått ut både til kommunen og Tussa for å få nødvendig engasjement for slik utbygging alt i 2007. Kommunen har fått tilsagn om HøyKom midlar til dette. Vi håper dette vil vere ein start på å knyte heile Hjørundfjorden til breibandnettet.

Sæbø/Bondalen. Fleire av trivselstiltak vart samla under vignetten Sæbø/Bondalen med prioritet på Sæbø sentrum i første fase. Desse fire vart vald til prosjektgruppe: Kjell Otto Holen (leiar), Irene Osvoll, Linda Stokke, Eldrid Øye. Desse har arbeidd aktivt med fleire undergrupper der Kapteinskvia, Småbåthamn, Sentrumspromenaden, Elverampa kan nemnast. Sjå meir om dette i eige kapitel.

Samdrift/landbruk. Det vart og oppretta ei arbeidsgruppe for samdrifter/landbruk i Bondalen. Leiaren her vart Karl Asgeir Sæbønes. I dette prosjektet har omgrepet samdrift vore særs aktuelt der mobiliseringsprosjektet saman med andre, har utrykt skepsis til rådande avgrensingar i talet på deltakarar. Dette rammer bygder med små bruk særs uheldig. Bondelaget fører dette engasjementet vidare.

 Det ser ut til å verte realisert tre samdrifter, 1 på Rise, 2  på Rekkedal.

Turvegar og –stiar. Ei gruppe med Per Atle Røe og Irene Osvold har i samarbeid med Ørsta I.L. , kommunen og reiselivslaget, arbeidd for å registrere alle stiar og vegar i kommunen for å klassifisere, merke og kartifisere desse. Ca. 2/3 av stiane som er merka på turkarta ligg i Hjørundfjorden og er såleis viktige aktivitets- og opplevingsobjekt. I samarbeid med kommunen og reiselivslaget vil vi arbeide vidare med felles merkemalar, soneinndeling i landskapet, digitalisering av kart, utgjeving av turkart og fysisk opparbeiding av stiane i samsvar med malarbeidet. Arbeidet er omfattande og vil halde fram i komande år.

Turistveg på Skårasalen. Ei arbeidsgruppe som tidlegare hadde arbeidd med dette prosjektet vende seg til mobiliseringsprosjektet for om muleg få prosjektet sitt inn i mobiliseringsarbeidet. Dette avslo styringsgruppa for mobiliseringa, men sa seg villig til å delta i ein forstudie med mål å avklare grunnlaget for prosjektet. Med grunnlaget er her meint oppslutninga frå bygdefolket, påverknad frå og på reiselivet (sysselsetjingseffekt) – og ikkje minst miljøfaktorar. Forstudien er i skrivande stund ikkje starta opp.

Naturlos- matforedling. Styringsgruppa deltok i samarbeidet om eit kurs for naturlosar i regi av fylkeskommunen. Kurset  vart halde på hotell Sagafjord med mål å skolere aktørar som ønskjer å delta i utvikling av turisme i fjorden noko som vil kunne gi  auka sysselsetjing.  
Deler av styringsgruppa deltok også i Møre og Romsdal Bondelag si samling om vidareforedling av mat. Dette vart halde på Rekkedal Gjestehus 17. oktober med deltakarar frå Sunnmøre.

Ungdomsmobilisering. Styringsgruppa vedtok å halde ein samlingskveld for all ungdom i fjorden i eit forsøk på å samlast om felles oppgåver. Dette ville og vere ein test på kor relevant prosjektsoppgåvene var for dei unge. Denne ”framtidskvelden” vart halde 28. september på Bondalen grendehus. Førti ungdommar i alderen 14 til 25 år møtte, og det var stor engasjement. I tillegg møtte ordførar Hans Olav Myklebust, kultursjef Jostein Mo, ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdahl og leiar i ungdomsrådet, Fredric Bjørdal. Styringsgruppa i bygdemobiliseringa var representerte med fleire, like eins møtte det representantar frå Bondalen frilynde ungdomslag og Sæbø Idrettslag som tilhøyrarar, og dessutan lokale politikarar.

Gjennom to sekvensar med gruppearbeid, fikk styringsgruppa god oversikt over ungdomane sitt ønskte engasjement. Det var også tilfredsstillande å sjå stort samsvar mellom mobiliseringa si opplisting av viktige oppgåver og dette ungdomsmøtet. Prioriteringslista frå møtet vert teke med vidare i prosjektet.

Profilelement. Styringsgruppa har og arbeidd aktivt med Knut Hustad i spissen for å utvikle ei T-skjorte for Hjørundfjorden. Frå dei første spede idear har vi også her brukt profesjonell hjelp til å føre dette vidare fram til ei skjorte i tida som profilerar fjorden sine mulegheiter på ein attraktiv måte. Eigeninnsatsen vert ført i prosjektrekneskapen, men salet av skjorta og andre profilelement som kjem seinare, skal finansiere dette delprosjektet.

Hjørundfjordportalen

Kulturvernlaget og sogelaget har i samarbeid lagt til rette ein felles internettportal for heile Hjørundfjorden.  Domena www.hjorundfjord.no og www.hjørundfjord.no er kjøpt og begge laga sine heimesider, saman med Sæbø skule, var knytt opp mot portalen. Initiativtakarane ønskte at portalen skulle bli ein felles informasjon og kommunikasjonskanal for alle aktivitetar i Hjørundfjorden. Det er særs viktig at alle gode krefter og initiativ i området står saman under felles merke.

Portalen må difor bli  nytta aktivt både i mobiliseringsprosjektet og seinare for å profilere Hjørundfjorden. I prosjektfasen vil såleis portalen bli nytta til møteinnkallingar, til referat, til samtalar og utvekslingar av informasjon, rapportar, målretta utgreiingar osv. slik at fysiske avstandar vert nøytraliserte og dermed opnar for betre samhandlingar. Ikkje minst vil vi slik kunne ha felles fakta som utgangspunkt for vurdering og samhandling.

Hjørundfjordportalen må utviklast til å stå på ein sjølvstendig plattform, der han er uavhengig av bygdemobiliseringa som ”eigarar”. Redaktørplakaten må gjelde.

hjorundfjord som merkevare. Portalen er vil over tid bli utvikla både som ekstern kommunikasjons- og salskanal. Alle utbod frå Hjørundfjorden kan samlast under felles merke og slik bli eit sterkt merke for m.a. fruktbart samarbeide mot Ålesund og Geiranger, men framleis med styrt identitet og innhald frå Hjørundfjorden.  Vi vil såleis at alle utbod av tenester og varer innan reiseliv og annan handel, skjer gjennom denne felleskanalen som ein del av merkevara hjorundfjord. Det er eit mål at varemerket skal bli synleg både nasjonalt og internasjonalt. Difor er det viktig at hjørundfjordingane vert mobilisert – for slik å vere på arenaen, og ikkje tilskodar, når næringsutvikling basert på natur, kultur og folk vert diskutert og planlagt. Utnytting av Hjørundfjorden sine kvalitetar må skje i samråd med folket i fjorden og ikkje bli avgjort av interesser utafor. Mobiliseringsprosjektet vil bidra til slik oppvakning, engasjement og ikkje minst vilje til å utnytte mulegheitene, dvs. fremme etableringslyst.

Meir om Sæbø/Bondalen-prosjektet

Undergrupper til dette prosjektet har arbeidd aktivt med alle dei nemnde prosjekta, dvs. Kapteinskvia, småbåthamna, Sentrumspromenaden og Elverampa fram mot Rise.

Kapteinskvia. Sæbø grendalag har teke dette prosjektet vidare inn i detaljplanlegging og søknad om støtte frå tippemidlane. Kvia skal utviklast til å bli ein aktiv samleplass for grenda der bading, grilling og andre aktivitetar kan skje.

Sentrumspromenaden. Å utvikle og forskjønne stranda frå fergekaia til hotellet er av mobiliseringsprosjektet sett på som det viktigaste trivselstiltaket for Sæbø og Bondalen, men også for øvrige deler av Hjørundfjorden. Sæbø er allment akseptert som eit positivt og nødvendig tyngdepunkt, dvs. Hjørundfjorden sin hovudstad. Styringsgruppa hadde temaet oppe i fleire møte og vart der samde om å engasjere ekspertise i planlegginga. Firmaet AG Plan og Arkitektur leverte rett før jul sitt forslag som ”rydder” stranda frå ny fergekai og mot hotellet. I planen er det synt korleis Sæbø får ein svært attraktiv promenade langs sentrum, dvs. organiseringa skjer i eit heilskapeleg samspel mellom staden, stranda og fjorden. Arbeide med å legge til rette med nødvendige vedtak, finansiering og handling vert ført vidare. Dette er eit langsiktig arbeide.

Småbåthamna. Planar for småbåthamn har eksistert ei tid. Det har til no som naturleg er, vore i hendene på grunneigarane. Styringsgruppa har sett at bistand frå prosjektet helst kan skje dersom dei allmenne interessene får tilstrekkeleg plass. Dialogen med eigarane har til no ikkje skapt plattform for å ta prosjektet inn i mobiliseringa.  Det ser likevel ut til at promenadeplanane har verka utløysande og at utbygginga kan kome i gang, og at utgravingsmassane kan brukast til promenaden.

Elverampa frå Hustad bru til Rise. Dette prosjektet er i hovudsak eit trivselsprosjekt, men det har og også ein spire inn i sysselsetjing då både hotellet og campingplassane sine gjestar samt andre tilreisande, kan nytte promenaden til mosjon og naturopplevingar. Detaljplanlegginga starta våren 2006 og det vart søkt - og tildelt SMIL midlar. Prosjektet var leia av Irene Osvold og det praktiske arbeidet vart starta umiddelbart. Kratt og skog skulle ryddast utan å snauhogge elvebredda. Rampa måtte planerast og grusast. Bru over ei lita elv måtte byggast og der skal kome rasteplassmøblar. I det heile var dette eit positivt samarbeidsprosjekt med mobiliseringsprosjektet, grunneigarane og andre interessentar.

Utviding av prosjektet. Grendalaget på Bjørke har bedt om at grendene i Storfjorden (inste del av Hjørundfjorden) Viddal, Leira, Bjørke, Skjåstaddalen og Finnes vert inkorporert i prosjektet og slik at prioriterte delar av Austefjordprosjektet vert ført vidare. Styringsgruppa ser positivt på dette og ser fram til eit felles prosjekt som omfattar heile Hjørundfjord. Dette fører til ei utviding av prosjektet med tilliggande kostnader. Styringsgruppa har i samtale med fylket kome fram til at vi sender ein tilleggssøknad om støtte for Bjørke (nytta som fellesnamn for heile Storfjorden).

Søknaden er no under arbeid og vert oversendt fylket ved månadsskiftet januar/februar.

 

Mobiliseringa i 2007

Mykje av arbeidet i 2006 har vore retta inn mot trivselstiltaka då desse raskast ville gi synlege resultat og slik inspirere til vidare innsats. Styringsgruppa er nøgd med resultatet og vil takke alle medspelarar for god innsats. Imidlertid må vi vere førebudd på tyngre tak når vi no skal ta tak i sysselsetjingstiltaka. Ei arbeidsgruppe er i dag i gong med å hjelpe to engasjerte damer i å starte opp eit reiseminne utsal på Sæbø i dei gamle postlokala som banken eig. Vi må i fellesskap skape ein plattform å arbeide på, dvs. kva identitet har Hjørundfjorden, korleis skal vi beskrive denne så klart at vi får det som felles plattform. Korleis skal vi profilere Hjørundfjorden slik at identiteten vert stadfesta og forsterka. Dette er typisk arbeide for å utvikle Hjørundfjorden som ein sterk og synleg merkevare.

Vi vil sannsynlegvis sjå krefter lokalisert utanom fjorden som har eigeninteresse av å utnytte mulegheitene ”våre”. Desse kreftene kan og bør påverkast og sameinast med hjørundfjordingane sine felles interesser dersom det er muleg å skape slik konsensus. Det vil vere eit av arbeidsområda i 2007.

 
Det vil vidare vere viktig å få med dei andre delane av fjorden i den vidare mobiliseringa, Norangsfjorden og Trandal spesielt, i tillegg til Storfjorden.

 

Hjørundfjorden, 22.01.07

Per Atle Røe