ytre-standal-sommar


x-Kart-ikonYtre-Standal, med same navn som "Store-Standal" litt lenger inne i fjorden, kan ha samanheng med at namnet har fulgt personane som budde her.

Namnet Ytre-Standal har kome ut frå eit krav i norsk rettskriving. Orda "Likkje" eller "lissje" stod ikkje i ordlistene og kunne ikkje godkjennast av målfolket. Men stort sett, dei som bur her nyttar namnet "Likkje-Standal". Det gir også meir meining i forhold til storebror lenger inne.

Gardane er truleg frå vikingtida. Opprinneleg var det fem gardar her. Drift før var knytta til kyr, geit, sau, oppdrett av mink og rev.

I dag er største arbeidsplassen settefiskanlegget (Marine Harvest) ved fjorden, med både utandørs kummar og innandørs innretningar. Dei som arbeider der går turnus, og kjem frå nabobygdene utom Festøya.

Sola er vekk fleire månader om vinteren. Den er ikkje her så alt for lenge utover på kveldane på sommaren heller. Men då kosar ein seg med sola ein ser i fjella på andre sida av fjorden til langt på natt...

Det er høve til å leige hytte og båt her. Kaia har fin fiskeplass.

Eigne nettsider på www.stavset-ytrestandal.no

Ytre-standal-1_2010 Ytre-standal-2_2010
Grenda sett mot sør Grenda sett fra Eggja og vidare innover Hjørundfjorden.

 

 


ytre-standal-setra1 ytre-standal-setra2
Ytre-Standal på vei ned mot setra fra Molladalen Setervollen.  foto.E.A.Tvergrov

Ytre-Standalen er en trang dal på fem kilometer.

Dette er eit flott turterreng.  Herfrå kan du gå over i Molladalen.

Ein liten seterstøyl, Kagebakken, ligg omtrent der du kan parkere bilen din (bomveg). Her står eit restaurert sel, som eromtrent akkurat slik dei va, før i tida.

Eit godt stykkje lenger framme ligg hovedsetra på Hauén rett før Leitebakken.  Setra ligg cirka 3,5 kilometer framme i dalen. 

Sunnmørsk Klatreklubb (SKK) låner Olaselet her.

Setra på Hauén er ein av stadane i Hjørundfjorden der me sist var i kontakt med dei underjordiske... Overnatting på  setra kan slik by på litt meir enn det vanlege? Frå gamalt av var det kjent at dei underjordiske (blåfolket) var særs gode dansarar, og her på setervollen vart dei sist sett.


Kufjorden...
I over hundre år hadde ein her ei ordning med "fodkyr" (sende ut på øyane) og "takekyr" (sende frå øyane og inn til Ytre-Standal). Det kunne derfor vere meir enn 100 kyr med ungdyr på det meste her på sommerbeite.

Etter cirka 1920 slutta mykje av drifta med kyr. Ordninga med sommerbeite held likevel fram lenge.

Heilt opp til rundt 2003 kom det store flokkar av sau hit på sommerbeite. Enno er det gardsbruk fra andre Sunnmørskommuner som nyttar seg av den gamle ordninga med sommerbeite.

Flokkane er ikkje så talrike som før. I 2007 var det eksempelvis sauer her frå Sula kommune og heilt fra Gursken i Herøy kommune.

 


kvelvingbru1 kvelvingbru2
             Kvelvingbrua: ”Falder den, så falder den straks. Men står den, så står den mens verden står".

Kvelvingsbrua fra 1842

Brua over elva inn på Kviå vart bygt nokre før den fyrste store utskiftinga på Standal. Dessverre er namnet på han som styrte arbeidet, gløymt. Men han kunne sine ting. Brua er bokstaveleg tala grunna på berg. Måla er ca. 3 m (eller 5 alner) brei, og radien på kvelvingen er omlag den same.

Det var viktig å ha tilfanget av – etter måten små steinheller - klart før bygginga skulle ta til. "Forskaling” til kvelvingen måtte så reisast, og godt understøttast av strongar. Så tok dei til å skare heller frå begge sider. Dei burde helst spisse aldri så lite ned, for dei skulle heile tida peike mot sentrum i ein tenkt sirkel.

Det gjaldt å få arbeidet raskt unna, for vart det dårleg vér, så elva voks opp, kunne det spøkje for heile prosjektet. Alt gjekk vel. Snart kunne dei siste hellene kilast ned på toppen. Det blir sagt at då byggeleiaren slo inn desse hellene, letta kvelvingen seg opp frå modellen. Men dette får ein ta med ei klype salt. Der imot lever endå dei orda han sa då han slo støttene unna brua: ”Falder den, så falder den straks. Men står den, så står den mens verden står".

Støttene kunne slåast unna like etter at kvelvingen var ferdig, for det heile var laga i tørr mur utan bindemiddel.

Brua på Ytre-Standal stod. Orda til byggmeisteren står enno ved lag. Rett nok har det spøkt for brua her fleire gonger. Kanskje hardast under flaumen 18. september 1947, då berre kvelvingen stod att, og under bygginga av nyebrua i 1964.

Men det er ikkje så lenge sidan at elva igjen gjekk over kvelvingsbrua og smaug seg under nye brua nedanfor med nød og neppe. Brua var heilt vekk, men då verste vatnet hadde gitt seg, så stod bura der som ho alltid har gjort.

Fram til 1950-åra låg det steinar på båe sider av køyrebana over brua. Det var difor berre ei god vognbreidd att. Då snøpløginga skulle utførast med traktor, vart ho for smal, så steinane vart tekne bort, og eit nytt rekkverk oppsett. Med det kom to steinar bort, som mange tidlegare hadde stogga opp og sett på. På den eine stod årstalet 1842. Det var altså året då brua vart bygd. Mindre verdfullt var det som stod på den andre steinen, nemleg ELIAS. Etter det far til Ragnar Standal fortalte, hadde det ingen ting med namnet på byggeleiaren å gjere, men gamle Jalcob-Elias som sette namnet sitt der, hadde teke initiativet til å få hogge inn årstalet 1842. Arbeidsstykket er forresten svær vakkert gjort.

Brua på Ytre-Standal vart restaurert av vegvesenet i 1992. Då kom også steinanen på plass ved brua.

Ved vegen ligg også eit restaurert kvernhus.


ytre-standal-hogspentFjordspennet fra Ytre-Standal til Molaupen kom på 50-tallet.

Det var då verdas lengste. Dette er fortsatt ei spektakulær vedlikeholdsoppgåve som vert utført oppe på trådane over fjorden for å ettersjå, og sikre med raude avmerkingar for sikker luftferdsel for helikopter m.v.

Frå 2007 og i ein utmattande prosess som varer heilt til 2012 har det vore sterk debatt om ny planlagt storlinje som skal gå her ut langs fjorden.

Grendefolket vil ikkje ha denne her !


Aktuelle namn:
Ragnar Standal forfattar kjem frå garden Bakkane på Ytre Standal.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil.
Send epost om du har forslag til endringar/ekstra som kan settast inn!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker og Ragnar Standal YtreStandal gardsoge I og II.