![]() |
Viddal og Hole (Ivar Svein Moe) |
Elva (ca 1/3 av bildebreidda frå høgre) deler bygda i Hole til høgre og Viddal til venstre. Dalen fører oppover til Viddalssetra. Dette er ytste grenda i krinsen Bjørke. Her er ikkje veg vidare utover. Ferjekaia som låg her (på Hole) og gav ferjesamband utover fjorden, vart fjerna då det vart bygd nokre fonnoverbygg på vegen mellom Viddal og Leira. Desse overbygga gir berre ei delvis sikring mot fonnene, og tidvis skjer det om vinteren at Viddal og Hole blir isolert.
Viddal var opprinneleg ein av dei største gardane i Hjørundfjorden med
i alt 10 bruk. Her er funn frå jernalderen og mykje kan tyde på at
Viddal var ein av få stader det var overlevande etter Svartedauden.
Hole er den andre garden her inne. Den var opprinneleg delt i to bruk, og ligg sør for elva. Gardsbruka på Hole har vore ramma av både flom og vassglop. Dei har også vore trua av snbvøras,. Tidlegare hendte det at dei då flytta til Viddal når snøfallet var ekstra stort og trugande.
Lang
strandlinje ga godt med fiskeplassar og strandsetring.
Dei hadde fleire lakseverp, som gjennom åra også vart leigd vekk. Frå
gardsbruka her vart det levert is ut frå breen i fonna Otóla. Viddal
har hatt notlag heilt opp til våre dager (1985).
Mennene frå
Viddal deltok i vintersfisket både etter torsk og sild. 7 enker sat att
på Viddal etter at Viddalsåttringen kom vekk på storhavet rundt 1760.
På Viddal har dei dreve både med kyr, sau, geit og rev. Dei siste åra
har bygda vore mest kjend for gartnarverksemd, men denne er i dag
nedlagt.
Kilde: Innbyggjarar på Hjørundfjordstranda og Hjørundfjord sogelag sine bøker
& Ragnar Standal som vert anbefalt på det
varmaste!
Kom gjerne med ekstra! - Skrivaren her er usikker på ferske fakta!