![]() | ![]() |
Finnes. (Ivar Svein Mo.) | Kalnes (E.A.Tvergrov) |
Finnes med sitt karakteristiske klyngetun har hatt busetting minst frå merovingertida 600-800 e Kr. Gardsbruka har nytta både fjorden og Bakkedalen godt. Slåttemarka kunne vere tøff med strandslått og tunge bører. Dei laga tønneband som de selde i byane, hausta hasselneter som dei kunne selje og fisk av ymse slag.
Det vart gjort eit heller lite vellykka prosjekt på utvinning av malm (1874). Fiskeoppdrett vart dreve her på 1980-talet.
Det er ikkje tilfeldig kvar husa står i Hjørundfjorden. Dette er særleg tydeleg i klynga på Finnes. Odden her er rekna som trygg - men så seint som i 1968 vart fleire hus skadde. Vanlegvis deler fonna frå Storegjølet seg på den slakke ryggen ovanfor husa og går i sjøen på begge sider av husklynga.
Eit fonnvern skal no sikre betre enn før, og dette virka slik det skulle i 1979.
Det er fire-fem gardar her. På det meste har det vore over 30 hus på Finnes med smått og stort.

Sætre ligg på vestsida av fjorden (heilt nede i bildekanten t.v.).
Sætre ligg ein god kilometer ut frå Bjørkevika, og før du kjem til Finnes.
På Sætre er det ein liten bautastein med spiralar innhogd, helst soldyrkingsteikn som viser at garden går tilbake til vikingtida og enda lenger
Garden var lenge eigd av Hjørundfjordkyrkja (1626) og fungerte som klokkargard fram til 1708. Dette må ha vore ei tungvint ordning.
I 1738 kjøpte bonden garden av kyrkja. Nede i strandkanten er det tilrettelagt for koselege strandhogg på Sætre i ei flott vik der.
Kalnes på austsida av fjorden tvers over for Finnes var opprinneleg to husmannsplassar som Åkre på Bjørke eigde.
Kalneset kan ha vore ein kultstad ut fra steinar i særeigne formasjonar her. Blant anna ein stor firkanta som kan minne om eit bord. Dette er tolka som funn etter ein offerstad.
Kalnes og Finnes har opp gjennom tidene hatt mykje samarbeid.
Kilde: Innbyggjarar på Hjørundfjordstranda og Hjørundfjord sogelag sine bøker
& Ragnar Standal som vert anbefalt på det
varmaste!
Kom gjerne med supplement - skribenten er usikker på ferske fakta!