Fottur, 3,2 km frå Urke.

Vanskegrad: Krevjande. Turen er merka med raudt.

Turen kan også gåast frå Lekneset. (Sjå under).

Saksa har blitt ein av dei mest populære toppturane til fots i heile Hjørundfjorden.  Det kan vere at Slogen har eit større besøk. Saksa fekk sitt gjennombråt som toppturmål etter at Saksa turistforening på Urke fekk Sherpaar frå Nepal til å bygge steintrapper opp  eit par vanskelege parti.  I dag er der steintrapper på  delar av strekninga frå Urke  til Leknesdalen og opp  steinura før toppen.  Ved inngangen til Leknesdalen er det bygd ein flott gapahuk (og toalett).  Eit framifrå utsiktpunkt over Urke og Norangsfjorden.

Saksa er ikkje av dei høgste toppane i området, men utsikta er framifrå på grunn av at toppen ligg i "krysset" mellom Hjørundfjorden og Norangsfjorden.

Er Sæbø utgangspunkt for turen, tek du ferja over til Lekneset og køyrer så ca. 2 km etter fv. 655. I krysset like etter butikken (før du køyrer over brua over Urkeelva) tek du til venstre.  Like ved krysset finn du skilt som peikar i retning Saksa og ikkje minst parkeringsplass.  Råsa/stien oppover er godt merka.  Det er sikrast å ta med nok drikke for heile turen til toppen.

Saksa frå Urke

Her er ruta til Saksa frå Urke merka med gul GPS-strek.

Diagram saksa frå Urke

Her ser vi at ruta frå Urke ikkje er så bratt i starten, men rett før 1 km (Leknesdalen) er det eit bratt parti.  Men her er det mura steintrapper. Så er det eit noko bratt parti før toppen, men her er også mura trapper igjen. (Ikkje heilt opp.

IMGP0319b

Steintrappene er gode og utsikta er framifrå om du treng ei pause.  Her på ca. 850 moh.

IMGP0347c

Utsikta frå toppen er av det gode slaget.  Her ser du også Norangsfjorden.

Det er no mest vanleg å ta turen frå Urke, men turen opp er også fin om du vel å gå frå Lekneset.  Det har tidlegare vore litt problem å finne rett rås, men råsa opp i Leknesdalen derifrå er no betre merka.  Særleg er det fint å ta denne varianten om ettermiddag/kveld for då skin sola her.  Vel du å gå opp frå Lekneset, slepp du også å ta med bil over fjorden.

Saksa frå Lekneset kartutsnitt

Her er ruta frå Lekneset opp til toppen av Saksa merka med raud GPS-strek.  Frå Leknesdalen til toppen av Saksa er ruta den same både frå Urke og Lekneset.

Skulle det vere at du meiner at turen til Saksa vert litt for lang når du kjem opp i Leknesdalen, så er Leknesnakken eit godt alternativ.  Går du opp frå Urke vil du sjå eit skilt med Leknesnakken på like etter at du har passert gapahuken Bentebu.  Det vert sagt at Leknesnakken er Hjørundfjorden sitt lågaste fjell - vel 500 moh, men utsikta også frå dette fjellet er framifrå.

God tur.