Fottur.  Grøn merking - enkel.

Turen opp er ca. 1,5 km lang og stigninga er på 370 høgdemeter.

Turen opp  Gunnarråsa, opp til steinen og gapahuken på 370 moh, er den mest populære fotturen på Sæbø.  Turen kan gåast nærast året rundt om ikkje snøen er for djup. For mange er kanskje dette helst ein trimtur, men utsikta frå endepunktet er stor og turen må gjerne sjåast på som ein liten fjelltur når vêret ikkje er på det beste.

Tek du skilta i Sæbø sentrum som utgangspunkt, går du forbi ferjekaia og nokre titals meter til og så er du ved naustrekkja.  Her finn du skiltet som det står Gunnar-råsa på.  Så er det berre å gå i skiltet si retning.  Ved startpunktet finn du både ei grindaløde, grill, parkeringsplass og ikkje minst nybygde toalett.  Badestrand er her også.

Etter ei kort strekning på asfalt, går du oppover ein grusveg med lys  - ein veg som etter kvart går over til ei rås/sti.  Merkinga opp gjennom granskogen syner ikkje så godt lenger, men du vil ikkje ta feil av råsa oppover, som sagt er ho mykje brukt.

Gunnarråsa

Den mørkeblå GPS-streken syner Gunnarråsa.  Startpunktet er i ved Kapteinkvia /naustrekkja.  Sjå skilt.

Gunnarråsa diagram

Her ser vi at Gunnarråsa ikkje er så bratt i  starten, men der er nokre bratte parti oppover i granskogen og den siste strekninga opp er også litt bratt. Men utsikta er av det store slaget når du kjem opp.

_IGP7905b

Toppen av Gunnarråsa er på 370 moh. Fotoet syner utsikta herifrå. Det er sjeldan at skodda ligg så lavt så ta gjerne turen også i regnvêr, men tenk då på at det kan vere litt glatt nokre stadar.

Frå enden av Gunnarråsa kan du gå vidare oppover, m.a. til toppen av fjellet Dalegubben på 1344 moh.   

God tur.