Fottur, ca 1,8 km.

Enkel.  Grøn merking.

Dette er ein fin fottur i enkelt terreng.  Dvs. at fotturen går etter flat veg.  Utsikta frå Hustadneset er god i alle retningar.

_IGP8480b
Turen startar i Sæbø sentrum og endar ved Hustadneset, jfr. raude piler.

Hustadneset
Kartskisse over vegen frå Sæbø til Hustadneset

Ta vegen som passar frå Sæbø sentrum til Hustad bru - brua som går over bondalselva.  Så går du vidare etter bilvegen til første kryss.  Ta av til venstre, inn på Hustadnesvegen.  Så er det berre å gå/rusle vidare etter grusvegen til Hustadneset.

IMGP1684b
Utsikta frå Hustadneset er god i alle retningar.  Fotoet er teke ved Steglet, sjå under.

Hustadneset har sjølvsagt si historie, men som ein kuriositet kan det nemnast at Steglet var rettarstaden i Hjørundfjorden.  Det var her den siste personen i fjorden vart avretta.  Det skjedde i 1731.  

Oppover frå Hustadneset går det ein traktorveg - lat att evt. led/grinder -.  Etter kvart endar traktorvegen i ei rås/ein sti og du kan gå heilt opp til Hustadnestua, men du skal ikkje høgt opp frå sjøen før du får eit godt utsyn.  Hustadneset er og ein svært populær fiskeplass med stang frå land.  Om sommaren kan t.d. makrellfisket vere godt.

_IGP2796b
Hustadneset sett frå sjøen.

God tur.