Fottur, krevjande rute. Merka med svart.
Lengd: 3,8 km.
Også på Sæbø er Slogen, den 1564 meter høge og spisse toppen på motsett side av fjorden, det mest kjende landemerket vi har. Fleire tusen besøker denne toppen kvart år - både frå inn- og utland. Slogen har også blitt ein ynda topptur på ski.
![]() |
Slogen, den høgste og spisse toppen på fotoet, er eit kjend landmerke. |
Det er fleire ruter til toppen av Slogen, men vi tek her ruta som er kortast og mest brukt. (Men som sikkert også er tyngst å gå).
Ta ferja frå Sæbø til Lekneset. Køyr så langs Norangsfjorden etter fv. 655 til Øye og til Hotell Union. Køyr så ca. ein (1) km vidare etter fv. 655. Då kjem du til ein parkeringsplass på høgre side av vegen merka med P Slogen. Parkeringsavgift. Her er vatn slik at du kan fylle opp med drikke. Ikkje rekn med at du finn vatn under vegs.
Når du er klar, kryssar du fylkesvegen og tek fatt på den tunge turen oppover. Turen er lang og bratt.
![]() |
Fotturen tek til ca. 1 km søraust for Hotell Union på Øye. GPS-ruta er merka med tjukk, raud strek. |
![]() |
GPS-diagrammet syner ruta frå toppen og ned. Ruta er bratt stort sett heile vegen. |
Sjølv om turen oppover er bratt, brukar det å vere få problem her. Det er i dei siste unnabakkane, gjerne i den siste delen av ruta, ned gjennom granskogen, at fleire oppdagar at det skulle ha vore meir trening på førehand. Det er knea som vil låse seg og det er fleire enn ein som har gått baklengs ned gjennom granskogen.
På ca. 1150 høgdemeter møter du på eit platå. Her møtest råser/stiar både frå Øye, Patchellhytta og Urke. Men du skal altså ta av oppover mot venstre. Også her er det bratte bakkar oppover, men det er den siste toppstøyten, dei siste 30-40 høgdemetera som skaper problem. Bruk tida og finn etter kvart ei rute som passar deg. Det kan også vere klokt å spørje om råd. På fine dagar er du heilt sikkert ikkje åleine i området.
![]() |
Det er dette siste partiet mot toppen som er vanskelegast. Med bruk tid og spør gjerne om råd. |
Og når du (endeleg?) når toppen, er det berre å nyte utsikta og sjå deg rundt etter andre turmål i området. Slogen er ikkje det einaste.
God tur.
![]() |
Utsikta frå Slogen er framifrå - også mot Hjørundfjorden og Sæbø. Søk gjerne på nett etter foto. |