Fottur - krevjande. Raud.
Er du på Sæbø køyrer du ca. 3,5 km framover Bondalen etter fv. 655. Her møter du trafikkskiltet "Kvistad". Ta av- og køyr i retninga skiltet peikar. Du skal altså inn Kvistaddalen. Bompengar. Så er det berre å køyre til vegs endes - til parkeringsplassen vel 500 moh. Denne delen av ruta og mesteparten av fotturen oppover har same rute som turen til det meir kjende fjellet Skårasalen.
Tjukk, raud strek syner GPS-ruta til Storhornet. Du ser "krysset" der ruta til Storhornet og Skårasalen skil lag. |
Frå parkeringsplassen til det høgste punktet, 1376 moh, er turen grei å gå. |
Du skal altså oppover etter same ruta som til Skårasalen, også etter den smale dalen/elvedalen Blåhorndalen. Men i enden av denne dalen tek du til venstre når du skal på Storhornet (til høgre når du skal på Skårasalen).
Det er inga merka- eller oppgått rås til Storhornet, men steinura/steinplatået er lettgådd og går du ut mot kanten mot Litle Skåradalen får du også god utsikt mot Hjørundfjorden. Du vil også sjå det høgste punktet på Storhornmassivet der framme, 1376 moh. Fleire er godt nøgde med turen når dei kjem hit og snur her.
Men det beste utsiktspunktet finn du ved endepunktet på ruta, ved varden og flymerket på 1358 moh. Men du kan no ikkje halde fram med å gå vidare etter kanten/egga p.g.a. eit litt vanskeleg parti. Frå varden på 1376 moh må du gå ned til venstre/mot nord i ca 50 høgdemeter (sjå diagram) og runde eit litt vanskeleg fjellparti/ur med stor stein. Turen ned ser i første omgang ut til å vere verre enn den er, men gå der det er tørrast. Vel nede ser du varden og endepunktet på turen og du går mot dette penktet.
Utsikta frå Storhornet 1358 moh er framifrå mot Sæbø og Hjørundfjorden. |
Turen til Storhornet egnar seg også godt som kveldstur tidleg i juli. |