Fottur.  Ca. 3,3 km frå Heimsetra på Frøland.

Turen er merka med raudt - krevjande.

_IGP4936c

Omtrent slik går ruta frå Heimsetra i Frølandsdalen  til Grøtdalstinden

Grøtdalstinden diagram Grøtdalstinden
Starten frå Heimsetra på Frøland er  på ca. 290 moh.  Slakkare og brattare parti oppover.  Brattast i toppområdet. Tjukk, raud strek viser GPS-ruta.

3,5 km frå Sæbø, v/fv. 655, står det eit skilt med "Kvistad" på.  Ta av i dette krysset, men til motsett side av Kvistad.  Køyr opp bakken.  I krysset står det eit skilt med Frølandsdalen på.  Køyr i denne retninga, etter kvart etter setrevegen som fører fram til Heimsetra.  Framover dalen er det fleire grinder/led.  NB:  Lat att grindene/leda etter deg.

V/elva som kjem ned frå Bjønndalen er der ein liten parkeringsplass.  Parker her,  og gå ca. 50 m vidare til ein nedfallen gardfjøs.  Her er det skilt som viser veg oppover/nordover til Grøtdalstinden.  Råsa er ikkje merka, men likevel rydda og er godt synleg p.g.a. stor bruk.  På platået på ca. 900 moh tek du til høgre og du ser her skaret du skal gå til.  Sjå raud strek på foto under.  No er det fleire og fleire som kortar ned den siste strekninga ved å gå ei meir direkte rute - blå strek -  mot Porten (Himmelporten), men då blir strekninga også brattare.  Vi tilrår den raude ruta. 

IMGP1406b
Raud strek er ei rettesnor mot toppen.  På veg opp mot skaret er det mykje steinur, men små vardar viser veg.

IMGP1416b
Her er Porten/Himmelporten. Her er det bratt og litt laus grus, men ok å gå.

Vel gjennom Porten går du vidare oppover.  Vil du på den høgste toppen, Søre Grøtdalstind, tek du av til høgre ikkje lenge etter Porten.  Vil du på Midtre Grøtdalstind, tek du av  til venstre. 

_IGP5588b
Utsikta frå Grøtdalstindane er framifrå.  Fotoet over er frå den midtre av toppane.

IMGP1428b
Utsikt frå Søre Grøtdalstind mot nordvest.  Bak ser vi Kolåstinden. Nærast, t.v. ser vi Midtre Grøtdalstind.  Nordre Grøtdalstind t.h.

Turen opp frå Heimsetra er til tider bratt, men fin.  Turen eignar seg også godt som ettermiddags-/kveldstur i den lyse årstida. Som nemnt kan det vere litt vanskeleg å finne råsa frå ca. 900 høgdemeter opp til toppområdet, men ta deg tid så finn du kanskje små steinvardar som viser veg oppover.