Fottur frå Sæbø/Sæbøneset
Tid: Ca. 1,5 timar
Gradering: Raud - krevjande
Tek ein utgangspunkt i høgda, er dette eit av dei beste utsiktspunkta i Hjørundfjorden.
Ein tidleg vårdag på Sæbønestua. Her ser vi innover fjorden.
Starten på fotturen er øvst i byggefeltet på Sæbøneset.
Startar du turen i Sæbø sentrum, køyrer du forbi ferjekaia og vidare ut til Sæbøneset. I kryssa tek du av til høgre og vil du kome opp i gata Høgeskjerva. I ein skarp sving parkerer du bilen. Her ser du også turskilta. No er det berre å legge i veg oppover.
Dette er ingen vanskeleg tur, men turen er jamnt bratt heile vegen oppover. Når det er vått/regn vert gjerne råsa glatt så pass på.
Turen oppover mot Sæbønestua er bratt - turen vil kjennest brattare enn diagramet viser.
Hengekøya ved Nedste Skaret har blitt svært populær - også i reklamene for klesprodusenten Devold.
Når du har gått ca. halve vegen opp til Sæbønestua, kjem du til eit lite, flatt parti. Eit skilt syner namnet Nedste Skaret.Her kan du ta ein liten avstikkar til høgre og du vil oppdage eit flott utsiktspunkt med ei hengekøye. Denne hengekøya er også på reklamefoto til Devold. Ta deg gjerne ei kvild her før du gårtilbake til råsa/stien og vidare til toppen.
God tur.