Fottur. Turen til Olavshola er merka som grøn tur - enkel.
Eit anna namn som er mykje brukt på Olavshola, er Olavsdalen, jfr. ulike kart.
![]() |
Olavshola/Olavsdalen |
![]() |
Kartutsnitt. Ruta er merka med tjukk, raud strek. |
Frå Sæbø sentrum går-/køyrer du sørover, over Hustad bru og ca 100 meter vidare til første vegkryss. I krysset tek du til høgre og går-/køyrer ca. 200 m oppover vegen Mo-Hustad. Her finn du skiltet "Olavsdalen/Olavshola 1,5 km".
![]() |
Diagram av ruta. Som vi ser er siste strekninga opp i Olavshola heller bratt. |
Den første delen av turen går etter ein litt igjengrodd traktorveg. Etter traktorvegen går du etter ei umerka-, men godt synleg rås/sti oppover gjennom skogen. Dette er ein mykje brukt trimtur, men fleire tek også turen for å nyte utsikta, gjerne med eit barn i meis på ryggen. Legg merke til at siste delen av råsa er bratt og i regnvêr kan steinane vere glatte.
Turen opp til Olavsdhola ligg på skuggesida av dalen. Difor meiner mange at turen er best å gå på ettermiddag/kveld, særleg på seinsommar og haust.
Vel oppe i Olavshola finn du "Utsikten", eit utsiktspunkt med ei dreieskive slik at du lett kan finne namn på ulike fjell rundt deg. Du må også ta turen innom "Helleren steinhytte" - ei litt skummel(?) hytte i Olavshola/Olavsdalen. Sjå skilt.
![]() |
Utsiktspunktet med dreieskiva med fjellnamna på. |
![]() |
Den litt "skumle" fjellhytta i Olavshola. |
God tur.