Velkomen til Sæbø og Dalegubben

Dette er sider som er under arbeid, men om ikkje lenge vil det kome informasjon som kart, profilar og foto som gjeld alle turane på desse skilta.

Men har du no skanna QR-koda på skiltet som det står Dalegubben på og ynskjer å gå turen no straks, er det det enkelt å finne fram, men først får du eit foto frå toppen:

_IGP5283c
Utsikta frå toppen av Dalegubben er framifrå - også om hausten

Turrute til Dalegubben:

Gå-/køyr ca. 50 m forbi ferjekaia.  På motsett side av naustrekkja, like ved badestranda, går det ei gate opp til venstre.  På ein stolpe finn du turskiltet merka med Dalegubben.  Så er det berre å gå oppover - først etter asfalterte veg, så etter grusveg og til slutt kryssar du snøskredvernet før du er inne på ei vanleg rås - Gunnarråsa.

Råsa er godt merka oppover - først gjennom granskog, men på 370 høgdemeter kjem du til enden av Gunnarråsa, her er både gapahuk og hengekøye.

_IGP7905b
Gunnarråsa på 370 moh.

Etter gapahuken på 370 høgdemeter går du vidare oppover, kryssar ei elv der det kan vere klokt å fylle på drikkeblærer/vassflasker og så er du ute i Skondalen og ser toppen av Dalegubben høgt der oppe i enden.

Til slutt er du oppe i skaret der du m.a. ser mot Trandal og no har du att ca. 20 minutt gange til toppen.  Om du skulle lure så går du opp på høgre side/austsida av toppyramida.

Litt informasjon:

Som nemnt, er det ei mindre badestrand ved startpunktet.  Her er det også nokre parkeringsplassar og her er nye toalett ved friluftsområdet Kapteinkvia.

Råsa er bra merka heile vegen til topps.  Oppover Skondalen er det først merka med vardar, deretter med raude punkt. I alle fall i første halvdel av sommarhalvåret må du rekne med å gå på snø øvst oppe. Der er ei elv oppe på ca. 1000 høgdemeter der det er vatn.

Råsa/stien oppover går ca. midt i dalen.  I første delen av råsa i Skondalen er det viktig å ikkje gå for langt til venstre/vest.  Dette p.g.a. at det på våren/først på sommaren kan kome snø ned frå fjellet Lissjedalshornet.

God tur.