http://www.hjorundfjord.no/grafikk/artiklar/hjoer_fotor_collage.jpg

"TRU, VON & KJÆRLEIK»
Kyrkjekonsert i Hjørundfjord kyrkje 17.04 kl 20:00
Dei siste åra har Venche Leite sunge mykje i kyrkjene i Ørsta & Volda kommune. Ho vert ofta nytta som solist i vigsler og gravferder, men gjer også minikonsertar med ulike tema.  Både i sorg og glede oppnår ein gjennom musikk ei kontakt med andre som er heilt unik. 
Konserten i Hjørundfjord kyrkje vil vere ein variert og personleg konsert.
Den har fått namnet "Tru, von & kjærleik" fordi dette er tema som går igjen i songtekstane. 
For Venche er det viktig å sette saman eit repertoire med den rette stemninga. Det vert framført kjende songar i gammal og ny drakt, viser, salmar, roots og popmusikk der tekst og melodi har gjort inntrykk på Venche, ofte fordi dei knyttar seg til einskilde hendingar eller personar. Håpet er å få dele denne kjensla med publikum.

Musikarane er Mads Adrian Simonsen: gitar, Leiv Arne Nydal: Fiolin og Levi-André Leite: bass.
Dette er kreative menneske som alle er med på å sette sitt personlege preg på konserten.

Vi ynskjer velkomne til ein kyrkjekonsert der folk kan få sette seg ned og nyte vakker musikk i ein hektisk kvardag.
Arrangør er Hjørundfjord sokneråd.